Tre episodar

Av Ivar Aase, II bn.

Bataljonen hadde eit øvingsfelt i Holtenau ved Kiel. Ein gong vart det oppdaga to uniformerte russarar inne på øvingsfeltet. Dei fotograferte og var tydeleg interesserte i kva nordmennene dreiv med. Det vart slege alarm, og folk frå jegertroppen, der eg var med, rykte ut. Men det tok tid før me kom avgarde, og då me kom fram, var det ingen mistenkelege personar å sjå. Det vart sagt at det var russiske spionar, og det var vel rimeleg å tru at det var slik.

Me heldt vakt på ei flystripe, og ei natt fekk soldaten som gjekk vakt brått sjå ein raudrev kom luskande 250-300 meter borte. Med skarpladd gevær på aksla vart freistinga for stor, han sikta og skaut, – og utruleg nok trefte han også. Det var ikkje etter instruksen, soldaten vart refsa og fekk refsinga opplesen på oppstillinga. Det vart ein artig episode, for endå om det var ein refsingsordre, var det mest skryt over det gode skotet!

Dei allierte nasjonane som okkuperte Tyskland, hadde store øvingar saman, og det vart også skipa til idrettstevlingar mellom nasjonane. Eg var med på ei skyttartevling mellom 8 lag frå allierte nasjonar, der også den norske brigaden stilte med eit 8-mannslag. Tevlinga gjekk føre seg i den franske okkupasjonssona. Det norske laget låg svært godt an etter geværskytinga, men maskingeværet fekk forkiling, og dermed rauk vinnarsjansane. Karane hadde att 21 skot som dei ikkje fekk skyta, på grunn av forkilinga, og resultatet vart at nordmennene kom på femteplass.