Transport av forsyningar og personell

Av Per Lødøen, Transportkompaniet

Transportkompaniet i brigade 511, der eg tenestegjorde som sersjant, var stasjonert i Schleswig, saman med sanitetskompaniet i brigaden. Oppgåva vår var å utføra transportoppdrag for alle avdelingane i brigaden, og det vart ofte mange og lange turar kring i heile Vest-Tyskland. Me hadde faste ruter, mellom anna til Danmark og Hamburg etter forsyningar. Den norske brigaden var ein del av den britiske okkupasjonsstyrken i Tyskland, og mykje av det som skulle ut til dei ymse avdelingane henta me frå britiske lager i Hamburg, medan ferskvarer, som mjølk, vart innkjøpt i Danmark. Til Hamburg hadde me ofte fleire turar for veka, så me vart godt kjende der etter kvart.
Til dei store øvingsfelta lenger sør i Tyskland, Sennelager og Lüneburger Heide, frakta transportkompaniet ein god del av personellet frå dei andre avdelingane. Det gjekk på vanlege 3 tonns lastebilar, så det var ingen komfortabel skyss. Me fekk også meir spesielle oppdrag. På ein større manøver saman med andre allierte avdelingar, fekk me til oppgåve å simulera panseravdelingar, og me køyrde gjennom åker og eng som lastebilane skulle vore tanks. Desse bilane var firehjulsdrivne, så dei tok seg fram utanom vegane også.
Dei mange transportoppdraga gjorde at me fekk sjå mykje av landet i dei 6 månadene tenesta i Tyskland varde.


Bombekastartroppen, som hadde jeepar med tilhengarar som førde fram våpena, oppstilt i Kiel for å køyre ut på manøver. (Gerhard Nordvik, St. kp.)

Farlege vegar

Sjølv var eg oppsett med motorsykkel, men på vanlege transportoppdrag var eg oftast med på ein av bilane. Ein del vegar i Nord-Tyskland var brulagde med såkalla Black Cobbles, ein kunstig vegstein som var vanskeleg å køyra på i regnver. Me kom ein gong fem motorsyklistar køyrande etter kvarandre på ein slik gate, med meg som sistemann i gruppa. Ein stad der eit jernbanespor kryssa gata var det litt ujamn vegbane, og der laut alle fire framføre meg i bakken. Det gjekk heldigvis godt med dei. Ein del køyreulukker hadde me elles og, men ingen så alvorlege at nokon miste livet. Mange gonger var det likevel eit under at det gjekk så bra som det gjorde. Å køyra tur – retur til Sennelager var krevjande, serleg køyring i kolonne, som det ofte var. Det er einsformig å sitja og sjå på den same bilen framføre deg og halda den same avstanden i timevis, og det er lett gjort å duppa av for sjåføren. Det kan få alvorlege fylgjer, serleg dersom ein har personell på lasteplanet.

Kontakt med tyskarar

Det var tyske mekanikarar i arbeid på verkstaden vår, men eg hadde lite kontakt med dei. Dette var i 1952, 7 år etter at krigen var slutt, og vilkåra for det tyske folket hadde kome seg mykje. Vårt inntrykk var at tyskarane arbeidde hardt for å få skikk på landet etter dei svære øydeleggjingane krigen hadde ført med seg.
Noko smughandel vart det for oss også. Eg hadde ein draum om å få tak i ein brukt bil i Tyskland, og for å skaffa tyske mark hadde eg samla med meg ein del kaffi som eg ville selja. Kaffi var framleis ei etterspurd vare i Tyskland. Eg fekk ein til å hjelpa meg med salet, og me kom i kontakt med ein tyskar som var interessert i å kjøpa. Eg visste kor mange kilo det var, men tyskaren ville vega kaffien sjølv. Han tok kaffien og skulle gå fyrst inn i ein forretning for å vega pakka, så skulle me koma etter. Men inne stakk han ut ei anna dør, og det var det siste me såg, både av han og kaffien.


Saman med ein kamerat utanfor ein forretning i Kiel.
(Gerhard Nordvik, St. kp.)

Permisjonstur til Italia

På den såkalla tidagarspermisjonen reiste me nokre sersjantar i lag med tog til Italia, og hadde ein fin tur dit. I Roma kom me i prat med ein katolsk prest, som fortalde at ein helgen skulle verta kanonisert i Peterskyrkja. Han spurde om me hadde lyst til å vera med, det hadde me, og fekk billettar hjå han. Det vart ei spesiell og merkeleg oppleving for oss. Fyrst marsjerte sveitsergarden inn til trompetfanfarar, og så kom paven sjølv på ein berestol. Folk kasta ting opp til han, ting som paven velsigna og slepte dei nedatt. Folk kjempa for å få tak i desse tinga som paven hadde velsigna. Det var ei spansk sjukesyster som vart kanonisert.
Seinare var me mellom anna til Capri. Men me vart blakke til slutt, og det var så vidt me hadde pengar til ein svært enkel frukost den siste dagen før me reiste nordover att.