Brigaden – eit vindauge ut mot verda

Av Anders Anderssen, II Bn.

Tysklandsbrigaden representerte i åra 1947-53 eit spesielt, ja, unikt kikhol ut mot resten av verda for mange tusen ungdomar. Denne sida av tenesta synest å vere lite dokumentert i litteratur med bakgrunn i brigade-tida. Kva slags kulturelle impulsar gav dette opphaldet på kontinentet til norske deltakarar – i høve til det dei ville fått ved å tene i kongens klede på heimebane? Eg vil her prøve å peile meg inn på spørsmålsstillinga med utgangspunkt i det bakteppet som brigade-tida utgjorde for meg og for ein del av dei eg var mykje saman med.

Reiseliv anno 1950

I dag er det vanskeleg å sjå føre seg Noreg rundt 1950. Reising utanom nærmaste distriktet var ikkje noko allemannsgode. Ein tur til byen innimellom, anten byen heitte Bergen eller Kristiansand, det var så langt som mange kom. Jau, enkelte 15-åringar reiste nok til sjøs og såg litt av verda som dekksgutar eller byssegutar. Folkeskulen var bakgrunnen. Ein svært liten prosent gjekk vidare til gymnas og universitet. Bygde-Noreg var heilt dominert av primærnæringane, små bygdebyar, eit knippe av einsidige industristader. Og vi var fattige. Om du var så heldig å ha fast jobb i 1950, var 10 000 kr. ei god årsløn.
Men få hadde overskot til å reise. Ein og annan av oss på Sørlandet tok kanskje ein rask tur med Hirtshalsferja og vidare til Aalborg, eller med buss til Strømstad om du var austlending. Masseturismen var ikkje utvikla, langt mindre finansiert. Virtuell reising i form av TV-mediet låg minst eit ti-år fram i tida. Dei som hadde kino i bygda, såg glimt frå verda utanfor på Filmavisa, elles var det aviser og vekeblad. Nesten ingen hadde privatbil. Alle sykla, eller reiste med rutebil, rutebåt, tog eller drosje.

”Til Tyskland med brigaden!”

Dette var ei line i ein populær song i si tid. Lat oss så skru klokka tilbake og ta turen. Det er vinteren 1951. Du er ferdig med rekruttskulen. Etter eit opphald på Vatneleiren utanfor Sandnes har infanteristane blitt stasjonerte på Ulven i Os. Dei gamle brakkene frå 1800-talet er falleferdige. Opptil 16 mann på små rom i små køyer. Innandørs sanitæranlegg er nærmast ukjent. Heile vinteren må du ta kattevask ved kaldtvass-spring under open himmel. Den fysiske treninga er hard. Fritida går med til å prøve å halde varmen rundt ein gloraud omn på brakkeromet.
Så kjem D-dagen. Du blir frakta til Bergen. Etter ein parade med klingande marsjmusikk gjennom sentrum blir du stuva inn i det gamle troppetransportskipet Svalbard. Ei, kanskje to netter seinare, er du på veg inn til Kiel. For mange er eventyret begynt!
Turen går vidare med lastebilar tvers gjennom Schleswig-Holstein – trur eg – til den vesle byen Husum. Vi såg ikkje så mykje frå lasteplanet på 2,5-tonnaren. Endeleg dukkar leiren opp, og vi køyrer gjennom porten til Leicester Barracks. Eit eventyrleg anlegg stig fram. Flotte bygningar i raud murstein rundt ein stor paradeplass med parkanlegg. Farvel Ulven, no er du berre eit miserabelt minne.


Ola soldat kunne få ridetimar på hestar frå eigen stall.
(Anders Andersen, II Bn.)

Livet i leiren

Bataljonen kjem på plass, det nye livet tek til. Innkvartering på skikkelege rom med vask og reine sanitærrom i korridoren. Utandørs symjebasseng. Flott kantine med levande orkester under middagen. Eigen pub. Ridehus med svære hestar. Revelje kvar morgon med vårt eige messingkorps. Dødstrøytte om kvelden – til sengs til klagande tappenstrek av einsleg trompet. Jau Ola Soldat, no er du komen langt heimanfrå! Dette var militærliv med stil, i eit flott kaserne-anlegg som byen og fylket hadde gitt til Hitler like før krigen.
Alt det nye gjev kvardagen spenning og takhøgd. Ingen av oss hadde til denne tid opplevd slike omgjevnader i dagleglivet heime. Luksus er eit nærliggjande ord. Streng disiplin – javisst. Stridt dagsprogram, hard fysisk trening. Men det er mange slags løn for å tilpasse seg. Tankane kunne vandre til dei tyske soldatgenerasjonane som hadde halde til her før oss. Hitler-Tyskland visste nok korleis ein skulle lage ein glorie rundt militærlivet.
Kor mange av den eine eller andre nasjonaliteten kom frå hus med bad og toalett innandørs? Kor mange nordmenn anno 1950 hadde prøvd eit symjebasseng. Eller fått tilbod om ridetimar? Eller fått kveldsmaten til levande musikk? Og etterpå ei vennleg ølstove utan eteplikt?
I den tida var det dessutan svært få med skulegang utover folkeskulen. Nokre få prosent hadde artium. Ein i kompaniet vårt var ferdig utdanna filolog, i eit anna kompani ein sivilingeniør. Begge var unntak. – Sjølv hadde eg engelskartium bak meg, og eit semester på universitetet. Med slik bakgrunn var vi privilegerte utanfor leiren.
Det strengt klassedelte militærsamfunnet var sett i system. Privilega var proporsjonale med talet på vinklar og stjerner. Slik er det i alle militære organisasjonar. Likevel var det kanskje meir synleg her som du var isolert frå sivile tilhøve. For dei aller fleste var dette nok den einaste perioden i livet der ein var ein del av eit fullstendig kollektivt system.
Var dette berre negativt? – Absolutt ikkje. Her fekk du alle slags folk nær inn på livet. Enkelte hadde knapt lært å skrive eller lese skikkeleg. Andre var på veg inn i ein akademisk karriere, då innkallinga dukka opp. Alle måtte trene i same tropp, dele rom og plass ved matbordet, drive eksersis i slutta orden, ligge skulder ved skulder på skytebana. – Slikt ville du ikkje oppleve etter du var dimittert, sjølv i det egalitære og solidariske etterkrigs-Norge.


Servitørane var gode sigarett-kundar. (Anders Andersen, II Bn.)

Soldatøkonomi – eller: katt og musleik med tollpolitiet

Når ein skulle sjå seg om utanfor leirportane på eiga hand kosta det pengar. Kontantløna for soldatar var svært liten. Men vi fekk i tillegg noko som var meir verdifullt. Tildeling av sigarettmerke var eigentleg til eige bruk. I den tida var store, sterke mannfolk huka på tobakk. Motførestellingar og helseomsyn eksisterte ikkje.
Men mange klarte seg godt utan. Dessutan var amerikanske sigarettar for verdifulle til å gå opp i eigen røyk. Vi fylte opp haversekken med kartongar og drog til byen på salstur. Smått og forsiktig til å begynne med. Prisane var gode, men det var også bota for kundane, om dei vart tekne på fersk gjerning av tollpolitiet. Etter vår forståing hadde tollpolitiet ingen jurisdiksjon over alliert militært mannskap.
Trafikken greip om seg. Vi kjøpte sigarettmerke av kameratar i leiren. Så reiste vi til andre forlegningar, f. eks. til Rendsburg, og kjøpte fleire merke. Omsett i kartongar kunne vi utvide geskjeften. Turen gjekk med tog til småbyane i nærleiken, slike som Heide og Friedrichstadt. Den første marken eg fekk i forteneste, var nok til å gå på kyrkjekonsert i Husum. Seinare var fortenesta stor nok til togreise og operabesøk i Hamburg. Ein god kunde i feriebyen St. Peter var bokhandlar. Av han kjøpte eg til gjengjeld diktsamlingar av Goethe og Schiller som eg framleis har glede av.
Tollpolitiet kunne vere plagsamt. Kjøpte vi togbillett t.d. til Heide, kom kanskje sivilkledd politi til luka rett etterpå og fekk billett til same stasjon som ”soldatane”. Så skygde dei oss. Til tider vart det reine katt-og-mus leik av det. Vi kjøpte gjerne billett ein stasjon lenger enn vi skulle for å lure dei.
Ambisjonane voks, og Hamburg lokka. Der var det lettare å stikka seg bort mellom alt uniformskledd personell, som det krydde av. Ein gong stilte vi oss frekt opp utanfor ein større fabrikk på den tida arbeidarane strøymde ut av porten. Kartongar og D-mark skifta raskt eigar, og begge sider var nøgde. Vi var frie til å gå på byen og gjere kva vi ville.
I dag er sigarettar nærmast rekna som narkotika, og slike aktivitetar ville vore svært tvilsame. Men den gongen vart pakkane med Chesterfield og Phillip Morris helst sett på som kontantar. Tvilsam moral? Knappast. Kven var i tilfelle taparane?
Dessutan – vi vanlege mannskap dreiv berre detaljhandel og knapt nok det. Trafikken gjekk nok føre seg i mykje større målestokk mellom dei som hadde stjerner på skulderklaffane og bilar til disposisjon. Ei sann historie vil illustrere påstanden. På eit visst tidspunkt slapp intendanturen opp for pengar til å løne det tyske kantineorkesteret. Då fylte dei ein innelukka jeep med store mengder sigarettar og køyrde til Hamburg. Med fortenesta frå den turen var det meir enn nok pengar, og musikken i kantina fekk klinge vidare.


”En flaske i bytte mot en kartong Camel, frue?” (Anders Andersen, II Bn.)


På perm – med og utan øldrikking og svir

Med litt romsleg økonomi var det greitt å reise bort i helgane. Jernbanen gjekk over alt, og vi var mest aleine på 2. klasse.
Vi hadde høyrt rykte om den fornemme badebyen Westerland på Sylt, og dit gjekk turen fleire gonger. Gode restaurantar og hyggeleg stemning langs dei lange strandpromenadane, der byorkesteret frå Flensburg hadde sommarsesong. – Men vårt mål vart gjerne Abyssinien, ei naturistbadestrand eit stykke unna. Nakenbading var dei fleste av oss vande med, men ikkje i blanda selskap. Elles var dette brigadesoldaten sitt einaste høve til å ”kle seg i sivil”.
Vel så spennande var det å reise sørover mot Hamburg, på marknader og anna moro i småbyar som Heide, Friedrichstadt. I Hamburg kunne vi overnatte på eit slags stort alliert militært kompleks – var namnet Amerika Haus? Store deler av byen låg pulverisert etter alliert teppebombing fram til 1945. Deler av sentrum var lite skadd. Eit av mine reisemål var Staatsoper. Der stod berre scene-delen att. Likevel var institusjonen i drift på provisorisk basis. Eg hugsar med glede ei framsyning av Smetanas ”Bortbytta brud”, den andre gongen i mitt liv eg fekk oppleve musikkteater.
Velferdstenesta tilbaud turar over grensa til Danmark og privat innkvartering hos vennlege familiar. Koseleg nok, og god avveksling frå det engelske kostregulativet. Elles var det eit variert tilbod for langpermen – Alpane, Italia, Austerrike – eller heim. Ei gruppe i kompaniet fekk tur til Salzkammergut utanfor Salzburg. Midt i blinken, eg hadde lenge hatt ønskje om å besøke Mozarts vakre fødeby. Med base i ein liten landsby fekk vi oppleve dette eineståande landskapet som om vi hadde reist på pakketur 30 år seinare. Trachtenfest i Salzburg med bønder frå landsbyane rundt omkring marsjerande i gatene i sin finaste bunadsstas sette ein ekstra spiss på det heile. Synd på dei som hadde valt å reisa heim!

”Ver ikkje redde for å leggje dykk ned, kara ….”

Forutan øvingane i nærområda til Husum reiste vi fleire gonger langt avgarde på store fellesmanøvrar på brigadenivå, f. eks. til Fehmarn ved Austersjøen tidleg på våren. Her hugsar eg best løytnanten frå inst i Sogn som fekk eit poetisk anfall midt i ein ordre om at vi skulle legge oss ned i søla og krabbe fram mot ”fienden”: ”Ver ikkje redde for å leggje dykk ned, kara, da – da e’ vaoren”, skreik han. Då la vi oss ned.
Men den store manøveren gjekk føre seg langt mot sør, i det gamle øvingsområdet Sennelager, godt tilrettelagt for omfattande krigsspel lenge før Hitler. Alle dei allierte okkupasjonsmaktene deltok, til saman 50 000 mann. Med ein leir i skogkanten som base kriga vi om dagen og hadde fri enkelte kveldar og i helga. Det var litt spesielt at vår tjukke pubvert frå Husum-leiren var med. Han hadde sett opp geskjeften i eit telt midt inne i leirområdet, til glede for mange.
Møtet med hovudsakleg profesjonelle soldatar i engelske og andre allierte styrkar kunne by på kultursjokk. Ein gong opplevde våre avdelingar ”åtak” frå engelsk infanteri. Vi låg i våre posisjonar og undra oss over at dei berre kom gåande framover. Vår opplæring gjekk ut på å storme fram i springmarsj. Forklaringa var enkel. Mannskapa var dobbelt så gamle som oss, mange 40-50 år, soldatar av profesjon. Dei mangla rett og slett vår kondisjon.
Men det var meir spennande ting å bruke fritida til. Mange av oss drog på utflukter til den gamle hansabyen Paderborn, til Detmold og Teutoburger Wald. Nettopp her vart romarane stansa i si framrykking nordover av germanske stammar under hovdingen Hermann, eller Arminius, som romarane kalla han. Minnesmerket over denne nasjonalhelten var mistenkeleg likt Fridtjof-statua på Vangsnes, reist av keisar Wilhelm i 1912!

”Wenn jemand eine Reise tut ….”

Kan hende blir minnet selektivt når ein minnest tilbake fleire ti-år på denne måten. Kan hende var det mange i brigaden som heldt seg innanfor portane mykje av fritida, eller fekk lite ut av den tida dei var utanfor leiren. Ja – det var nok mangt og mykje som låg vidt opent for oss som hadde tyskspråkleg kompetanse, bakgrunn i litteratur og kulturhistorie, og gjerne hadde reist ein del utanlands før militærtenesta.
Likevel – når det regnar på den eine dryp det gjerne på andre også. I eit tett kollektivt samfunn som brigade-livet representerte, er det ingen som kan gå rundt og isolere seg sitt tankegods.
Dessutan var heile brigade-opplegget svært opent. Mange av aktivitetane var spreidde over eit stort geografisk område. I alle fall i 1951 vart allierte okkupasjonsstyrkar meir sett på som ei sikring mot Sovjet i aust. Den kalde krigen var eit faktum. Tyskarar flest syntest å ha denne haldninga. Vi var i alle fall ikkje ”fiendar”.
Særleg Syd-Slesvig hadde både kulturelle og språklege band til Danmark. Heile Schleswig-Holstein, med unntak av byar som Kiel og Lübeck, hadde sloppe unna krigen utan dei store øydeleggingane. Og bønder har ein tendens til å drive på med sitt tvers gjennom krig og krisetider. Vi møtte vennlege folk over alt utanom leiren, og få kjende seg truga i nærkontakt med sivile tyskarar. – Med ummtak av tollpolitiet då!
Men sjølv om dette området mellom Hamburg og danskegrensa i mangt og mykje likna på Bygde-Noreg, var det markante kulturelle skilnader. Med dette som bakteppe var det berre naturleg at vi alle var opne for kontakt og inntrykk. Ola frå Noreg var ingen yrkessoldat, og vart motteken deretter mellom sivile tyskarar.


Sju sjåførar på manøver. (Magne Nordeide, Feltartilleriet)


Tysklandsbrigaden – meir enn ein fot-note i norsk kulturhistorie?

Utanom fagmilitære publikasjonar har eg ikkje støytt på særleg mykje litteratur der Tysklandsbrigaden står i fokus. Det er synd. Forsking forankra i sosiologi om mannskapa som tente i Tysklandsbrigaden, kunne gje svært interessante resultat. Kva slags impulsar fekk dei mange titusen brigadesoldatane med seg heim? Kva verknad har det fått seinare på ”veteranane”? Kva har opphaldet i Tyskland hatt å seia for vegval seinare i livet. – Og så vidare. Kan hende var det eit første steg ut av vår tradisjonelle førkrigs-isolasjon i høve til omverda?
Når vil seriøse historikarar gripe fatt i dette materialet? Det hastar, for dei beste kjeldene er vel å finne mellom oss veteranar.