Ola-gutar på Italiatur

Utdrag av brev til Horda Tidend frå Håkon Ringheim, II Bn.

På den første permturen til Danmark, invitert av Foreningen Norden. (Magne Nordeide, Feltartilleriet)


Ein av dei føremonane ein har ved å gjera militærtenesta si i Tyskland, er at ein får reisa nokså billeg. Med dei store moderasjonane på jernbanen er det også mogeleg for mange å dra til Danmark, Sverige, Italia og Frankrike – anten som organisert tur saman med mange andre eller heilt uorganisert. Når ein reiser på sistnemnde måte, må ein sjølvsagt syta for seg sjølv med opphald, men snakkar ein fint med kokkane, kan ein få litt hermetikk med seg, og då vert opphaldet ikkje så reint dyrt heller.

To sogningar og to vossingar

Me var fire mann som ville sleppa sjå sersjantar og offiserar i 10 dagar og vart samde om å reisa uorganisert. Nils og Olav kom på den gode ideen at me skulle ta kvar vår teltduk med oss. Kåre var best inne med kokkane og fekk ei heil pappkasse med proviant frå kjøkkenet, og eg skulle prøva ordna med billettar og visum. Ruta vår gjekk gjennom Tyskland og Sveits til Italia.
– – –
Toget gjekk ikkje lenger enn til Milano. Me streva med å finna toget til Rom. Eg spurde på tysk, men det forstod dei ikkje. Men litt engelsk kunne dei; og no laut Nils og Kåre – engelskspesialistane – overta pratinga. Toget fann me, men det var fullt, ikkje norsk fullt, men italiensk. Det var stappa i kupeane, i gangane stod det tett, og i romet mellom vognene, og endå til på stigbrettet prøvde dei siste seg. Etter at me hadde gjort bruk av vår militære dugleik i åling, kryping og forsering av hinder, var me til slutt komne inn i ein gang, og der sat, stod og låg me dei ti timane til Rom. I den bekmørke natta kunne me heller ikkje trøyta tida med å sjå ut. Men soldatar kan som kjent stå og sova.


På permisjonstur med sykkel i Danmark.
(Magne Nordeide, Feltartilleriet)

Rom

Dei tre dagane i Rom hadde me nesten ikkje tid til å eta eller sova. Det galdt om å få med seg så mykje som mogeleg. Colosseum bruka me kveldsljoset på, men byggverket imponerte oss like mykje for det. Eg skritta opp tjukna på murane og kom til 16 meter. St. Peterskyrkja bruka me ein heil føremiddag på – og endå var det i minste laget til å få med all den storfelte kunsten der.
Overalt skulle folk selja eit eller anna, og så fekk me prøva prutekunsten vår. Forlanga dei 4000 lire for eit suvenir, kunne ein rekna med å få det ned i 1000. Og så var det historia med han Nils: Det var ein gategut som kravde 10000 lire for ein fyllepenn. Nils baud 50 for å få han vekk, men han hekk på som kleggen: ”Pay me fifty lire,” ropa han til slutt, og Nils drog opp ein 50-lirelapp og gav han. Guten tok imot, og skruva av ei skrue på fyllepennen for å seia at det var betaling berre for den. Men me vart kvitt han sidan.

Capri

Så gjekk turen lenger sørover. Napoli var den skumlaste byen me såg på turen, og der krydde det av ”lause fuglar” på gata som alle energisk pågåande freista å fortelja oss at me var nokre dumme toskar som let ein så strålande sjanse til å gjera røvarkjøp gå forbi oss.
Nok om det, me kom til Pompei og rusla rundt der og såg korleis stormennene i det gamle Romarriket hadde levt. Inne i folkebadet ligg tre forsteina lik. Det eine med eit andlet forvrengt av redsle. Det fortel nokså mykje om ulukka Vesuv valda, tykkjer eg.
På båten over til Capri var me fine og reiste på fyrste klasse. Men no skal eg seia det var internasjonalt, og eg tykte at vossamålet og sognamålet klang fint saman med spansk og italiensk. Kelneren om bord kunne visst nokre gloser på alle språk, og då eg forlanga på tysk, sa han på godt norsk: ”Skal dere bli lenge på Capri?”
Det var ikkje godt om teltplass på øya, men til sist fann me oss plass oppe i ruinane av det gamle badeslotte til keisar Tiberius. Fem herlege solfylte dagar hadde me på Capri, låg på ryggen og flaut i Middelhavet og fekk salt i håret, i augo, i nasen og i munnen. Ei italiensk jente som heitte Gioia laga spaghetti til oss og lærde oss den vanskelege kunsten å tvinna han rett på gaffelen og få han i oss.
Den blå grotta var me og såg, og sjøen der hadde ein reint forunderleg blåfarge som er uråd å skildra, men som me sikkert aldri vil gløyma.

Venedig

På tilbakevegen for me over den fruktbare Posletta og såg litt av italiensk jordbruk, men det vart me ikkje imponerte av. Der gjekk dei og rota i jorda med gamle ardplogar som oksar drog. Hestar såg me lite av, men esel var det over alt. Frå toget såg eg det raraste spannet eg noko tid har sett, og eg irer så ilt på at ikkje fotoapparatet var klart: det var ein hest, eit esel og ei kyr som drog eit slags harv, og framover gjekk det.
I Venedig låg me på ungdomsherberget, då einaste teltplassen ville vore i ein av kanalane. Me tok ”trikken” (ein kanalmotorbåt) fram. Der råka me to norske jenter som var med oss ut og såg på byen dagen etter. Drosjebilane i byen var elvebåtar (gondolar) som vart rodde med berre ei åre. Her fekk me dei billegaste druene og ferskenane på heile turen, og me åt i store mengder av dei.

Heimtur

Dei to norske jentene, Kari og Kari, fylgde oss på stasjonen og vinka til oss. Me laut byta tog i Verona. Der skremde Kåre og Nils livet av ein gamal stakkar med å kjøpa ei 8 – åtte – kg. melon utan å pruta på prisen. Gjennom Austerrike gjekk det tog berre om natta, så der fekk me ingen ting sjå. Men me vart tyrste, så no kom melonen godt med. Reisa gjekk fort. Og så kom me attende til ”I hånden gevær!” og ”Helt om marsj!” og det som verre var: Reveljen kl. 0600.

Ofte vart det lite svevn. Meir sjeldan er det at ein vert avfotografert i sovande stilling med sitt eige kamera. (Sjå futteralet på brystet.) (Anders Stalheim, Feltartilleriet)

Hinderløp i nærleiken av leiren i Flensburg. Desse løpa var tøffe, og sette store krav til både kondisjon og mot. (Anders Stalheim, Feltartilleriet)