Til fyrstegongsteneste i Tysklandsbrigaden

Av Alfred Espe, II Bn.

Å koma så nær innpå det krigsruinerte Tyskland i næraste åri etter den store freden i 1945 , står nok i dag for det mest spennande med å ha vore mellom Tysklandsfararane. Alternativet til eit opphald i Tyskland, var helst eit like langt opphald nær den nordlege grensa i vårt eige land. Og sidan det her var tale om fredstid, så høyrdest nok eit Tysklands-opphald vel så spennande for dei aller fleste. I same lei drog sikkert og all den positive omtalen denne tenesta hadde fått av tidlegare brigadistar.

På Ulven hausten 1950

Dette var den hausten då verda heldt pusten fordi Korea-krigen hadde teke ei alvorleg vending ved at Kina også blanda seg inn i striden. Og denne hausten var det me hadde vorte kalla inn til fyrstegongsteneste. Me visste tidleg at me var tiltenkte å gjera teneste i Tysklandsbrigaden. Ja, det måtte vel vera slik? Så langt var det i alle fall greitt for oss. Den gongen var militærnekting bortimot ukjent for dei fleste, og ”alternativ militærteneste” var den gongen enno ikkje oppfunne.
Det var utruleg lite av dagsnyttinformasjon i brakkeleiren på Ulven. Diskusjonar om stoda i verda hadde liten plass på dagsordenen vår. Inntrykket var at befal og offiserar visste like lite som me andre. Og for somme kunne kanskje ein slik situasjon nyttast ut i strevet med å prøva å få soldatar av oss. Var me ikkje alt i ferd med å bli avstumpa frå det sivile livet berre etter nokre få veker? Også permisjonsreiser laut me sjå langt etter, den hausten. For ein del av mannskapet, dei som budde over ei dagsreis frå Ulven, var det i grunnen berre julehelgi å sjå fram til.
I månadsskiftet november-desember kom også dei avdelingane som var i Vatne-leiren og slutta seg til resten av bataljonen. Dermed vart det endå trongare i brakkene på Ulven. Me budde i 16-mannsrom i dei aller eldste og gisnaste brakkene der oppe. Det eg hugsar best, er den sure lukti av halv-våte klede i overfylte brakkerom.
Midt i alt dette kom og det største av alle vonbrot under tida på Ulven: Inndraging av jule- og nyttårspermisjonane for 95 prosent av innkalla militærpersonell! Så vart det julehelg i den overfylte Ulven-leiren for om lag heile bataljonen. Litt ekstra oppdekning vart det vel for oss – også når det galdt underhald. Eg hugsar i alle fall at det var juletre i kantina og i matsalen. Til trøyst for alle som ikkje fekk perm, eller som ikkje nådde heim på vanleg helgeperm, vart det ein 5-dagasr permisjon på nyåret. For fleire av oss som budde i ein avkrok langt inne i Sognefjorden, gjekk forresten minst 4 av dei 5 dagane med til reiser!
Men også frå mørketidi på Ulven har det festa seg eit par små glimt i minnet: Ein av dei fyrste gongene me hadde leirvakt, dreia det meste seg om at brigadesjefen var ventande til Ulven. Det meste av kviletidi til vaktmannskapet gjekk med til drill om det som måtte gjerast når obersten kom til hovudporten. Vaktposten vart drilla i å ropa ”I gevær!” og dei andre i å koma seg fort på oppstilling. Til slutt tykte vel vaktkommandøren at det meste var under kontroll, og stemningi var avslappa då eg i kveldingi stod på min eigen post i den andre porten. Gjennom denne porten gjekk det ein snarveg frå busshaldeplassen og rett opp til offisers-parnasset oppe på haugen. Då såg eg det steig ein offiser av bussen og kom oppover bakken mot meg, og skjøna at det var det før omtala obersten som me hadde venta på i timevis. Brått dreiv føtene unna mannen på den såpeglatte svellkula, han gjorde eit perfekt rundkast og stod der på hendene og tåspissane! Eg vart impnert av den middelaldrande offiseren, for han var snøgt på føtene att. Eg tok sats og presenterte gevær så godt eg hadde lært det. Obersten helsa attende, før han gjekk bakvegen, så å seia, inn i leiren. Eg kunne i alle fall innbilla meg at eg var den fyrste meinige mann i bataljonen som obersten hadde helsa på.
Eit anna lite minneglimt frå Ulven, er mitt fyrste møte med trehundremeteren på skytebana. Den fyrste skyteopplæringi vår – med nokre prøveskot på hundremeteren – gav truleg ikkje det rette inntrykket av skytingi vår. I alle fall stod eg att med fattige 22 poeng av 50 oppnåelege etter dei to fyrst seriane på prøva til skyttarmerket. Det innebar at eg måtte ha minst 23 på den siste serien for å få merket. Det var ei såkalla hurtig-serie med utgangspunkt i ståande stilling med geværet sikra. Eg må ha starta i rekordfart, for eg var ferdig lenge frå dei tilmålte sekundane var ute, og sette geværpipa opp i lufti. Men ein vaken skytekontrollør hadde sett at eg hadde berre fått ut fire av dei fem skoti. Etter ein salomonisk dom, og før skivene vart ”anviste”, skulle eg få ein ny sjanse med det siste skotet: ”Fem sekundar – frå no av – ved foten, sikra gevær, ned i ligg og brenn av,” var kommandoen. Det rare var at eg tykte eg vart liggjande ei heil æve og venta på ordet ”stans!” etter at skotet var avfyrt og eg sjølv komen ned på bakken, med børspipa peikande mot himmelen. Dette Stomperud-nummeret mitt førde til ein spontan lattersalve frå heile flokken som stod og såg på. Og den elles så alvorlege kompanisjefen vår hugsar eg enno, korleis han slepte gapskratten laus under anvisingi, for der kom det opp 24 poeng – og slumpeskyttar nummer 1 hadde greitt skyttarmerket!
Skarpskyting burde vel hatt eit kapittel for seg sjølv når det galdt tenesta i Tyskland. Me hadde ei kjensle av at me fråtsa i skarp ammunisjon. Dei sa det kom seg av store restlager etter krigen, og at det berre galdt å gjera ende på så mykje som råd var av dette i den tida me var inne. Om det starta alt i siste tidi me enno var på Ulven, skal vera usagt. Men ein bekmørk vinterkveld hadde me fått alle 6 mitraljøsene våre i stilling på austsida av Ulvenvatnet. Ein god del patronbelte hadde me fiksa til med sporlys-patroner. Etter instruksen skulle det visstnok ha vore femte-kvar patron i bandet, men sidan me hadde fått utlevert bra mykje av desse patronene, brukte me opptil annankvar patron med sporlys. For denne kvelden skulle det vera demonstrasjon av støttevåpni si eldkraft – framføre ein heil bataljon som stod oppstilt på Ulvensletta! Lenge etterpå gjekk det ord om det fantastiske fyrverkeriet som deler av støttekompaniet stelte i stand. Eg hugsar det luftavkjølte Browning-våpenet vårt vart fullautomatisk av heten så det stod der fastlåst og berre skaut av seg sjølv - -

Innføring i orden og disiplin

Opplæringi til militær orden og disiplin treng vel og eit par ord. Men dei som skulle drilla oss i dette den gongen, fekk mykje gratis-hjelp nettopp denne hausten og vinteren, både av verdssituasjonen og av vårt sure vestnorske vinterklima. Ein av dei gongene me hadde kryping og åling under framrykking i spreidd orden, skulle me i alle fall læra at det ikkje alltid er lønsamt å prøva å omgå dei verste og skitnaste våthølane – i alle fall ikkje når tøffe offiserar med ei fortid som ”grøne djevlar” frå siste krigen stod og inspiserte det heile! Den straffe-eksersisen me fekk, vart ”låg åling” gjennom den store skitmyri ved sida av Ulven-vatnet, utan kledebyte etterpå.
Ein av oss som hadde ei merkeleg evne til å koma opp i små-komiske episodar, hadde til slutt lukka med seg og vart førebels dimittert frå ei militærteneste han stadig gav uttrykk for at han mislikte. Indirekte og utan skuld kunne han nok ofte koma i fokus for for dei daglege småhendingane i avdelinga vår. Truleg må det vera difor han vart ”dimma”, for mannen hadde aldri vore i kakebu, og den fysiske forma hans burde heller ikkje gje grunn til fritak. Mellom anna hugsar eg ein dag med ”framrykking i terreng langs veg og med rask veksling av fortropp”. Dette bar i seg mange beinharde rykk i springmarsj framover i avdelinga. Då var det at vedkomande rekrutt – med si kraftige bringe – sprengde alle kryssreimane på webb-utstyret sitt, det rauk som snelletråd! Og dermed fekk han stridssekken sin dinglande nede bakom knehasane på resten av denne beinharde treningsøkti, som nådde frå Ulven til ein stad utmed Hagavik!
Vel, alle originalane fekk dei nok ikkje over i eit anna miljø, endå om mykje kunne sjå ut som ei medviten satsing for å uniformera den såkalla norske rekrutten. Sume fekk byta miljø også etter rekruttskule-tidi på Ulven. Ein eller to vart sende heim frå Tyskland for å tena resten av tidi ved brigaden i Nord-Noreg. Ofte var det vel det tyske ølet ei bakanforliggjande årsak til brot på ymse føresegner. Til slutt om militær orden og disiplin: Har det nokon gong i etterkrigstidi vore så lite brot på militære føresegner om orden og disiplin som det var i desse fyrste fredsåri etter andre verdskrigen? Stort sett alle såg det som ei samvitsplikt å gjera militærteneste, få hadde kjennskap til at samvitet kunne gje høve til å nekta å bera våpen når Noregs forsvar trong det.
Under orden og disiplin høyrer vel nærast også det informasjonsprogrammet som alle tysklandsfararar skulle ha med seg som ei moralsk nistepakke, og som var knytt til skrekkfilmar om fæle kjønnssjukdomar og kor smittsame desse sjukdomane var. Denne informasjonen var utan tvil svært så effektiv. Informantane såg sikkert kvinne-overskotet i den tids Tyskland som ein potensiell fare. Problemet var sikkert ikkje større der enn andre stader. Var det noko som karakteriserte det tyske folket, så var det eit stolt lynne og ein sterk arbeidsmoral i eit beinhardt atterreisingsarbeid, som på den tida gjekk for fullt, med hardt fysisk arbeid og med lite av tekniske hjelpemidlar.

Frå Ulven til Husum

Utover vinteren fekk me litt om senn betre greie på korleis planane vart for tenesta etter rekruttskulen på Ulven. At me høyrde til i Tysklandsbrigaden, hadde vore klårt lenge. Dei fleste såg fram til eit opphald i Tyskland, for alle var leie av vestlandsveret og dei overfylte brakkene på Ulven. Eit signal om at noko var i gjære, var all paradetreningi og drill-eksisen i samla tropp no framover – og sjølvsagt all innetenesta med puss og inspeksjon. Ein parade i Bergen før me skulle innlastast på troppetransportskipet ”Svalbard” var såleis godt førebudd.
Ein søndag midt i mars vart me så innlasta på Dokkeskjærskaien i Bergen. Og snart hadde avdelingane funne fram til sine plassar. Det meste av kompaniet vårt hamna i ein stor lugar med oppspikra køyplassar tett i tett, i tre eller fire høgder. Sjølv fekk eg ein kassekøy heilt under taket, og hugsar at eg trudde køya ville halda meg på plass også i sovande tilstand om ikkje sjøgangen vart altfor sterk. Programmet fram til kveldingi dreia seg mest om ein båtmanøver me kom til å få etter at me vel var ute i rom sjø – kanskje ute i Skagerak ein stad. Eg hugsar at alarmen gjekk, og at alt gjekk i nokolunde god fart heilt til me stod ved livbåtane med på-sela livbelte og nokolunde fullt påkledde.
Neste gong eg vakna, kjende eg at båten huska og vogga på seg, og at eg var nokså kvalm av den dårlege innelufta som det var forferdeleg å pusta i. Eg kom meg ut så fort eg kunne, og fekk frisk og god sjøluft imot meg. Etter å ha maula i meg ein skipskavring som eg fekk hjå ein av dei faste kjøkken-karane i kompaniet vårt, var eg i fin form. Veret var så fint som det kunne vera, og på resten av turen heldt eg meg oppe og ute. Fleire og fleire av dei andre gjorde det same, me stod der og såg på det flate landskapet på begge sider av skipsleia, der det omsider var danske øyar på begge sider. Litt etter litt nærma me oss Flensburg, der me skulle gå i land. Etter eit par timars biltur på militære lastebilar gjennom eit flatt landskap med høge jordvollar mellom gardstun med raude pannesteinstak på alle hus, svinga bilkolonnen inn i Husum-leiren.
Du store mi tid! Her var det andre hus enn dei me hadde på Ulven! Til liks med andre kompani, fekk også støttekompaniet ei kaserne for seg sjølv, der kvar 4-manns gruppe fekk om lag like mykje husrom som det var i eit 16-manns rom på Ulven. Romi hadde fint oppussa murvegger og parkett-flis på alle golv innanfor dei svære gangane.


Her går Ulven-kontingenten av 2. bataljon, brigade 511 om bord i ”Svalbard” i Bergen i mars 1951. (Alfred Espe, II Bn.)


Husum-leiren (Leicester Barracks)

Denne garnisonen, med nye, moderne kaserner frå 1930-talet, låg like utanfor ein koseleg småby på Nordsjø-kysten, med småhus i hanseatisk friserstil. Det trongst ikkje gater for biltrafikk den gongen byen vart grunnlagd, og slike gater fanst då heller ikkje i Husum. Byen hadde stort sett berre ei gate, ho var brulagd med forretningar og andre småhus på begge sider. Hamneområdet låg i eit marskland, der dei enno heldt på å vinna inn nytt land frå Nordsjøen. ”Die alte Frau”, som etter segni ein gong berga folket i byen frå havbølgjene – ved at ho sette eld på huset sitt, hadde fått si store statue midt på torget i byen. Statuen var byen sin turistattraksjon.
Husum var som tyske garnisonsbyar flest, her vanta militært øvingsområde i nærmiljøet. Rett nok fanst det eit mindre område litt nord for byen, men alle litt større øvingar måtte haldast lenger sør i landet. Om øvingsfelti for skarpskyting og store feltøvingar låg i god avstand frå garnisonen, så var dei dess meir imponerande. Det var tydeleg at alt til militære føremål hadde vorte planlagt og bygt av profesjonelle krefter. Leiren vår i Husum hadde vorte spart frå øydeleggjingar under krigen. Det hadde ikkje Hamburg-Altona og Hannover, eit par ruinbyar som me måtte reisa gjennom kvar gong me skulle til Sennelager eller andre øvingsfelt sør for Hannover. Noko me alltid vil hugsa, er toglinene som var rydda og opprusta gjennom svære ruinhaugar av brend teglstein. På enkle lastevogner for me lange strekningar med våre eigne køyretøy, som var opplasta på same toget.

Øvingsopphald utanom leiren

Den fyrste feltøvinga vår fekk me alt i april-mai, fyrst med skarpskyting i avdelingsforband på Putlos. For støttevåpen, som me var oppsette med, fanst det den gongen berre skarp ammunisjon. Dette kunne i visse tilfelle gjera øvingane meir realistiske enn vel var. Eit par av dei nifsaste opplevingane me hadde under heile Tysklandsopphaldet, hadde me i desse dagane på Putlos. Mellom anna får eg aldri frå meg ei hending ein dag me låg og skulle dekka eigne avdelingar som skulle storma ein svær morenerygg. Med to mitraljøser skulle me gje flankedekning, og såg kulenedslagi i 6-7 hundre meters avstand nokre meter framfor våre eigne folk som storma fram. På ein eller annan måte må kommunikasjonen ha svikta mellom observasjonsposten og han som skulle gje stoppsignalet til karen med ansvaret for våpenavtrekkaren. Ein spontan reaksjon hos dei to skyttarane gjorde at dei bråstogga i same augneblinken – og like før eit lag av våre eige der framme var i ferd med å storma inn i kuleregnet!
Ein annan dag der nede var det vognføraren vår som under framrykking fekk til oppgåve å stupa beltevogni rett ned i eit kjempesvært granathol. Me som sat oppi, fekk meir enn nok med å klamra oss fast for å bli med. Eg hugsar enno at beltevognsjåføren stod og skalv i kleda sine etter den hendingi.
Det som heldt på og gjekk opp for oss alt på denne fyrste manøveren, var at me ferdast i eit grenseland mellom militærfilosofien sin blinde lydnad og det medvitne ansvar som var lagt på kvar enkelt av oss. Det er kanskje ikkje så rart at denne fyrste utferdi der nede var mellom dei som det sit mest att av i minnet.


17. mai-tog i Husum i 1951, med nokre av borna til befalet som gjorde teneste i bataljonen. (Magne Saue, II Bn.)


Sørover frå Schleswig-Holstein og inntrykk derifrå

Det var jernbanenettet som stod for mest all samferdsle i det raserte Tyskland på den tid. Motorkøyretøy på vegane var enno svært sjeldan å sjå. Kanskje fanst det ei og anna bussrute utanom toglinene sine område. Sivile lastebilar fanst det knapt på vegane, så det meste me såg av motoriserte køyretøy, høyrde til i våre eigne militære avdelingar. Hovudinntrykket var at det gamle, velutbygde jernbanenettet tidleg hadde fått fyrste prioritet etter krigen.
Våre eigne forflyttingar til øvingsfelti lenger sør gjekk alltid med togvogner. Frå desse vognene hadde me godt utsyn over det flate landskapet så langt auga kunne sjå. Men av og til for me gjennom svære ruinhaugar av brend teglstein. Den verste byen me såg på den måten, var nok Hamburg. Men også Hannover såg me hadde vore ein storby ein gong – før byen enda opp som eit like stort bombemål. Her såg me elles einskilde merke på opprydding og atterreising: Arbeidslag med hakker, spadar og trillebårer, inne mellom all teglsteinen. Mest uvant for oss var vel at så mange av desse arbeidarane var kvinner. Eit anna vanleg syn i desse steinhaugane var forresten alle bølgjeblekk-tekte, primitive hytter og skur som stod der. Straumen austanfrå av ”displaced persons” eller flyktningar som me ville sagt, gjorde nok sitt til at inntrykket av etterkrigs-slum heldt seg lenger her enn det elles ville gjort.
Det såg ut til å vera stor mangel på motoriserte tekniske hjelpemiddel, like eins på mannleg arbeidskraft. Vareutvalet i butikkane såg ut til å vera best – etter vår målestokk – når det var tale om fintekniske industrivarer som fotoutstyr, urmakarvarer og liknande. Nettopp slike varer la utan tvil grunnlag for ein viss handel med oss, ”turistane”, der nede. Visst var det valutavanskar for oss og, – og med ei dagløn på ei og ei halv krone vart det helst eit langsiktig mål å kunna spara til eit Zeiss-ikon fotoapparat. Men det var likevel ikkje så få slike som kom heimatt med soldatane som var i teneste i Tyskland desse åri. Bytevarer frå vår side var helst sigarettar som me løyvde av eigen kvote. Dei strenge reglane for innveksling av tysk valuta stengde nok Ola soldat effektivt ute som kjøpesterk gruppe i dei fyrste etterkrigsåri.

Øvingsfeltet Sennelager

Fyrste opphaldet vårt der var i mai, og programmet var meir skarpskyting og våpendrill. Her var det plass til øving i større forband, som det heitte. Dei utbygde militære anlegga var imponerande, og såg ut til å ha kome gjennom krigen utan større skadar. Ein viktig del av treningi vår var den mekaniske drillen i å plukka sund og setja saman att alle våre utleverte våpen. Det fyrste møtet vårt med morenebeltet av grus og sandjord sør for Hannover, fekk me alt i mai. Men våre minne for resten av livet når det galdt å bruka den vesle feltspaden vår til å grava våpenstillingar i dette jordsmonnet, fekk me nok under juni-opphaldet – for ikkje å snakka om brigademanøveren i juli. I fyrste sommarvarmen, alt i juni, vart dei daglege dosane av storkna sveitte i blanding med sand over alt på kroppen gjennom to eller tre veker, ein god grunn til å lengta etter ein skikkeleg dusj!
Den daglege skytingi med skarp ammunisjon for alle støttevåpen førde m. a. til store dungar av tomhylser der mitraljøsene var i bruk. Dett gjorde at me snart fekk vitjing av sivilistar utanfrå, slike som me forstod var flyktningar eller ”displaced persons”. Det var helst kvinner, som regel to - tre i fylgje, som leita etter messingskrot på øvingsfelti våre. Det hende dei var både frekke og uredde – kanskje meir vane til å vera i livsfåre enn folk me sjølve kjende frå våre miljø. Dei kunne plukka glovarme messinghylser rett or fanget på oss, ja, heilt på innsida av buksa om det trongst! Uventa kunne dei dukka opp, og utruleg fingerferdige kunne dei vera i dette arbeidet. Ikkje minst for tryggleiken sin del vart det innskjerpa at me skulle samla inn tomhylsene sjølve. På fleire måtar levde desse folki fårleg på skytefelta våre. Små åkrar av nepe eller sukkerroe kunne me såleis finna langt inne på øvingsområdi.
Ein rest frå farne dagar var det store observasjonstårnet inne på øvingsområdet. Dei sa det var bygt for at dei høge herrane, med Hitler sjølv i brodden, skulle kunna følgja øvingane på nært hald. Eit liknande minne var dei sundskotne restane etter jaktslottet til Gøring, som låg i utkanten av området.
I juli hadde me den vanlege brigademanøveren, som vara i tre veker. Kort fortalt, så hadde me mot oss ein engelsk feltbrigade. Etter det me hadde høyrt, skulle dette vera siste øvingi deira, før turen gjekk til ny teneste i Korea. Minnestoff som kunne vera for mykje farga av militær-taktisk informasjon, får eg lata liggja. Hit høyrer vel også soga om ”drepelaget” til ein av kompanisjefane i andre bataljon. Dei to tungt væpna mitraljøselagi sin retrett på ein sinnrik sikk-sakk passasje gjennom eit plantefelt av gran, vart svært så spennande, sidan dei hadde eit lag med lettbeinte engelske infanteristar i hælane. Forfølgjarane hamna fleire gonger oppå kvarandre i granskogen like før dei hadde kloi fast i siste mitraljøsemann med ein tjue kilo tung trefot i handi! Siste gongen var det stridsdommarane som berga rømlingane frå å bli tekne til fangar. Dess Nato-offiserane hadde nok sette heile episoden, heilt frå infanteristane kom over sletta, retta mot dei to mitraljøsene sin krysseld-stilling framfor skogkanten. No vart ”fiendane” dømde ut av kamp, og kompanisjefen vår hadde på sett og vis vunne ein dobbelsiger. Men eg trur at det var berre den realistiske øvingi som gjorde at me berga oss med å springa over evne.
Den andre gongen stridsdomarane dømde i vår favør, var etter ein inspeksjon dei hadde hatt av ein uinntakeleg mitraljøsestilling på ein liten bakketopp i området vårt, ei stilling med ein retrettveg som var graven i sikksakk bakover mot kvilestillinga. Desse domarane var høgare Nato-offiserar som var der som observatørar. Det var nok det som gjorde den elles så alvorlege kompanisjefen blidare enn me nokon gong hadde sett han, då han dukka opp der i kveldingi. Han sa ikkje eit ord, men det var lett å sjå at mannen hadde fått mykje ros på eit relativt høgt nivå!
Det er vel slik med oss alle at me hugsar best slike episodar som eg her har funne fram att i minnet. Episodar med eit anna forteikn har lettare for å verta gløymde. Ei syrgjeleg hending førde elles til at manøveren vart avslutta ein dag eller to før planen. Dei sa at ei engelsk infanteri-stilling hadde vorte overkøyrd av ei stor panservogn, og at gevær-folka i stillinga hadde vorte drepne. Dermed fekk me høve til å dusja i ei kaserne der nede, og resten av tidi kunne nyttast til ei borgarplikt me no hadde fått ved 21 års alder: Me hadde lov til å vera med i offentleg val for fyrste gong, og fekk høve til førehandsrøysting i ei kaserne i Sennelager.


Juli-manøveren 1951 er over og Sørensen tek skjegget. (Alfred Espe, II Bn.)


På permisjon

Det vart ikkje så mange permisjonsturar for soldatane i det fyrste ti-året etter den andre verdskrigen. Som eit vennskapstilbod fra dansk side skulle alle norske brigadesoldatar få tilbod om eit weekend-opphald i Danmark. Det var svært populært. Vår busslast skulle til Kolding - med skifte av buss ved riksgrensa. Eit hyggeleg minne var ei barneskule-klasse på denne grensestasjonen, som på eit par minuttars varsel saman med lærarinna hadde stilt opp for å syngja ”Norge i rødt, hvitt og blått”. Seinare har me lurt på kva for eit norsk jentekor dette var. Dei to dagane i Kolding var ugløymande. Me var to tropps-kameratar som budde hos ein velståande apotekarfamilie i eit villastrøk like utanfor denne byen. Ein tur over til Fredricia med krigskyrkjegarden etter slaget ved Dybbøl i 1864, etterlet seg i alle fall militærhistoriske minne. No var heile området fyrst og fremst ein fredeleg idyll.
Viktigaste ”mellomstasjonen” under heile fyrstegongstenesta var for oss tidagars-permisjonen. Ein del av oss, som hadde gått glipp av både juleperm, nyttårsperm og den såkalla 5 dagars kompensasjonen, hadde samrådt oss om å søkja heimreisepermisjon også denne gongen. Me fekk avslag, grunna ”konsekvenser”, etter som det vart sagt. Så vart det å setja opp ønskjeliste mellom fleire tilbod, mellom anna i Austerrike. Slik kom ein gjeng av oss til å hamna i den småkoselege landsbyen Ehrwald i Tyrol. Dette uforgløymande opphaldet kom me aldri til å angra på. Sidan dette var fast permisjonsstad for dei engelske avdelingane i Tyskland, var det fleire tilbod me kunne nyta godt av. Mellom anna var der kantine med utlån og syklar og liknande. I tillegg kom alle vanlege tilbod me hadde som sivile turistar. Me budde på små, private pensjonat, noko det såg ut til å vera i mest alle hus der nede.
Siste månaden vår i Tyskland var mindre hendingsrik. Ein gong i slutten av oktober var gamle ”Svalbard” på veg frå Flensburg til Stavanger med same mannskapet som båten frakta nedover i mars. Me som skulle ”dimmast” på Bergenhus, fekk Fylkesbåtane sin gamle ”Nordfjord I” på siste etappen – opp til Bergen.


Frå ein av dei store manøverane på Lüneburgerheden. (Otto Berg, Feltartilleriet)