Heimreis og parademarsj

Norvald Sundheim (før Sandvik), Ingeniørkompaniet

Vi reiste frå Kiel i midten av april månad, med troppetransportskipet ”Svalbard”. Vi var om lag 900 mann om bord, så det var trongt om plassen, og dei fleste var i tillegg sjøsjuke, for vi hadde fullstorm oppover. I lugarane var det tre køyar over kvarandre, det var posar som vi skulle ha til å spy i, men det var ikkje alle som trefte posane, så ein kan tenkje seg korleis det såg ut. Det laut spylast etterpå. Eg for min del klarte meg bra og vart ikkje sjuk. Eg gjekk og spaserte ute i gangane for eg greidde ikkje å vera der dei som var sjuke var. Eg åt godt, så det gjekk rimeleg bra, sjølv om det ikkje vart noko særleg med søvn.
Då vi kom oppover til Oslo i 10.00 – 10.30 tida, skulle vi marsjere opp Karl Johan til slottet og paradere for Kong Haakon. Det var issvullar i vegen og ikkje strødd, så det var vanskeleg å marsjere. Vi heldt oss så nokonlunde på føtene, men vi såg vel ut som vi var fulle, sume av oss. Sjøsjuka hang også i hjå dei fleste, det var vel berre 40-50 stykke som hadde ete frukost, så det lyt ta sin del av skulda.
Det var mykje folk som stod langs gata og såg på oss, det brukte å vera oppslag om at det skulle vere parade, og det var fast regel at det var ingeniørkompaniet som paraderte. Då vi var komne opp til slottet, heldt Kong Haakon tale for oss på dansk, og etterpå marsjerte vi ned att til Akershus festning. Vi reiste deretter med tog til Hønefoss, der vi vart dimitterte.

Den siste delen av tenestetida i Tyskland var prega av spenning. Det var på den tid at krigen i Korea braut ut, og det vart ei auka spenning mellom dei allierte i Vest-Tyskland og Warszawapaktlanda i Aust-Europa. Grunna denne spenninga vart opphaldet i Tyskland forlenga med ca. ein månad for brigaden. Dett vart gjort fordi det skulle vera personell med erfaring i fall det skulle bryte ut ein konflikt på tysk område.
Det var med store forventningar og spenning at me reiste til Tyskland. Opphaldet var lærerikt på mange måtar, og ein set att med mange positive minne som ein ikkje ville vore forutan.