Russisk massegrav

Victor Steinsland, II bn.

Russisk gravminne ved Sennelager. (Victor Steinsland, II Bn.)


Under ei øving på øvingsfeltet i Sennelager skulle vi ha småkampar mot dei britiske styrkane som var der nede. Seint ein kveld fekk eg og to andre karar ordre om å laga til ei maskingeværstilling, og å kome oss framover. Vi kleiv over nokre kjettinggjerde, eller kva det no var, og såg brått ein stor ting som stod rett opp i lufta. Det var mørkt, så vi kunne ikkje sjå skikkeleg, og vi fann ikkje ut kva det var. Vi begynte å grave maskingeværstillinga, og vi syntest det var enkelt og lett og grava seg ned der. Vi lurte svært på kva det store ”fælsenet” som stod ved sida av oss var, medan vi grov ferdige stillingane våre. Brått høyrde vi nokre klemt frå kyrkjeklokkene nede i landsbyen. Vi syntest det var noko uhyggjeleg med det same. Det vart også sendt opp raude eller grøne ljos, eg kan ikkje no hugsa kva farge det var.
Då det vart ljost om morgonen, såg vi kva ”fælsenet” ved sida av oss var. Det var ei stor trekanta russisk minnestøtte, med tre stjerner. På kvar side var det inngravert tekst, på tysk, engelsk og russisk, eit språk på kvar side. Vi skvatt til då vi såg kva vi hadde grave oss ned i, det var ei grav der det låg 38 000 russiske krigsfangar.


Frå ein fjelltopp ved Tegernsee i dei sørtyske Alpane, dit nokre av oss reiste på 10-dagars permisjonen. Eg streva hardt før eg kom opp på denne kvasse toppen, og eg er ikkje så roleg som det ser ut til, for det var høgt ned. (Victor Steinsland, II Bn.)


Ein båregjeng frå sanitetslaget til 2. bataljon under ei øving. (Victor Steinsland, II Bn.)