Vakt over kol og koks

Aage Henning Stavenes, II bn.

Vi som var sjåførar hadde ikkje så ofte vakter, anna enn med det same vi kom til Tyskland. Eg minnest spesielt ei vakt, nett etter vi var nedkomne, i februar månad, eg sat på vakt på stasjonen i Husum. Der var det lager for kol og koks til leiren vår. Dei hadde eige destillasjonsanlegg for vatn, og dei hadde også eit mindre straumanlegg der. Det var flyktningeleir rundt heile stasjonsområdet, og det vart sagt at flyktningane forsynte seg grovt av kol og koks. Ved første avløysing, eg trur det var kl. 24, sa den føregåande vakta til meg at det var folk på området, og at vi kunne høyra det då det risla i kolet. Det var bekmørkt. Rett nok var det ein lampe langt borte, men lyset nådde ikkje ned til bakken. Den avtroppande vakta sa til meg at eg skulle halda meg inntil bygget og stå med ryggen til veggen slik at ikkje nokon kunne koma innpå meg bakfrå. Då var eg ikkje særleg høg i hatten. Dette var første vakta mi i Tyskland, ho varde i to timar, og eg var hoppande glad då dei timane var omme og ein annan kunne overta.


Aage Stavenes framfor kaserna til støttekompaniet i Husum.