Befalsteneste i R.P. i Brigade 501 og i geværtropp i Brigade 511

Av Lars O. Opkvitne

RP-gjengen klar til rykking i høve ein av dei mange øvingane vi var med på.
(Lars O. Opkvitne, II Bn.)

Befalet ved bataljonen møtte i Vatneleiren den 20. oktober 1950 for å gjennomgå eit kurs på 10 dagar før mannskapa møtte den 10. november. I første tida gjorde vi teneste som instruktørar ved bataljonen til vi vart plasserte ved dei ymse kompania. Eg vart beordra til sjef for regimentspolitilaget , til dagleg kalla R.P. Eg hadde tre mann i laget, som etter rekruttskulen vart utnemnde til korporalar. Det var korporal Sjursen, v/korporal Guttormsen og v/korporal Magnus. Den sistnemnde studerte jus og dei to andre var aspirantar ved politiet i Bergen i det sivile. I den tida mannskapa fekk rekruttutdanninga, vart eg beordra på militærpolitikurs i nærleiken av Grorud ved Oslo. Då eg kom attende til Vatneleiren, vart tida nytta til opplæring på motorsykkel, ved køyring på landevegen og i terrenget. Det siste skulle visa seg å vera svært viktig etter vi kom til Tyskland.
Bataljonen reiste til Tyskland frå Kristiansand med KNM Svalbard til Flensburg i februar 1950, og derifrå med tog til Husum. Turen over Skagerak vart ingen søndagstur, det var uver på heile turen, så det var ein lite stridsdyktig avdeling som gjekk i land i Flensburg. Eg hadde vore innom dr. Frost i joleferien og fekk lurt av han noko sjøsjuketablettar som hjelpte meg frå å mata krabben. Korleis stoda etter ein så lang tur var i lugarane, med opp til 20 mann i kvar lugar, kan ein tenkja seg. Vel framkomne til Husum vart me innkvarterte i leiren, i bygningar som kvar kunne hysa eit heilt kompani, i tillegg til kontorkompania.
Alt dagen etter vi var framkomne, fekk vi utlevert motorsyklane vi skulle ha under heile perioden. Det var syklar vi var kjende med frå opplæringa i Noreg, men før vi fekk eskorteoppdrag eller andre oppdrag måtte vi køyra opp til eit nytt sertifikat i tillegg til det vanlege sertifikatet vi hadde frå før. Dette var ein prøve på køyring i terreng gjennom blautmyr og sanddyner, terreng som vi ville møta under øvingar seinare.
Etter kvart som mannskapa fekk permisjon til Husum om kveldane, var det RP som måtte rykkja ut for å kontrollera at dei oppførde seg sømeleg. I fyrstninga var ikkje dette noko problem, alt var nytt og spenninga var større enn forventningane.
Seinare var bataljonen oppteken med øvingar på Putlos ved Austersjøen og på Sennelager sør for Hamburg. Den første øvinga gjekk føre seg alt i mai, i samarbeid med artilleri, og i juni saman med andre avdelingar i brigaden og britiske avdelingar. Den største manøveren vart halden på Lüneburger Heide i månadsskiftet juli-august. Til desse øvingane skulle bataljonen fram til øvingsområda og attende til leiren i Husum med alle sine køyretøy. Hjulkøyretøya på vegane og beltevognene som regel med jernbanen. Under desse transportane hadde RP mellom anna til oppgåve å sjå etter at sivile tyske køyretøy ikkje blanda seg inn i dei militære kolonnane. Dei mest trafikkerte vegkryssa vart sperra av for å hindra dette, og her hadde vi god hjelp av tysk politi, som var varsla på førehand. Veg nr. 5 gjennom Hamburg kjem eg aldri til å gløyma i samband med desse transportane. Heldigvis var det lite uhell under desse forflyttingane, men litt var det sjølvsagt. Var det sivile køyretøy innblanda, måtta vi ta opp forhøyr og teikna skisser over korleis kollisjonen hadde bore til. Slike rapportar vart seinare sende til brigaden.
Dei ulukkene som hende ved BnII/501 gjekk føre seg medan bataljonen låg i leiren i Husum. Her miste bataljonen ein soldat frå IR 9 i ei trafikkulukke og ein sersjant frå same regiment vart hardt skadd i ei MC-ulykke.
I slutten av august vart brigaden avløyst av personell frå brigade 502.

BnII/Brig 511

Etter heimreisa frå brigade 501 vart det ein kortare ferie til eg møtte til teneste att ved BnII/Brig 502. Denne gongen som troppssjef ved geværkompani C i Bn II. Eg var i mellomtida utnemnd til fenrik og beordra til å møta i Vatneleiren ved Sandnes, der befalskurset skulle haldast før mannskap møtte 1. november.
Rekruttutdanninga var i byrjinga delt mellom Ulven og Vatneleiren. Kp C vart oppsett på Ulven, med mannskap frå IR 9 og IR 10, like eins støttekompaniet og stabskompaniet. Dei andre to geværkompania vart oppsette i Vatneleiren, med personell frå IR 7 og IR 8, men vart overførde til Ulven seinare.
Om rekruttopplæringa her i Noreg er det ikkje så mykje å fortelja. Tida gjekk med til utdanning enkeltvis til å byrja med, seinare vart det avdelingsutdanning. På grunn av at tenestetida vart forlenga til 12 månader, vart rekruttskulen 1 månad lenger før avdelingane vart overførde til Tyskland. I denne tida vart dei britiske våpna utskifte med amerikanske våpen, men då vi kom til Tyskland, fekk me likevel utlevert britiske våpen.

Kommandoplassen til 2. bataljon under ein av dei mange øvingane bataljonen deltok i. Kommandoplassen er graven ned i jorda og kamuflert med mose og lyng for ikkje å vera synleg frå lufta. Bataljonsskrivaren som sit utanfor synest å vera nokså einsam, men det er vel fordi bataljonssjefen er på den framskotne kommandoplassen. (Lars O. Opkvitne, II Bn.)


Avløysinga av brigade 502 skulle gå føre seg i midten av mars, og frampartiet som skulle førebu mottakinga av avdelingane frå brigade 511 skulle reisa nedover ein månad føreåt. Eg vart beordra til å vera med i frampartiet, og vi vart såleis ein månad lenger enn dei andre i bataljonen. Øvingane i Tyskland tok til straks vi var komne i orden i leiren, i byrjinga på skytebanen og seinare i avdelingsskyting med skarp ammunisjon på Putlos og ved Sennelager skyte- og øvingsfelt. Den første øvinga der heile brigaden var med, gjekk føre seg i Sennelager i juli 1951, britiske styrkar var motstandarar.
På grunn av at det var store avdelingar som deltok, gjekk øvingane meir roleg føre seg enn dei hadde gjort i brigade 501. Der vart alle øvingane kalla ”Øvelse TEMPO”, nummererte frå I og oppover. Ei av dei siste øvingane Brig. 501 gjennomførde, skulle vara i 10 døger, men måtte avbrytast etter 8 døger på grunn av at personellet hadde fått lite og nesten inga kvile, heller ikkje ei skikkeleg matøkt. Avbrotet skjedde etter påtrykk frå brigadelegen. I Brig. 511 gjekk det som nemnt rolegare for seg, og under øvingane vart det avsett økter til vedlikehald av materiell og utstyr, og også til meir personleg vedlikehald. Dette var høgst naudsynt, for køyretøya og våpenmateriellet skulle gå i arv til neste brigade.
I midten av september deltok brigade 511 i den store haustøvinga til BAOR (British Army on Rhine). Øvinga gjekk føre seg over eit stort område, og den norske brigaden hadde ansvaret for eit område sør for Sennelager. Her vart brigaden inspisert av feltmarskalk Montgomery. Under siste delen av denne øvinga var troppen som eg var sjef for avgitt som støtteinfanteri til ein britisk tankavdeling. Det var til stor hjelp for ein sliten kropp å få klamra seg til ein tank under forflytting.

Lars O. Opkvitne (II Bn.)


Sjølv om øvingane tok mesteparten av tida i Tyskland, fekk vi høve til litt avkopling i blant. Vi fekk også ein 10 dagars permisjon, der vi kunne reisa til ymse stader på permisjonsturar som velferden organiserte. Eg for min del reiste i første brigaden til Tegernsee i dei sørtyske Alpane, ikkje langt frå Austerrike. Der vart vi transporterte med buss og gondolbane opp i over 2000 m høgde med fint skiføre. På 10 dagars permisjonen i brigade 511 reiste eg heim til Noreg.
Eg må til slutt også nemne at vi miste ein løytnant i bataljonen. Han vart påkøyrd av ein tysk bil og døydde straks etter.
Bataljonen vart transportert attende til Noreg i slutten av oktober 1951, og dermed var opphaldet i Tyskland slutt for meg.