Samarbeid med tysk kontorist

Knut Einar Lid, San. kp.

Leiren vår i Rendsburg var ein flott leir. Eg arbeidde som kvartermeisterassistent i sanitetskompaniet og på kontoret kom eg saman med ein tysk kontorist som heitte Rudolph. Eg hugsar at då eg kom inn fyrste dagen ville eg fritta han ut litt om kva han syntest om Hitler. Han svara då ”Er var toll”, eg fann ut etterpå at ham meinte Hitler var galen. Men han fortalde elles at han hadde vore ivrig i nazi-partiet, slik dei fleste tyskarar var. Han hadde vore nokså nasjonalistisk av seg, men hadde vel kanskje forandra meining. Han fortalde også at han hadde vore med i den siste såkalla ”Volkssturm” mot slutten av krigen, då Hitler mobiliserte både gamle og born til kamp. Saman med ei rekkje andre gamle tyskarar låg han og skaut på amerikanarane som kom i lastebil etter lastebil. Til slutt fekk han også sjølv ei kule gjennom seg, med han kom over det.
Det var ein nokså interessant mann, han kunne litt norsk, og eg hadde veldig lyst til å lære meg tysk, eg hadde litt grunnlag frå før. Vi prata mykje tysk saman, når ein er 20 år lærer ei fort og eg hadde mykje glede av samværet med han. Vi gjekk på turar i lag, og var saman heile dagane. Vi korresponderte også litt etter eg var komen heim. Nyleg fann eg att eit gamalt brev frå han, og det var tydeleg å sjå at det var ein mann med god peiling både på språk og litt av kvart. Han var flyktning frå austsona.

Lars K. Fenne


Morgonstell under ein manøver. (Lars K. Fenne, Feltartilleriet)