Ordonnans i Feltdepotet

Ragnvald Fleten, Feltdepotet

Eg kom inn i eit kompani som heitte Feltdepotet, og som då hadde med alt teknisk materiell for brigaden å gjera.
Vi var 43 mann i Feltdepotet, og vi hadde like mange køyretøy som vi var mann. Når vi var ute på manøvrar, hadde vi alt teknisk materiell opplasta på bilar. Alt på Jessheim vart eg utteken til å vera ordonnans, anten med motorsykkel eller bil. Under alle manøvrar skulle vi ordonnansar syte for å halda alle konvoiar saman under transport, og elles vart vi brukte til å køyra ut med meldingar innanfor brigaden.
Lageret som vi hadde i Tyskland var ein gamal flyhangar ute ved sjøen i Schleswig. Det var store hallar, slik at vi hadde plass til alle køyretøya, og vi hadde også verkstadavdeling der. Vi var fritekne for alt som heitte vakter ute, vakter på hangaren og utstyret var det polakkar som hadde, og alt reinhald var det tyske sivilistar som stod for.


Ragnvald Fleten i utstyret som motorsykkelordonnansane brukte.


Tre ulvikjer, Magnus Øydvin, Sem Opedal og Ragnvald Fleten, har møtt kvarandre i Rendsburg. (Ragnvald Fleten, Feltdepotet).