På ridetur med kvartermeisteren

Av Magnus Bolstad, Transportkompaniet

Vi hadde ein løytnant som var litt ”surrete”, han var kvartermeister og sjefen min, sidan eg sat på kvartermeisterkontoret. Vi hadde lønningane der nede, og eg kravde at det skulle vera eige pengeskåp til desse pengane og at eg skulle ha lykelen, for det var mange pengar å ha ansvaret for, og sjefen min var som sagt litt surrete. Så når kapteinen skulle ha pengar, laut dei springe på brakka og hente meg.
Eg redda no elles sjefen min ut av fleire vanskelege situasjonar, og han stelte fint med meg, så det var i orden. Dersom f. eks. noko ved uniforma mi var dårleg, kunne eg berre gå og få meg nytt utstyr, for det var han som hadde med alt slikt å gjere.
Kvar evige søndag var eg med han på ridetur, vi reid ute i terrenget 2-3 timar. Han ville ikkje ri åleine, og eg likte å vere med, eg var oppvaksen med hestar og kunne med dei..
Det var ridestall i leiren med hestar til bruk for offiserane, og dei hadde stallgutar til å pusse og stelle hestane. Sjefen min var løytnant og skulle sjølvsagt ha ferdig pussa hest, men sidan eg var saman med han fekk til og med eg, som berre var korporal, ferdig pussa hest. Befalet var ofte ute og reid, men eg hadde ikkje fått høve til dette dersom ikkje løytnanten hadde bede meg med.Vi feira jul i Schleswig-Holstein, og hadde kjøpt ein heil gris. Det vart laga til ein svær fest i velferdssalen om kvelden, og det var morosamt. Kvar enkelt laut reise seg opp og fortelje noko frå heimbygda si, og skulle snakke dialekten sin. Eg er ekte lærdøl, dialekten min forstod dei ikkje mykje av, og eg la no heller på, òg. Eg sa eg kunne i alle fall kome meg til Konstantinopel og verte forstått med dialekten min, for dette er ”sognamaol”, men dei forstod som sagt nesten ingen ting. Eg hugsar elles at vi hadde det kjekt denne kvelden, men det var ein sersjant og ein kaptein som var litt ille ute, dei var dårleg likte av dei andre og stilte ikkje opp og var med på nokon ting.
Vi hadde engelskmenn i leiren ei stund, og dei norske og dei engelske soldatane gjekk ikkje saman. Det var ein øl-pub i leiren, og der var det alltid slagsmål. Engleksmennene hadde bandolæret rundt handa og brukte det når dei slost. Det var alltid krig mellom dei norske og dei engelske soldatane på puben, men eg var ikkje der nede for eg likte ikkje slikt bråk.

Beltevogner i skjul. (Harald Seim. II bn.)