Då korporalen tok sersjanten i skule

Lars Lirhus, II bn.

I Goslar fekk eg oppleve militær ulydnad utan at det fekk dramatiske konsekvensar. Vi hadde fått nedover til Tyskland nye befal i bombekastartroppen, der eg høyrde til. Eg gjorde teneste som bilmekanikar og var ikkje med på sjølve øvingane med bombekastar. Ein kveld, då kameratane mine kom inn att etter tenesta om dagen, var dei nokså oppskaka. Det viste seg at den nye sersjanten hadde brukt mykje kjeft på dei om dagen, dei kunne ingen ting, i følgje sersjanten. Ikkje kunne dei handtera bombekastaren, og vankunne var det i alt dei hadde føre seg. Til slutt vart det for mykje for lagføraren, korporal Lie. Han tok kommandoen, dimitterte bombekastarlaget sitt og bad dei ta fem minutt. Dette kunne fått konsekvensar, men denne sersjanten fekk seg ein såpass støkk i livet at han tok til fornuft, og det vart oppgjort. Ingen ting vart rapportert, og det fekk dermed ingen fylgjer korkje for Lie eller for karane.


Matpause under ein manøver. (Harald Seim, II.bn.)