Tyskarar med pågangsmot og høg arbeidsmoral

Av Jørgen Skjerve, Stø.kp.,II bn.


Jørgen Skjerve (II.bn.)

Etter at eg hadde fått utsetjing med militærtenesta, møtte eg på Ulven som infanterist i mai 1948. Med realskule og jordbruksskule, skulle det snart syna seg at dei hadde bruk for meg til andre oppdrag, og eg vart flytta over til stabskompaniet. Til avdelinga "Velferden" skulle det knytast ei undervisningsgruppe med spesielle oppgåver. Det var ein offiser, ein underoffiser og fire meinige, som fekk tittelen undervisningsassistentar. Etter kurs i Oslo vart eg plassert i denne firemanns gruppa saman med Inge Gausemel frå Hornindal, Olav L. Ese frå Balestrand og Einar Johannesen frå Bergen. Me fire vart såleis ei samla lita gruppe i heile tenestetida. Eg må nok seia at me var prioriterte.
Til Tyskland kom me med troppetransportskipet SVALBARD, og vart stasjonerte på Fliegerhorst, nær byen Goslar. Landskapet her var skiftande med åsar og dalføre, kledde med planteskog der trea stod på geledd med tysk presisjon. Det var ingen klimaskade på skogen den gong. Øvst i Harz låg ferieplassen St. Andreasberg, mykje nytta til helgeperm for soldatane. Hovudoppgåva til bataljonen var vaktteneste. Staden låg nær opp til grensa mellom Aust- og Vest-Tyskland. Hovedkvarteret til styrkane låg i universitetsbyen Göttingen, og mange av sjåførane i stabskompaniet fekk godt høve til å gjera seg kjende der.

Det eg minnest best frå den første tida, var maten. Den engelske kosten var næringsrik, men svært knapp, og for norske gutar ver det ein stor overgang. Me fekk ei og ei halv stor kvit skive morgon og kveld og ein tildelt middagsrasjon midt på dagen. I tillegg te med mjølk det ein ville ha. Eg hugsar godt at skalkane frå brøda vart samla i store pappkasser og skyvde inn på golvet i matsalen etter kveldsmåltidet. Då sprang gutane frå borda, stakk hendene ned i brødkassene og greip det dei nådde i, slik svoltne hundar gjer. Matpakker heimanfrå var svært kjærkomne, og sardiner i olje var sers ettertrakta.
Vårt arbeid med undervisninga var å læra soldatane å skriva formelle søknader til leiinga. Søknad om permisjon, skriv om vanskar i familien heime, om overflytting, eller andre velferdstiltak. Skrivinga var delt på nynorsk og bokmål. I tillegg til dette las me ein del som rein underhaldning.
Å læra tyske ord og uttrykk var også aktuelt, serleg med tanke på handel. Klokker og fotoapparat var serleg ettertrakta.
For å skaffa tyske mark var sigarettrasjonane eit godt bytemiddel. Eg hugsar serleg musikaren Arne Viken frå Jølster som fann ei gamal fele han måtte få kjøpa. Men fela kosta 6000 kr., og det var mange pengar i 1948. Etter mykje strev, og truleg med hjelp heimanfrå, fekk han fela med seg.
Tida i Harz vart kortvarig. Etter eit par månader vart brigaden flytta nordover til Schleswig-Holstein, med hovedkvarter i Flensburg. Vår bataljon vart stasjonert i Husum, ein by nær kysten. Her var landskapet heilt flatt. Ein hekk nær vegen vart horisont når ein ferdast ute. Frå taket på kaserna var horisonten så langt undan som auga rakk.

Skjegget måtte takast, også på manøver! (Harald Seim, II. bn.)

Det var nok lettare teneste for soldatane i Schleswig-Holstein, med mindre vakter og lettare trening. Men det var likevel spennande tider, då luftbrua til Berlin starta den vinteren.
Dei fleste byane i Vest-Tyskland hadde om lag dobbelt så høgt folketal som før krigen. Dette skuldast at folk hadde rømt vestover på slutten av krigen, ut or det russiske området. Av folketalet var det eit stort overtal av kvinner i alderen 20 til 40 år. Mange av dei var enkjer, med eitt eller fleire barn frå 3 til 10 år. Men alle vaksne var innstilte på å arbeida og rå retta opp att det som var øydelagt, og leva vidare. Dei fleste utan å klaga.
På den måten hadde eg ei oppleving eg aldri gløymer. I joleferien hadde Johannesen vore på permisjon i Paris og då han kom att over nyår, vart han liggjande med influensa kalla "Italiasykja". Eg bar mat til han og hjelpte til det eg kunne. Fire dagar etter vart eg også liggjande. Saniteten fekk det for seg at smittekjeldene måtte isolerast. Eg vart plassert på einerom, og låg slik ei heil veke. Kvar dag kom det ein mann som vaska og stelte på romet, han var truleg litt over 50 år. Denne mannen gjekk og song når han arbeidde. Eg kom snart i samtale med mannen. Han heitte Horst Ney, hadde hatt advokatpraksis i Stettin, byen ved Oder-Neisse. Han og kona flykta vestover i slutten av krigen. Dei hadde to søner, som båe var med i krigen. Etter freden i 1945 fekk dei melding om at båe sønene var falne mot slutten av krigen. Då døydde kona hans.
Han tok seg ein tur til Stettin, der fann han heile huset rasert og alt dei åtte var borte. No hadde han gifta seg på nytt, og saman med kona og eit lite barn budde han på eitt rom. Han sa: Me må leggja krigen bak oss og sjå framover. Han representerte det Tyskland som skulle reisa seg på kortare tid enn dei fleste hadde rekna med.
Og mitt syn på det tyske folket endra seg etter opphaldet i Tysklandsbrigaden. Eg har undring og respekt for deira effektivitet, ukuelege pågangsmot og høge arbeidsmoral.
Me kom heim att til Noreg i februar/mars med båt frå Danmark. Eg stod oppe på dekk medan me gjekk innover Oslofjorden. Eg merka meg tre ting, som eg hugsar enno: Bert, blankt fjell, rennande fossekvitt vatn og at Oslo verka folketom på morgonkvisten, samanlikna med folkemengda i Tyskland.