Glimt frå tida i Brigade 482

Av Arnfinn Brekke, Stø. kp., II bn.

"Til Tyskland for freden". Ja, slik var tittelen på ei bok vi fekk utlevert før vi drog. Eg studerte då ved universitetet i Oslo, og fekk utsetjing i 14 dagar med å møta på Ulven, grunna eksamen. Eg skulle møta ein måndag. Aldri hadde eg vore på Ulven før. Det kom vel med at kaptein Martin Mølster, som hadde vore heim til Voss med helga, losa meg vel fram heilt til døra der eg skulle møta.
Mange tankar tumla rundt i hovudet. Eg var på veg til noko heilt ukjent. Men Martin Mølster hadde ei eiga evne til å roa meg ned, slik at då vi skildest der ved døra, visste eg at eg hadde han å gå til om noko skulle koma på.
For å ta att det eg hadde forsømt dei første 14 dagane, måtte eg ha ekstratimar. Eg skulle m.a. læra å helsa på militær vis. Det var det ein trøndersersjant som tok seg av. Han tok meg med ut på Ulvensletta og fann ei høveleg fure som eg skulle helsa på kvar gong eg gjekk forbi. Sjølv sette han seg under eit anna tre og tok ein lang røykjepause medan eg trava att og fram og helsa på fura.
Eg vart etterkvart funnen i stand til å vera med på øvingane som resten av kompaniet (støttekompaniet) dreiv med. Vi skulle m.a. gå til marsjmerket. Det var litt av ein innsats. Dagen etter var det hardt å koma seg opp til morgonoppstillinga med gnagsår og støle lemer ..
Vi måtte sjølvsagt bruka våpenet vi hadde fått utlevert og ikkje berre få teoretisk kunnskap om det. Det bar altså fleire gonger til skytebanen. Ein gong skulle eg ha ansvaret for sambandet ned til dei som skaut, og var altså plassert i "grava". I andre enden var det endå ein trøndersersjant, og han var det så vanskeleg å forstå at eg svært ofte måtte be han seia det ein gong til. "Gjenta!" Det måtte vera på bokmål.
Så ein dag vart eg innkalla på kompanisjefen sitt kontor. "Kva er det no han vil meg?" tenkte eg og vart uroleg. Kompanisjefen var vaskeekte bergensar og eg skulle etter kvart læra han å kjenna som ein myndig, men svært hyggeleg person. Edvin Langeland var namnet og graden var kaptein. "Kan du bruke skrivemaskin?" ville han vita. Då var det eg tok ein sjanse og svara ja. Men beksvart lygn var det ikkje. "Da er du mannen jeg har bruk for," sa kompanisjefen. Slik gjekk det til at eg vart kompaniassistent med nok gjeremål, ikkje minst etter at vi kom til Tyskland. Så lenge rekruttskulen på Ulven varte, var eg nok med på fleire uteaktivitetar, som t.d. morgonoppstilling, der eit av dei faste innslaga var ltn. Åsheim si kunngjering om "kokker i morgen". Nattmanøvrar var ikkje kjærkomne, men pliktige.

Arnfinn Brekke II bn.

Arnfinn Brekke fotografert i Goslar


Til Goslar

Så kom dagen då tida på Ulven var slutt, og vi skulle kasta oss ut i noko heilt nytt og ukjent. Det bar i bussar til Nesttun, og derifrå med ekstratog til Oslo. Toget stansa sjølvsagt på Voss, der mange foreldre, sysken, onklar og tanter var møtte fram for å sjå sine vel av stad på veg til Tyskland. I Oslo låg troppetransportskipet "Svalbard" og venta for å føra oss til Hamburg. Der kom eg med i lossegjengen som skulle syta for at alt utstyret kom vel på land. Etterpå skreiv eg heim og fortalde at eg aldri hadde drøymt om at eg skulle verta bryggjesjauar i Hamburg. Så tok vi fatt på siste etappe, togreisa sørover i Tyskland til Harz-området, der II. bataljon skulle stasjonerast i Goslar.
På turen sørover fekk vi sjå meir og meir ruinar og atter ruinar, der det rauk i piper gjennom rusta bylgjeblekktak. Det budde altså menneske i desse ruinane! Etter kvart skulle vi få sjå meir av fylgjene av den grufulle bombinga mot slutten av krigen: Krøplingar utan både armar og føter, småborn som tigga mat. Aller verst var det i byen Kassel i den amerikanske sona. Goslar var ein fin gamal by med minne frå den tysk-romerske keisartida. Kring byen var det mange gamle murar, vollar og graver. Den tohøgda gotiske hallbygningen Kaiserhaus frå første halvparten av 1000-talet skulle vera den eldste trebygningen i Tyskland.
Vi skulle bu i "Fliegerhorst", ein gamal tysk flyleir der Gøring sin luftheltar ein gong vart oppøvde til å spy ut "miskunnsame bomber til frelse for mannaætta". Her skulle vi altså, etter det vi då visste, bu i 6 månader. Etter kvart tok vi til å lika oss i Goslar. Kasernene var fine, som luksushotell samanlikna med trebrakkene på Ulven. Tilhøva låg såleis bra til rette. Naturen var mykje lik den norske, med skogkledde åsar, bekker, dalar, og nokre fåe vatn.
Vi kom og på talefot med tyskarar og oppdaga at dei var menneske, dei som vi. Vi skal hugsa på at representantar for dette folket har gjeve oss ein umissande del av vår kulturarv.

Frå Harz (Goslar) til Schleswig-Holstein (Husum)

Vi hadde vore berre 1 månad i Goslar då bodet kom: Den norske okkupasjonssona skulle flyttast frå Harz til Schleswig-Holstein. Den norske sona hadde sams grense med den russiske, og det utvikla seg etter kvart ein spent situasjon. Den kalde krigen var eit faktum.
Det som for meg står som høgdepunktet av tida i Goslar, er kyrkjeparaden vi hadde 11. september 1948. Det var ei gripande høgtid. Brigadeprest Guttormsen forretta og heldt ei gripande preik. Mektig og fulltonande lydde salmesongen frå ei fullsett kyrkje: "Vår Gud han er så fast ei borg", "Gud signe vårt dyre ferdeland".
"Fliegerhorst" var ein stor leir, og det var mange flyktningar, "displaced persons" i leiren. Dei var komne frå Aust-Tyskland, men og frå andre land i Aust-Europa. Dette tilhøvet gjorde m.a. vakttenesta viktig, men og vanskeleg. Slik situasjonen utvikla seg utover i 1948 auka flyktningestraumen monaleg, og støtteansvaret vart meir tyngjande. Tyskarane kjende seg truga frå aust, og dei norske troppane vart meir og meir sett på som eit vern for tyskarane sjølve.
24. juni 1948 stengde russarane brått alle vegar, jernbanar og kanalar som førde frå Vest-Tyskland til Vest-Berlin. Berlinblokaden var eit faktum. Britane og amerikanarane reagerte lynraskt på denne grove provokasjonen, og sette i gang luft-transport til Vest-Berlin. Dette var eit av dei største lufttransporttiltak som verda nokon gong hadde sett. Tiltaket vart kalla "luftbrua til Berlin". Gjennom heile vinteren 1948-49 fekk Vest-Berlin alle sine forsyningar gjennom lufta. Det gjekk eitt fly i minuttet dag og natt. Blokaden vart heva 12. mai 1949.
Seint ein kveld i september 1948 høyrdest taktfaste steg gjennom gatene i Goslar, av soldatar på veg mot jernbanestasjonen. Folk var møtt fram for å ta farvel med oss, og det var nok mang ei Gretchen som let tårene trilla fordi Ola Nordmann forlet henne.

I Husum

II bataljon vart no stasjonert i Husum, ein liten by på vestkysten av Sør-Schleswig. Der var både natur og folkesetnad annleis enn i Harz. Landet var heilt flatt, og når det gjeld folket, kjem vi straks inn på det som etter 1864 har vore eit brennande problem i dansk utanrikspolitikk: Spørsmålet om Sør-Schleswig. Det var nemleg ein god del danskar i Sør-Schleswig og mange dansksinna tyskarar. Danskane dreiv eit vidfemnande kulturelt arbeid. På det politiske området arbeidde Syd-Slesvigs Velgerforening (SSV) for at Sør-Schleswig skulle verta dansk.
I Husum var det og ein dansk kyrkjelyd, med dansk prest. Det var gudsteneste i den danske kyrkja kvar sundag, og presten preika både på dansk og tysk. Den danske presten i Husum, pastor Heinsen, var ein elskverdig mann og svært imøtekomande mot dei norske soldatane. Ein kveld for veka samlast tyske ungdomar som hadde lært å snakka dansk og soldatar frå soldatlaget i den unelege heimen til pastor Heinsen.

Bataljonsfest i Husum. Lengst til høgre Bataljonssjefen oberstløytnant O.W. Lysne,


Vår eigen feltprest, Thori, var og rett mann på rett plass. Han var på talefot med soldatane, og han vart høyrd.
Eg gjorde altså teneste som kompaniassistent i støttekompaniet, og høyrde dermed til kompanistaben. Det var på mange måtar interessant, men også ansvarsfullt. Eg hadde t.d. ansvaret for posten til og frå kompaniet. Det kom mange matpakker heimanfrå til soldatane. Kompanisjefen overlet og til meg ansvaret for at vakttenesta gjekk etter planen. Det var noko som heitte refsingsprotokoll, og den var det eg som førte. Eg måtte såleis vera med på alle forhøyr av dei som på ein eller annan måte hadde forbrote seg, anten det var meinige eller offiserar. Ein offiser vart såleis dømd til 12 døgns vaktarrest som skulle sonast på Akershus etter at tenesta i Tyskland var slutt.
Det var med stor spenning vi fekk vita at den nye sjefen for Hæren, generalmajor Hansteen, skulle inspisera Tysklandsbrigaden. Han hadde sjølv vore den første sjefen for Tysklandskommandoen, i 1947-48. Han skulle sjølvsagt også inspisera II bataljon. Då var det full bataljonsoppstilling, og alle skulle stilla i sin finaste stas. Då hende noko som eg aldri vil gløyma. Generalmajoren stansa rett framanfor meg og spurde kva eg heitte. "Hvor er du fra, da?" ville han vita. "Frå Voss," sa eg. "Da kjenner du sikkert min gamle tante der." Dermed var samtalen i gang både om gamle Adelaide Hansteen og andre ting. Tenk, sjefen for Hæren tok seg tid til å snakka med meg medan alle dei andre stod og venta!
Denne hendinga var vel opphavet til at Jørgen Skjerve og eg ved eit seinare høve reiste inn i den amerikanske sona, til byen Hofgeismar, der Frau Agnes Hansteen budde. Der vart vi mottekne på aller beste måte.
Men kva med sjølve militærlivet? Jau, visst hugsar eg brigademanøveren på Lüneburger Heide 10.-15. desember 1948, som gjekk under namnet Danø. Eg har jamvel bilete derifrå, men diverre av dårleg kvalitet. Men det var langt dit, frå Flensburg over 250 km. Øvingsfeltet Putlos låg derimot berre ca. 30 km. søraust for Kiel. Kompaniassistenten hadde sine gjermål også i slike samanhengar.
Ei anna hending har brent seg fast i minnet. Nokre av oss skulle på "langweekend" til Sønderborg i Danmark. Der skulle vi bu på Missionshotellet Ansgar". Vi vart mottekne av ei smilande dansk jente. Ho skulle visa seg å heita Tulle.Nokre av oss ville sjå oss om på eit museum i nærleiken av hotellet. Medan vi rusla rundt der,kjende eg brått ei hand på skuldra. "Hei!" Der stod ho Tulle. Kva som vidare hende høyrer privatlivet til. Men resultatet av turen til Sønderborg vart eit brevskifte som varte i 3 år! Eg såg ho lenge for meg med svarte, dårande hårlokkar og eit blygt, sjarmerande smil om munnen!


Kronprinsen på vitjing i Rendsburg. Frå venstre, generalmajor Roscher-Nielsen, kronprinsen og brigadesjefen, Ove Gedde. (Kjell J. Erikstad, San.kp.)

Heimreisa

Det nærma seg slutten av tenesta i Tysklandsbrigaden, og heimturen stod for døra. Det vart og ein hendingsrik tur. Bussar stod klare ved kasernene i Husum og skulle køyra oss tvers gjennom heile Danmark. Farvel Husum, farvel Danmark, og særleg Sønderborg!
Midt på natta var det stans ved ein eller annan dansk militærleir, der vi vart serverte eit velsmakande måltid. Omsider var vi framme i Fredrikshavn. Der skulle vi gå om bord i "Peter Wessel", som skulle ta oss med til Oslo. Dit kom vi tidleg om morgonen, trøytte etter ei lang reis. Men likevel skulle vi defilera på Karl Johan! Dette var i mars månad i 1949. Men vi kom frå det og, sjølv om eg og kanskje fleire heldt på å sleppa våpenet i gata!
Om togreisa frå Oslo til Nesttun og bussturen til Ulven er det lite å seia. Vi sov vel for det meste.
No var vi tilbake til utgangspunktet. Ringen var slutta. Men det var litt av ein overgang å koma frå hotelliknande kaserner i Goslar og Husum og attende til kalde trebrakker på Ulven, og det i mars månad. Det var likevel staute og spreke soldatar som passerte ut leirvakta på Ulven i sivil, og som hadde mykje å fortelja då dei møtte att sine eigne etter eit utanlandsopphald i uniform i eit krigsherja Europa!