Ordrenekting

Sjur Skeie, II bn.

På ein manøver vi hadde, sette det inn med eit forferdeleg vêr, så leiren flaut i vatn. Avdelinga vår hadde vore på utmarsj medan alle dei andre hadde lege inne, så etter utmarsjen nekta vi å gå ut att. Vi tillitsmenn fekk i oppgåve først å snakka med kapteinen, så gjekk vi vidare til oberstløytnanten, dvs. sjefen for bataljonen vår, til sist hamna vi hjå generalen, toppsjefen, men han slapp vi ikkje inn til. Eg fekk beskjed hjå løytnanten vår om at viss ikkje vi trekte tilbake klagen, ville vi truleg ende for krigsrett, dette var mykje meir alvorleg enn vi var klar over. Vi tillitsmenn meinte at vi ikkje kunne verte tekne for noko, for vi gjekk berre gutane sitt ærend. Det resulterte til slutt i at vi heldt oss inne i telta alle saman. Vi vart utkommanderte av sersjanten og fenriken, men vi nekta å gå ut. Til slutt ropte dei på tillitsmennene, vi gjekk ut, og dermed kom fleire og fleire etter, og så sprakk heile ”streiken”.


Frå ein manøver i øvingsleiren til Rommel. Det hadde vore eit forferdeleg ver, og leiren flaut i vatn. (Sjur Skeie, II Bn.)