Kjapp sigøynargut

Gunnstein Hereid, (Transp.kp.)

Det hadde seg slik at kameraten min var sjuk og låg på rommet, og han bad meg om å hente frukosten hans. Utanfor messa var det to store vasstankar, under desse vart det fyrt opp med ved slik at vatnet vatnet vart varmt, og her skola vi matkara våre. Eg sette frå meg teen og skivene til kameraten min for å skole matkara mine. Då eg snudde meg var skivene brått vekke, og eg såg ein liten sigøynargut som stakk skivene inn under jakka si og sprang avgarde mot gjerdet, der han hadde klipt eit hol. Han fauk ut gjennom holet og vekke vart han, så det vart berre te på kameraten min den morgonen.