Heimebrent

Sjur A. Lid, II. bn.

Me hadde ein episode rett før me skulle heim att frå Tyskland. Det kom nye soldatar som skulle avløysa oss, og dei lurte på om me hadde ein dram av og til og kvar me fekk tak i dette. Det hadde vore ein ”fabrikk” som produserte slikt rett utanfor leiren, og der kunne me kjøpa heile tida.
Men det gjekk ikkje så bra med desse nye. Siste helga me var der, hadde eg vakt, og då køyrde militærpolitiet inn fleire lass med utstyr til å laga heimebrent og også mykje ferdig vare. Det viste seg då at dei nye hadde kjøpt så mykje at dei vart tekne av militærpolitiet. Dei fortalde då kvar dei hadde fått tak i spriten, og så vart det razzia.