TRYGVE BAKKETEIG - 5880 Kaupanger - tlf. 5767 8367
Brig. 472 Sanitetskompaniet i Northeim

Avskrift av historier fortalde på band den 1/5 - 1998 til Hans Lavoll

Ufatteleg stemning på juletrefest for tyske born

Av Trygve Bakketeig, Sanitetskompaniet

I brigaden 472 var eg i utgangspunktet oppsett som sjåfør 2 på ein trekvarttonns lastebil og det var ei grei ordning forsovidt. Det var lite å gjera og det resulterte i altfor mange leirvakter. So skjedde det noko som forandra på det heile . Eg trur det var ein fest på kantina i byen der, i Northeim, og der var det mykje sterkt tysk øl og i løpet av festen so stod brått majoren, som var brigadelege, i døri og han ropte på sjåføren sin, det var endå ein frå Sørlandet, og han kom no omsider men han var ikkje edru. So ropte han på reservesjåføren, men han var i same situasjonen og so brølte majoren ut: «Er det da ikke en sjåfør her som er edru»? Ingen svarte. Eg sat ved eit bord like ved og eg var lite idla ute som me brukar å seia, men til slutt so reiste eg meg opp og sa: «Jo, major, det er det, eg er edru». «Køyrer du bil», sa han. «Det gjer eg», sa eg. Han ba meg koma med han, og det synte seg at han skulle ut i eit alvorleg sjukebesøk til ein by i nærleiken som heiter Braunschweig. Det synte seg seinare å vera ein blindtarmsbetennelse so vedkomande vart send sporenstreks med fly til Noreg. På turen tilbake spør majoren meg om eg hadde noko imot å verta hans faste sjåfør. Eg måtte seia ærleg og oppriktig at det hadde eg just ikkje. Alle misunte desse stabssjåførane, dei hadde ein veldig fin jobb. Dei var fri vakter og dei kunne gå i permisjonsantrekk heile tida og hadde mange fine turar. Men eg var ein god ven med han som var majorens faste sjåfør og hadde ikkje lyst å gjera noko som gjekk utover han, so eg som sant var at eg hadde ikkje lyst å konkurrere han ut. So svara majoren: «Det kommer ikke på tale, jeg kan ikke bruke en sjåfør som ikke er edru 24 timer i døgnet for jeg må ut til enhver tid».

Slik fekk eg ein alle tiders jobb, køyrde på brigadelege og brigadetannlege og hadde massevis med fine turar og fekk mange spesielle opplevingar under Tysklandsopphaldet.

Eg har eit heilt spesielt minne frå den tida, det er i alle fall eit minne som eg aldri gløymer:

Me hadde ei julehelg der nede og til jul var det naturleg at dei som hadde pårørande heime, fekk ei pakke, kanskje to, med ymse godsaker, kaker og slike ting med tanke på juli. Me lei ikkje noko naud der nede. Me fekk ikkje mykje mat, men etter kvart so hadde magane våre vant seg til ei mindre mengd kaloriar, og dei fekk me, so me leid slett ikkje noko naud på den måten. So desse pakkane som kom heimanfrå med mat, det hadde me i grunnen ikkje noko bruk føre.

So var det ein løytnant som fekk ein lys idè. Han samla oss og spurde om me var villige til å gje det me hadde fått frå Noreg til å arrangere ein juletrefest for tyske born i den byen me var i. Me var absolutt alle einige i at dette var ein fantastisk god idé. Dette resulterte i at den lutherske kyrkja i byen vart innleigd og det vart julefest som vart organisert på den måten at kvar soldat fekk ansvaret for 2 barn. Foreldra kom med borna til kyrkjedøri, leverte dei til oss og me tok oss av dei, førde dei inn i kyrkja og plasserte dei der inne saman med oss. Etter me alle var komne på plass, fekk me på militær måte beskjed: «Reis opp»! So kom det inn over kyrkjegolvet ein prosesjon med same løytnanten som tok initiativet og eit stort norsk flagg i spissen. Dei skreid langsamt framover kyrkjegolvet og plasserte seg framme i koret på den eine sida. Eg sa det til han Hans her at eg aldri før visste, nei ikkje seinare heller, at det norske flagget er so fint. Det verka sterkt i ei tysk kyrkje midt inne i Tyskland. Vel, me fekk som sagt ansvaret for tvo born kvar. Eg hadde ansvaret for ei jente på 12-13 år og ein gut på 7-8. Jenta hadde aldri i sitt liv smakt ein sjokoladebite og ho vart so begeistra for kor godt dette her var. So vart det òg halde ein kort tale på tysk, der det vart fortalt korleis me feira jul i Noreg, bl.a. dette at me hadde juletre og at me pynta juletreet og gjekk rundt juletreet og song julesongar. Det var ikkje vanleg i Tyskland. Der òg var det stor stas med juletre, men dei gjekk ikkje rundt og song, slik som me gjorde i Noreg. Men so kom det beskjed om at no lagar me ring rundt juletreet . So var det soldatar og tyske born som slo ring rundt treet . Me song på norsk og borna song på tysk og det vart ei stemning som var heilt ufatteleg. Dei sa det etterpå at dette skulle bli innført som ein fast tradisjon i byen. Når julehelga kom, skulle dei gå rundt juletreet og syngja julesongar.

Då me kom ut att frå kyrkja so sto dei same foreldri og tok i mot borna. Foreldra var so takksame fordi me hadde teke oss av borna på denne måten . Seinare, når me møtte dei i byen so kunne dei koma og takka oss endå ein gong fordi me hadde gjort so mykje for ungane i byen.

Ei oppleving eg ikkje torde fortelja på lenge

Eg har ei oppleving som det gjekk fælt lenge i grunnen før eg torde å fortelja om, for eg var fullstendig klar over at eg hadde gjort noko eg ikkje burde gjera. Du skal få heile historiea:

Me fekk utlevert stenguns. Det er eit provisorisk våpen, laga under krigen. Våpenet har eit kort løp, men løpet var dessverre fullt av gravrust. Kvar torsdag føremiddag so hadde me inspeksjon på våpenet. Kvar torsdag høyrde me stabssersjanten eller sersjanten koma og skjenna og banna og lysa over at me ikkje ein gong kunne læra å pussa. Det var ikkje noko anna som mangla enn pussing, sa dei. Men kor mykje me pussa og gjorde vårt yttarste, gravrusta fekk me slett ikkje vekk. Det veit dei som har prøvt.



Utsyn frå leiren vår mot eit sanatorium på andre sida av dalen.
(Martin Øvsthus, II bn. 471)

Eg hadde ein god ven, ein tyskar som jobba på kjøkenet vårt, han hadde eg snakka ein del med. Han hadde vore i Noreg under krigen og kunne ein del norsk. Ein veldig hyggeleg kar. Eg hadde lagt merke til at dei brukte ein slipepasta til å pussa knivane våre med. Det var eit arbeid dei gjorde, me la knivane våre frå oss og so brukte dei denne slipepastaen for å få dei blanke. So tenkte eg at det hadde jamen vore moro og prøvt om det gjekk an å ta gravrusta med denne pastaen. Eg tok magasinet or stengunen , stakk det ned i frakkelomma, rusla ned til kjøkendøri og fekk tak i vedkommande og spurde han. Eg leverte han løpet. Det var det eg ikkje skulle ha gjort, det var då ein brotsverk. Han såg gjennom løpet, so sa han «berre ein augenblink», tok løpet og for med det. Han vart lenge vekke. Då tenkte eg «kva har eg gjort, eg har levert våpenet mitt til ein tyskar, dette skal bli leven!» Eg sto der og trippa vel og lenge, men til slutt kom tyskaren igjen, og leverte meg løpet. Då var det so heitt at det var nesten ikkje råd å ta idet. Eg keik igjennom det og det var so blankt som sol! Det var so populært med sigarettar då, som betalingsmiddel der nede. Eg lova han visst mange sigarettar og han var strålande fornøgd. Eg kom opp att på romet, eg trur det var på ein onsdag. Torsdagen kom og inspeksjonen kom, eg hadde seng nr. 2 på rommet. Han som hadde inspeksjon tok opp løpet på seng nr. 1 og same lyden, bante og svor! So kom han hit til sengi mi, tok løpet og heldt det opp mot vindauga, la det ned att og tok det opp att: «Se her, her er det en som har pusset!» Eg visste ikkje mi arme råd. Me var 4 mann på rommet og eg må berre vedgå at eg torde ikkje seia kva eg hadde gjort. Men han gjekk i frå rom til rom og varskudde: «Gå inn på rom 57 og se hvordan dere skal pusse et løp!» Det var litt pinleg, for dei kom frå heile etasjen og eg måtte berre seia som det var at eg hadde brukt den slipepastaen som dei brukte på knivane på kjøkenet. Eg sa ikkje at det var tyskaren som hadde gjort det og heller ikkje at eg hadde levert frå meg løpet. Dei andre og gjekk ned på kjøkenet og fekk fiksa løpi sine mot eit visst tal sigarettar so tyskaren vart rik, han. Men eg torde ikkje seia det til dei andre på romet før nett før me skulle heim att. Det ville vorte ein veldig historie om dette hadde kome opp. Det var då det verste me kunne gjera den gongen å levera våpeni våre til ein tyskar, men det vart då eit lyst minne.

Eg hadde også oppleving som galdt ein annan tyskar som arbeidde på kjøkenet: Me hadde leirvakt, det var so mykje nasking frå bilane, av verktøy og slikt noko, i løpet av natti. Difor gjekk me vakter der. Ei natt hadde eg hundevakti frå 2 til 4. Det var kaldt, so eg gjekk i tjukk frakke. Dei som var der nede veit at framfor kjøkendøri var det ein stor kjel som dei fyrte med ved. Me skola bestikki våre der. Når det var kaldt, so var det å stå med ryggen til denne kjelen for å varma seg. So tenkte eg med meg at no er eg lei av den same turen oppigjen og oppigjen, no tek eg ein litt annan tur. Eg gjekk opp ein veg eg ikkje brukte å gå, slik at eg kom på baksida av kjøkenbrakka. Det var måneskin, og då eg kom so langt at eg såg bakom kjøkenbrakka, såg eg ein person som stod eit stykke borte. Med det same han oppdaga meg la han til sprangs. Me hadde lært at me skulle ropa «holdt» ein gong, so skulle me ropa «holdt» ein gong til og viss dei ikkje stoppa på det tredje «holdt» so skulle me ta ladingsgrepet. Det gjorde eg. Idet eg tok opp magasinet or frakkelomma og smelte det inn i stengunen so kjende han denne lyden og visste at no var det alvor. Då snudde han og kom imot meg. Han hadde ein pakke under armen. Eg spurde brutalt kva han hadde i pakken. Det synte seg å vera kjøt. Han hadde kasta det ut vindauga om dagen for å henta det om natti, han skulle ha det til familien. Han græt og læt at han hadde fleire kinder heime og at han ikkje hadde nok mat til dei. Dei var bleike og tunne, og han hadde hatt det so godt ved at han hadde fått vera i den norske leiren. Der fekk dei utlevert tran m.a., norsk tran til borna. Viss eg no rapporterte dette her so kom han til å missa jobben o.s.v. Eg tykte sjølvsagt synd i fyren og det var ikkje mi meining der eg stod, at eg ville gjera noko drastisk med han, men eg måtte jo fylgja reglementet litt i allfall. Omsider so leverte eg han pakken og sa «forsvinn» og han la til palings. Men etter nokre meter so kom han igjen og takka han meg og so kom han igjen og takka meg ein gong til før han vart borte i natta. Det òg var ein historie eg ikkje kunne fortelja! Det var som han sa ein av mine beste kameratar der nede: »Du gjekk glipp av minst ein vinkel! Hadde du dotte inn på vaktromet og rapportert han fyren der so hadde du kome til og fått ei påskjøning i form av fleire vinklar». Eg hadde ein, og det tykte eg var nok. Men eg såg at karen på kjøkkenet. Han smilte frå øyra til øyra og nikka og var i det humøret. Eg angra ikkje på at eg gjorde akkurat slik eg gjorde!