Stor etterkrigsnaud mellom tyskarane

Av Bjørn Takle, Brigadeverkstaden.

Eg er ein av soldatane frå Brigade 472 og eg gjorde teneste i Brig Verk (Brigadeverkstaden) som låg under forsyningstroppane. Før me reiste til Tyskland låg me i karanteneleir på Vallemyrane i Telemark. I slutten av juli 1947 la me ut frå Herøya med troppetransportskipet "Svalbard" og gjekk i land i Cuxhaven. Denne hamna vart brukt fordi dei større hamnene var så hardt skadde av krigshandlingane. Me hadde ein strålande overfart. Sol og sommar var det, og morosamt og spanande for oss unggutane. Ikkje mindre spanande var det den fine sundagsmorgonen me gjekk i land og tok tog sørover til Harz, der me vart stasjonerte. Det var fine landskap me køyrde gjennom, men det var gruelege krigøydeleggingar på strategiske stader, slikt som bruer og trafikknutepunkt. Etterlate krigsmateriell stod det langs alle vegar.
Fyrste stoppen var i Hannover. Der vart me serverte middag av engelske raudekrossoldatar på hovudjernbanestasjonen. Stasjonen var berre ei steinrøys der dei hadde rydda plass for jernbaneskjenene. Me visst det var store øydeleggingar, men at det var slike dimensjonar over det, det var det vel ingen som hadde tenkt – ruinar så langt ein såg.


Sprengd jernbanebru over Rhinen og litt av Kølnerdomen. Foto frå ein av turane våre. (Bjørn Takle, Brig. verk.)


I Göttingen

I Hannover vart me skilde åt til dei ymse forlegningane. Hovudkvarteret låg i Northeim, og dit reiste dei fleste. Brigadeverkstaden for våpen, bilar og ymse anna låg i Göttingen. Der vart eg stasjonert, og arbeidsplassen min vart våpenverkstaden. Mykje av arbeidet var å ta ut pussedottar frå geværpiper etter uforsiktig våpenpuss. Når det var lite å gjera på våpenverkstaden, hadde me mykje vaktteneste. Eg lika meg godt, og angra ikkje ein dag på at eg hadde søkt meg inn i Tysklandsbrigaden.
Me hadde streng ordre om ikkje å vise hat eller hemntankar overfor tyskarane. Framferda skulle vera pen og pynteleg – med fast vyrdnad. Dette trur eg me heldt til punkt og prikke i avdelinga mi, og difor fekk me eit got forhold til sivilfolket i Göttingen. Me hadde ein stampub som heitte "Den gyldne løve", og der var me mykje i fritida. Og då var me storkarar som kunne spandere sigarettar og ymse snop som ikkje fanst for tyskarane.
Forlegningen vår var flott. Det hadde tidlegare vore ein SS-leir, og dei karane hadde vel fått det beste. Eg kan nemne at inne på området var det ein heilt spesiell øvingsskytebane for nærkamp. Der hadde me mykje moro i øvingsskyting med maskinpistol.
Det var mange som klaga på maten – ikkje for det at maten var dårleg, men det var for lite. Alt var etla. Til frukost var det oftast to loffskiver, ein liten smørklatt, to små pølser eller ei lita flyndre. Til drikke var det te – sjeldan kaffi. Middagen var som oftast "corned beef" (daud mann i boks) eller ei litt større flyndre, og to poteter. Det var godt, men me vart matleie. Risengrynsuppe med rosiner fekk me også, og suppa var svært god. Men som tidlegare nemnt vart alt etla, og ingen fekk meir enn det som var tilmålt. Kveldsmaten var stort sett det same som frukosten. Når me var på vakt om natta fekk me ei skive og varm te. Det var nok lite, men eg vande meg til det og klara meg godt.
Om kveldane kunne me vere på kantina. Der fekk me kjøpt lettøl – 6 kr. for eit kokekar. Mange sat der heile kveldane og pimpa. Ein trønder kommenterte dette slik: "Ei hand i kokekaret og ei hand i pikken." For ein måtte ofte på do.
Me hadde ei fin ordning den første tida eg var der. I helgane fekk me gratis bensin og bil for å køyre turar så me kunne sjå oss om. Dette nytta eg meg mykje av. Eg kan nemne ein slik tur til konsentrasjonsleiren Bergen Belsen. Leiren stod då stort sett slik som tyskarane forlet han i 1945, og gjorde eit sterkt inntrykk på oss, med oske i krematorieomnane, appellplass, galge og ymse annan djevelskap. Me var unge og modige den gongen. Men eg trur me gjekk stilt inn og ut, og truleg vart det også turka tårer. Eg kan hugsa det var ein som sa at "dette er vel helvetets forgard" – og me tykte det gufsa kaldt av uhygge.
Eg har vore der to gonger sidan. No er det ein minneplass – ein park tilplanta med røsslyng. Men uhygga er der, for på plater på massegravene står det at her ligg det 100 – 500 – 1000 – og så bortetter. "Merket det stend om mannen han stuper" står det på minnetavla til dei nordmennene som miste livet der. Siste gongen eg var der (brigadetur) la me ned blomar ved minnetavla. Like i nærleiken var det polakkar i same ærend. Me forstod lite av språket. Men ein god klem frå andre lands menn som hadde følt det same, gjorde at me likevel forstod kvarandre.
På ein av desse helgeturane kom me også til Berlin for å sjå oss om. Byen hadde fått ein frykteleg medfart – ruinar så langt ein kunne sjå. Parkskogane var sundskotne, det stod att berre stubbar og fliser. Sonemerket til russarane var stort og ufyseleg. Stalin stod på ein stor sokkel med ein tank og ei kanon på kvar side. Det vart sagt at det var desse våpna som fyrst skaut inn i Berlin. I framkant av sonemerket stod ein russisk æressoldat i givakt. Du såg ikkje at han blunka. Den amerikanske og den britiske sonemerka var så vidt synlege. Me var inne i restane etter Rikskanselliet, og har to murfliser derifrå som suvenir. Like i nærleiken låg bunkeren der Hitler skaut seg. Der var me også inne. Utanfor var det tyskarar som selde krigsmedaljer mot sigarettar, mellom anna kunne me skaffa oss Jernkross med eikelauv. Alt ein fekk kjøpe i Tyskland då var mot sigarettar. Det var vel ikkje mange som kom heim att utan fotoapparat som dei hadde bytta til seg mot sigarettar.
Det var ymse tiltak frå velferden ein kunne vere med på. Mellom anna kunne ein gå på jakt på rådyr, villsvin og kaninar. Eg nytta meg mykje av dette og eg skaut nokre rådyr. Men villsvin fekk eg aldri has på. Men det vart skote ein del villsvin, og dei var svært gode.

Lengst til høgre Torleif Skrede som miste livet ved ei tragisk bilulukke ved grensa mellom Tyskland og Danmark.

I tillegg til at vi hadde hver vår motorsykkel å ha ansvaret for, hadde hvert lag sin jeep som vi brukte på patruljetjeneste om kveldene. Her har jeg vedlikeholdstjeneste. Den lille gutten på stigbrettet hadde vi ofte besøk av, og det ble et fortrolig forhold mellom oss. (Alf Finnerud, Militærpolitiet)

Etterkrigsnaud mellom tyskarane

Straks utanfor leirområdet budde det mange krigsenkjer med borna sine. Dei levde under kummerlege forhold. Det var berre ein trong gardsplass mellom kaserna vår og bustadene deira. Kvar fredag då me fekk ein gratiskvote med sigarettar og ymse snop, stilte borna seg opp og gjorde ymse kunster så me skulle leggja merke til dei. Me hivde då sjokolade, drops, kjeks og tyggjegummi over gjerdet. Eg hugsar enno ei regle som me lærde oss: "Hast du kaugummi für mich?" Desse borna fekk mykje godsaker hjå oss, så mellom dei var me svært populære. Me vart inviterte på hagefest med dei, og velferden vår heldt festmaten. Då var det barneglede der som om det var julaftan her hjå oss.
På den andre sida av leiren budde heimlause flyktningar – såkalla "displaced persons". Dei budde i nokre falleferdige brakker, gisne som naust og med dårlege tak, og overfylte av stakkarar i alle aldrar. Der var det vald og styrke som rådde. For oss unggutane som kom frå trygge og gode heimar var slike tilstandar hard kost.
Me var i Göttingen til dagane føre jul. Då braut me opp der og reiste litt lenger nordaustover til Goslar – til ein stor militærleir med namnet Flügerhorst. På grunn av ein feil i forsyninga var me utan mat i to dagar. Me opna då ein del julepakkar på forskot og litt mat fann me. Elles lurte me oss inn i lag med nokre britiske soldatar og fekk oss litt mat på den måten. Men det retta seg – og då var maten som før. I denne leiren gjekk livet på same vis som i Göttingen, med verkstadteneste og vaktteneste.
Noko av det eg hugsar best frå denne tida, hende ei kald vinternatt i januar 1948. Eg hadde vakt. På grunn av kulden og vinden lurte eg meg inn i gangen til kaserna for å få litt ly, endå me var godt vinterkledde. Då eg stod på trappa der, såg eg eit menneske som småsprang inn til kaserneveggen. Eg ropte "Holdt!" men vedkommande stoppa ikkje med det same. Heldigvis skaut eg ikkje. 30 skot frå maskinpistolen på kloss hald – eg torer ikkje tenkje på det. Eg har vore lukkeleg alle mine dagar for at eg ikkje opna eld den gongen. Personen var ei dame i 30-40 åra, frykteleg redd, for ho trudde eg var ein russar. Redd var eg og. Eg forstod ikkje kva ho sa. Eg fraus i mi gode vinteruniform, men ho – stakkar – hadde shorts, sandalar og ankelsokkar, men ei god jakke. Med seg bar ho ein liten tøypose med ein liten brødskalk, to poteter og noko hudkrem eller salve i. Den andre vaktposten kom til, og me tok dama med oss inn på vaktstova og tilkalla vaktkommandøren. Han kjende mannen hennar, som var grensepoliti. Ho var komen over frå austsona om natta. Fortviling vart til glede for den forfrosne og svoltne dama, som fekk varm te og brød av oss. Eg hadde vore i min fulle rett om eg hadde skote, men eg gjorde det ikkje, og det vart ei lukkevakt for meg.
I leiren var det mange unge kvinner som arbeidde på kjøkkenet, der dei serverte og vaska for oss. Me var strengt åtvara mot å få noko forhold til desse kvinnene, og det trongst nok. Men det var mange kjekke jenter der. På grunn av krigen var det eit stort underskot på gutar – difor var me ettertrakta. Dei trudde vel kanskje at me kunne gje dei ei betre framtid enn dei elles kunne få, så vonlaust som det såg ut for dei. Me hadde ei smilande serveringsjente – alltid i strålande humør. Men ein dag var det berre gråt. Ho fortalde at skorne hennar var heilt utslitne og det ikkje var nye å få. Me i verkstad troppen kjøpte nye til henne på ei amerikansk kantine. Sorga vart snudd til glede, og ved frukostbordet neste dag fekk alle ein smellkyss på kjaken.

Her er vi kommet vel hjem til Norge med kassen inneholdende alle de tingene som vi hadde byttet til oss mot sigaretter. Det var et spennende øyeblikk. (Alf Finnerud, Militærpolitiet)

Attersyn

Eg har vore der nede att nokre gonger og vitja dei stadene der me var. Ein kjenner seg ikkje att. No er det berre velstand så langt ein ser.
Me var inne i leiren i Goslar ein gong me var der. Det var rart å komme inn i matsalen der me sat som soldatar. Også denne gongen vart me serverte middag – men no av den tyske heren – og me vart hjarteleg mottekne. Eg var også nede på trappa der eg stod vakt den vinternatta då eg heldt på å skyte den forfrosne kvinna – godt eg ikkje skaut.
Tida i Tysklandsbrigaden var ei morosam interessant og spanande tid eg ikkje ville ha vore forutan.