Lastebilsjåfør i trentroppen

Av Trygve Fylling, II Bn.

Me reiste frå Ulven med tog til Porsgrunn, til ein leir der me var i rundt 14 dagar. Derifrå bar det ut til Herøya, der me gjekk om bord i ”Svalbard”. I leiren ved Porsgrunn opplevde me ein episode. Me stod inne i ein gang, me skulle få utlevert eit eller anna og brått datt golvet ned under oss så me stod med hovudet i høgd med dørstokken! Me var for mange, veit du, det vart for tungt. Me stod alltid i kø for eitt eller anna!
Dette var fyrste turen ”Svalbard” gjekk. Kaldt og fælt var det då me reiste nedover, det låg is i heile Nordsjøen. Fyrste opplevinga me hadde var eit fyrskip som låg oppankra ute i Nordsjøen, innefrose i isen, dei signaliserte til oss at dei ikkje hadde mat om bord. Det var skrøpeleg den gongen. ”Svalbard” gjekk borttil og fekk hivt nokre sekker med brød om bord. Du veit ”Svalbard” braut isen, han, han hadde då 18000 hestar om bord!
Så kom me til Cuxhaven i Tyskland, men det tok ein 2-3-4 timar før me kom til kai på grunn av isen. Så kom me i land og vart køyrde opp til eit gamalt hus, der me skulle liggja om natti. Det fanst ikkje glasruter i huset, vindaugo var attspikra med fjøler. Der var dobbeldørar som reid kvar sin veg, men det var slik gjennomtrekk at når du gjekk inn gjennom den eine så fauk hi opp med slik kraft at om nokon kom andre vegen kunne han vorte skamslegen. Så låg me der om natti, og om morgonen skulle me då vidare med tog til Hannover. Det gjekk bra, men så kom sjefen, han skulle han ha fire stykke til å halda vakt på bilen, ein personbil han hadde med seg. Eg melde meg saman med tre andre. I vognene var det vedomnar og ved til fyring. Bilen stod på ei vogn langt bak, og sjefen sa at bilen var fylt opp med bensin slik at me kunne ha varmeapparatet på. I bilen var det radio òg, så me hadde det fint der. I Hannover fekk me suppe, men me var så langt bak i toget, langt frå der dei serverte, ja, me fekk tak i maten, men det var på hekta håret at ikkje toget gjekk frå oss! Vidare gjekk toget til Hameln der me vart omlasta til lastebilar, som køyrde oss det siste stykket til Gandersheim, der me vart innkvarterte på ein tidlegare motorsport-skule.

På transportoppdrag utan kart

Dagen etter fekk me utlevert bilar, eg fekk ein 3,5 tonns lastebil, og så byrja me køyringa med ein gong. Fyrste dagen fekk eg ein tur til Immersdorf for å henta kol, eg reiste åleine og langt å køyra var det. Ikkje fekk eg kart heller, det var berre å fylgja med og spørja, og då var det ”gerade aus” og ”links” og ”rechts”, så me måtte læra litt tysk òg! Men eg kom no fram og fekk lasta og køyrde tilbake att. Så køyrde eg material frå ein by som heiter Bielefeld, men då hadde eg tyskarar med til å lasta og lossa, det var kjekke karar, det. Eg køyrde også bensin, mellom anna til Höxter. Bensinen vart henta på jerrykanner i Northeim, der transportkompaniet låg. Til å begynna med hadde me gevær med i bilen, men det var så trongt, seinare fekk me maskinpistolar i staden.
Det var 40 tyskarar som arbeidde i leiren, som kokkar og anna. Det var mykje reparasjonsarbeid i starten, både inne og ute. Huset var ikkje i orden den dagen me kom, men nokre rom var nokså bra. I byen hadde me kantine, som vart kalla Ulvehiet, med tyskarar som spelte om kveldane. Der var samla mykje folk, for kantina var ikkje berre for nordmenn. Det kom også engelskmenn der, og jugoslavar, det var noko fæle fantar, sume av dei, så me hadde no aktivitet om kveldane.

Proviantering

Eg køyrde også proviant. Me lasta brøda som om me køyrde eit lass med famneved. Me gjorde lasset klart opp under presenningen. På turen attende til leiren køyrde me gjennom ein landsby, der vegen ein stad gjorde ein skarp sving. Dei hadde fiksa presenningen slik at det ramla ut nokre brød i svingen, det var sjefen som ordna med det, eg hadde ikkje noko med det å gjera. Det var for ungane si skuld, dei sprang no der, berrføtte.
Me var på jakt òg, ein 15-20 stykke av oss, og det vart skote eit villsvin, svart og med ragg som sikkert var bortimot 30 cm. langt. Grisen køyrde me tilbake til leiren, og der var det truleg tyskarar som laga han til. Han kom godt med, det vart ein ekstra middag.
Det var mange som syntest matrasjonane var små. Om morgonen fekk me ei skive, med ein klatt smør så stor som naglen min, litt større kan hende, og så litt syltetøy. Alt låg på skiva, så me berre smurde det utover, heile greia, og så fekk me te til. Det var heile frukosten. Vatnet hadde me ikkje lov til å drikka, det var strengt forbode.
Til middags var det litt ymse, me fekk fisk også, og fiskepudding og kjøt. Til kvelds var det brød att, men då var det gjerne noko anna til pålegg. Kveldsmaten var tidleg, og seinare var det ikkje noko å få om kvelden. Så då hadde me ikkje anna å gjera enn å byta med tyskarane, me bytte til oss maismjølsbrød for sigarettar, det var ein sigarett for eit brød. Eg har aldri sett slike rare brød, dei var heilt gule. Eg åt mykje maismjølsbrød nedi bakeriet der i Höxter, eg, men du veit eg tenkte på hønsi medan eg åt. Men brøda var gode!
På tur

Eg hadde to vinklar fordi eg var sjåfør, så eg hadde kr. 3,50 for dagen, 50 øre tillegg for kvar vinkel. Sundagane fekk me lov til å bruka bilane til å reisa på tur med. Eg var fleire turar frå Höxter og ned til Belsen, til fangeleiren frå krigsåra. Det var ikkje noko museum der, den gongen, alt stod slik som det hadde vore. Ingen ting var jamna med jorda, porten stod der og det var stor, fæl netting rundt leiren. Me såg gasskammeret og ein god del av dei støypte cellene, dei var grueleg små. Ved krematoriet låg det haugar av sko, akkurat som høysåter, og hår av menneske, me fann til og med bein sume stader. Me såg òg plassen der dei skaut fangar som skulle avrettast. Det var ein mur der og ein platting som offera stod på, og på muren bak såg me høgdi etter skoti. Og så alle gravene som var der, russarane låg for seg sjølve eit stykke frå dei andre. Alt dette gjorde eit sterkt inntrykk.
Elles køyrde eg soldatar som skulle på ferie i Danmark til Flensburg, og på ein slik tur opplevde eg at kløtsjen rauk på bilen min. Det hende inne i Hamburg, på heimturen, og på den tida var byen berre ruinar, ikkje hus og ikkje skilt. Dette skulle me køyra i gjennom, og det var ikkje nådig å køyra gjennom ein ruinby utan skilt! Me var to bilar som køyrde i lag og me hadde med ein hjelpesjåfør som skulle byta med oss, ein gong med meg og ein gong med den andre. Frå Hamburg til Höxter var det ein 50-60 mil. Eg køyrde føre, svarte natta var det og dårleg ljos på bilen. Så køyrde eg feil, eg tok av for tidleg og kom inn på ein open plass mellom ruinhaugane, i belgjande mørker, det fanst ikkje eit ljos. Eg skulle til å rygga, og ”klikk!”, der rauk kløtsjen. Der stod eg, mått spint åleine og midt i svarte natti. Eg såg hine, dei kom og for forbi utan å sjå meg, og der stod eg att. Det var ikkje anna å gjera, eg sette meg inn att i bilen og såg og høyrde både eitt og hitt, det var ikkje nådig. Dei hine hadde køyrt ei god stund, men kunne ikkje fatta at dei ikkje såg meg att nokon stad, og så snudde dei til slutt. Då hadde eg gått ut av bilen og gått bort til vegen, våpenet hadde eg med meg. Og heldigvis, der kom dei. Så var det ikkje anna å gjera enn å slepa heile den lange vegen attende til leiren. På turen tok det til å skorta med bensin på slepebilen. Eg hadde med meg eit spann med vatn, det tømde eg, og så tappa me bensin frå min bil og fylte på den andre. Dei andre to byttest om køyringa medan eg måtte sitja å styra heile vegen. Me vart søvnige, og så ser eg bilen deira sakte køyrer til sides, då måtte eg bråbremsa for å vekkja dei, då skvatt dei til og inn att i vegen bar det. Me køyrde heile natti, det var eit fælt slit. Det vart betre då me kom til Harburg, då fekk me køyra på autobana. Mellom Hamburg og Harburg var autobana stengd og fylt med gamle bilar og motorsyklar og fly og skrap, mil etter mil, det var eit syn! Frå Harburg kunne me køyra på autobana til Hannover, og det var lett å køyra der, den gongen. Ikkje var det noko trafikk, og det var berre gras mellom køyreretningane, så dersom me køyrde feil, var det berre å køyra over og ta full fart andre vegen. På autobana drog eg ofte ut handgassen, og så var det berre å sitja der og styra!


Soldatar frå Brigade 471 på permisjon i København. (Lars Jordal, II. bn.)

Til Danmark med eigen bil

Eg òg var på ferie i Danmark. Me var 5 sjåførar som gjekk til sjefen vår og spurde om å få låna ein 3/4-tonnar, me ville på ferie til København. Det var visse problem med det, for me hadde eigentleg ikkje lov til å køyra inn i eit anna land med våre militære køyretøy. Eg er ikkje viss på korleis han fekk ordna det, men han snakka no med ei eller anna dansk styresmakt slik at me fekk lov å køyra inn i Danmark med 3/4-tonnaren vår. Så laga me til bilen. Det var berre plass til to i førarhuset, dei andre tre måtte sitja ute i den vesle karmen, ja, dei sat no nesten ute dei andre òg, det var no nesten ikkje noko førarhus, berre ein presenning til tak. Bak laga me til ein slags hagebenk. Bensin fekk me òg, me tok med oss nokre jerrykanner. Fyrste dagen køyrde me frå Höxter til Flensburg, vidare over grensa og til Kolding i Danmark. Der overnatta me på eit jorde, me hadde telt med oss. Om kvelden måtte me på byen, veit du. Morgonen etter reiste me vidare, over Lillebælt og med ferja over Storebelt. Me slapp å betala, dei såg me var soldatar, spurde
ikkje ein gong etter pengar. Me fekk ikkje reisa i sivil, så me var i full uniform.
Me kom til København om kvelden og køyrde rett gjennom byen, me ville finna oss ein plass å kampera på, me køyrde ut til ein stad ved Øresund, der det var eit svært tivoli. Men der hadde me ikkje råd til å vera for eg hadde ikkje meir enn kr. 3,50 som eg reiste på ferietur med, me var blakke alle saman! Me fann oss ein stad til natti og dagen etter køyrde me inn i København, me køyrde så lenge me hadde bensin. På resten måtte me til å tigga, det var ikkje anna å gjera. Så kom me i lag med nokre jenter. Dette var ein familie, og jamen bad dei oss med heim til seg og der vart me bedne på middag. Me fekk liggja der om natti, alle saman inne i stova. Me hadde det så bra som det gjekk an, me, og måtte berre koma att, sa dei. Ja, dei tok så vel i mot oss, og der vart me verande heile tida til me skulle attende. Me hadde det norske flagget på uniforma, og dei tykte vel synd i oss. Me var der jonsokaftan, då køyrde me opp til Helsingør der det var ei svær jonsokfeiring. Dei skaut opp rakettar i retning mot Sverige og svenskane skaut i retning mot oss, det var fint å sjå!
På vegen attende køyrde me feil, eg hugsar me køyrde forbi Roskilde, og meiner du ikkje me hamna oppi ein brudlaupsgard. Me var komne inn på ein sideveg, og så måtte me heilt inn på garden før me fekk snu, og der var det dekka opp på eit svært langbord. Det vart eit fælt liv, veit du, me kom inn med den fæle lastebilen. Det kom ein springande og sa at me mått koma med han, me måtte ha mat. Så var me i brudlaup då, resten av natti.
Derifrå køyrde me direkte sørover att. Men me måtte fyrst bort på Kastrup flyplass. Der møtte me nokre flygarar som me bomma for bensin. Me hadde noko, men måtte ha minst 30 liter til. Dei gav oss pengar som me kjøpte bensin for, og då me kom til Kolding fekk me bensin, for der var det ein militærleir. Du spør om maten når me ikkje hadde pengar. Me var heldige og fekk mat, så me slapp bomma. Men svoltne var me no, nokre gonger. Men me var unge!


Fyrste sida av leiravisa for Gandersheim og Kreiensen. (Lars Jordal, II bn.)