Soldat i eit krigsherja land

Av Olav Lundestad, Panserverntroppen, II bn.

Det har vore skrive fleire bøker om Tysklandsbrigadane, og bøkene gjev til saman ei god historisk framstilling av brigadane sitt oppdrag og føremål. Med denne boka skjønar eg det slik at det kan vera interessant å høyra om ymse hendingar og opplevingar som den einskilde soldaten hadde, også utanfor tenestetida.
Sjølv var eg oppsett i panserverntroppen, og vart seinare kanonskyttar. Pv-troppen var samansett av mannskap frå IR 9 og 10. Troppssjef var løytnant Eikemo og nestkommanderande var fenrik Svarstad. Opplæringa i Noreg fekk vi på Ulven og på skyteskulen på Lillehammer. I Tyskland var det i Höxter og ved det britiske artillerisenteret i Münster Lager, og elles på ymse øvingsfelt i den engelske sona i Vest-Tyskland.

Slik møtte vi Tyskland

Med troppetransportskipet ”Svalbard” kom 2. bataljon til Cuxhaven 8. februar 1947. Sjølv var eg med dei som hadde vakt på skipet under overfarten og ved lossinga, og vart den første som steig i land frå skipet. Det var kaldt vinterver, minus 15-20 grader, og frostrøyk over byen, som på ingen måte var noko tiltalande syn med alle dei skadde bygningane som stod som ruinar etter bombinga under krigen. Likevel var dette berre ein forsmak på det vi seinare fekk sjå.
Det var mykje utstyr som skulle på land, og det måtte ta si tid. Etter kvart samla det seg mange born og ein del vaksne tyskarar i kaiområdet. Innpakka i det vi må kalle restar av klede, og med sko som berre minte om det dei skulle vere, hadde dei ikkje mykje vern mot kulden. Sigarettsneipar som soldatane kasta, plukka dei opp med ein gong, det vart ei verdfull vare i bytehandel.
Togreisa til Gandersheim, dit vi skulle, tok lang tid. Vi var ikkje framme før natta til 10. februar, ei reise som normalt burde ta 3-4 timar. Noko luksustog var det just ikkje. Av grunnar som vi ikkje greidde å få klårleik i, var det ikkje mogeleg å få varme i meir enn ei vogn. Dei andre vognene var iskalde, og i nokre av dei var vindaugo knuste og borte. Det var mange stogg undervegs, og farten var heller ikkje stor når toget var i gang. Maten vi skulle få på vegen vart det lite med. Sume åt då opp reserveprovianten, og det fekk dei sjølvsagt straff for seinare.
Sterkaste inntrykket på ferda sørover fekk vi av dei stakkars borna som stod langs med jernbanelina med triste og bedande augo, svoltne og lite kledde i den stride kulden, i von om å få noko hjå oss.

I Bad Gandersheim

Støttekompaniet skulle ha kvarter i sjølve byen, i utkanten av byen, i hus som var bygde like før krigsutbrotet. Husa såg bra ut, men inne i husa var det om lag ingen ting å hjelpa seg med. Det meste var øydelagt eller stole av flyktningar eller tyskarar. Vi laut berre klare oss som best vi kunne. Verst var det med vatnet. Det var frose alle stader så nær som i nokre av kjellarane. Dessutan var det udrikkande på grunn av ureining og innhald av ymse mineral. Så no vart det mest berre te til drikke, og det fekk vi rikeleg av kvar vi enn var, heile brigadetida.
Utedo hadde vi på baksida av huset, og der kunne det ofte vere kø. Det var heller ikkje serleg moro å gå dit i snødrev og 15-20 kuldegrader. Heldigvis stod der omnar att i dei fleste av romma. Ja, den første tida i Bad Gandersheim var ei hard påkjenning for både befal og meinige.
Det var mangt ein kunne ynskt var betre av det utstyret vi hadde, og av det vi kunne få tak i. Men eg minnest ikkje at det vart klaga på noko anna enn at det var for lite mat. Det var heller ikkje nokon serleg hugnad å ta skjegget med kaldt vatn kvar morgon, og med blad som var bitlause. Når ein var ferdig med det som skulle vera barbering, kjendest det som andletet var handsama med rasp. Og når ein så stilte på linja og vart kommandert inn att for å ta skjegget på nytt, då tenkte ein ikkje nett så fagre tankar.
Vinteren vart hard, med mykje snø, endå til for oss som var vane med store snømengder heimanfrå. Det var eit godt og variert skiterreng kring Gandersheim, og troppen hadde fått utlevert gode terrengski, men bindingane var ikkje mykje å skryte av. Det vart drive infanteritrening på ski, og ein del av oss dreiv dessutan langrennstrening, med tanke på tevling i bataljonen og dessutan alliert meisterskap. Vi som var med på dette, fekk ein serskild setel på at vi kunne vere ute og trene når vi hadde høve.
På ein av desse treningsturane var det eg første gongen oppdaga at det ikkje berre var den meinige soldaten som tykte det vart for lite mat. I skogane var det godt med hjort og dådyr, og sume av dyra vart i all løynd til mat for soldatane! Eg var ein gong vel ei knapp mil frå Gandersheim då eg høyrde fleire skot inne i skogen. Sjølv hadde eg ikkje våpen med meg, men eg fann ut at eg ville røkje etter kva det var. Eg lurte meg varsamt fram frå tre til tre og i løynd av krattskogen i den retninga skota kom frå. Då eg kom nærare, høyrde eg rop og høgrøysta samtale – på norsk! Eg gjekk vidare, men ikkje så varsamt lenger, og ved eit bøkekratt stod to personar og såg på to dådyr som låg i snøen, ille tilreidde av fleire skot med stengun. Det var nok ikkje jaktvane folk som var ute. Det sa eg tydeleg frå om, og dei vart ikkje nett så blide. Slakting hadde dei lite kunnskap om, og det enda med at eg overtok ein lite eigna kniv og fekk unna slaktinga på ein nokolunde skikkeleg måte. Nokre kveldar seinare vart eg beden til eit godt kjøtmåltid på rommet deira, men i all løynd.


Dag 1 i Gandesrheim reiste vi det fyrste bygget vårt, ein utedo på baksida av bustadhuset. I 15-20 kuldegrader sat vi ikkje der lenger enn det var naudsynt.
(Olav Lundestad, II. bn.)

Tilhøvet mellom befal og meinige var sers godt, og alle gjorde sitt beste for å fylle den oppgåva dei var sette til, anten det var i tenestetida eller det som skulle vore fritid. I tillegg til den ordinære treninga var det og mykje vakter og ekstra arbeid. Diverre vart det ein del sjukdom i den troppen eg høyrde til, mellom anna var det nokre som fekk lungebetennelse.
2. bataljon vart flytta frå Gandersheim til Höxter, ein garnisonsby ved elva Weser. Dette vart ein stor omsnunad for oss. Det var som å kome til eit fyrsteklasses hotell. Store og romslege kaserner, flislagde bad, og sentralvarme. Ute var det eit stort symjebasseng, oppstillingsplass og garasjar til alle slags køyretøy og kanoner. Men den belgiske styrken som hadde vore her føre oss, hadde jamen teke med seg alt som var laust, og vel så det. Til og med lyspærer og støpsel var vekke. Første dagane arbeidde vi alt vi vann for å få mest mogeleg i orden. Etter om lag ei veke var leiren slik at det var vel ingen som ynskte seg noko anna. No fekk vi og dei matrasjonane vi var tiltenkte.
Kring Höxter var det skogkledde åsar med flatare jordbruksland ned mot Weser. Nokre hundre meter frå leiren, ved elvebarden, ligg Corvoy kloster med sine enorme eigedomar. Frå dette eldgamle læresenteret kom mange av munkane til klostera på Vestlandet. Det var ikkje tillate for militære å gå inn i klosteret, men vi var nokre som kom i prat med ein gartnar utanfor porten der, og han let oss få kome inn. Det var imponerande å sjå dei gamle bygningane og den kunstnarlege utforminga. Nokre av oss var der fleire gonger, og fekk oss fortalt mykje om soga til klosteret.
I området kring Höxter var det store skogar, mest gran. I desse skogane fanst det mange villsvin-flokkar. Villsvina øydela mykje av avlingane på åkrane i nærleiken. Eg minnest godt fyrste gongen det vart skote villsvin. Troppssjefen vår, Eikemo, tok troppen med på villsvinjakt. Nokre av befalet og vi som var kanonskytterar vart plasserte på gode postar. Resten av befalet og troppen jaga villsvina gjennom skogen mot skyttarane, og ein gris på om lag 80 kg. vart skoten av Eikemo. Med ei av beltevognene køyrde vi villsvinet til bataljonskjøkkenet og ordna med slaktet der. Knut Brynestad og eg, som båe var vane med slakting, fekk arbeidet med det. Villsvin må flåast. Det samla seg mykje befal som ville sjå på jaktfengda og matauken, og det enda med at fleire troppar prøvde jaktlukka. Brynestad og eg vart sidan ofte utkommanderte til å vere med som skyttarar og slaktarar. Slett ikkje alltid vart det noko dyr på oss, men moro var det, og kjøtet smakte sers godt. Diverre var det sume av dei som prøvde seg på jakt som hadde for lite kunnskap om det, – serleg om korleis ein måtte lage til den ammunisjonen ein skulle bruke. Det vart difor ein del skadeskyting, og villsvin som vart såra, var svært farlege. Dessutan vart det uturvande skote hjort og dådyr som var drektige. Difor vart det heldigvis forbod mot all slags jakt på slutten av tida til brigade 471 i Tyskland.
I Höxter var det full vår då vi kom dit, og sumaren vart heit og god etter kuldevinteren. Dette gjorde opplæringa og treninga mykje lettare og meir effektiv. Panserverntroppen, som eg høyrde til, hadde lite samband med dei andre kompania i tenestetida, anna enn når det var manøver av noko slag. Slik var det nok og med dei andre troppane i støttekompaniet.

Gatebilete frå Höxter . (Olav Lundestad, II. bn.)

Vi var fullt motoriserte, med to beltevogner til kvar kanon, nokre motorsyklar, ein jeep, og lastebilar. Kanoneksersis og teori hadde vi for det meste i leiren, men all trening elles var ute i terrenget. Vi var dessutan i lengre tid på det britiske artillerisenteret Münster Lager. Då vi var ferdige der, kjende vi oss nok litt byrge, for den britiske sersjantmajoren som leidde opplæringa, sa i talen sin: ”Dette er ein av dei aller beste troppane eg har hatt både i krigs- og fredstid.” Troppen vår var elles på fleire britiske skytefelt. I tenesta for vi såleis over store avstandar og fekk på den måten sjå mykje meir enn dei som laut halda seg i leirane og dei næraste områda. Troppsbefalet sytte og for at vi fekk sjå mest mogeleg. Når øvingane varde i fleire døger, overnatta vi alltid i telt.
Vi i 2. bataljon som låg i Höxter, hadde også våre vakter i hovudkvarteret i Northeim. Vaktteneste stod ikkje øvst på ynskjelista, men ei vakt-teneste minnest eg med glede og ville ikkje vore den forutan. For eg var med dei som vart kommanderte i Northeim 17. mai 1947. Det vart ei stor alvorsstund då vi heiste flagget. Ikkje alle augo var turre det bélet. Og då flagget var kome til topps og trompet-tonane stilna av, og så høyre det jublande HURRA! frå meinige og befal som litt unna hadde teke plass for å sjå flagget verte heist 17. mai i det norske hovudkvarteret, i eit land som vi sjølve var okkuperte av berre to år tidlegare, – det var alt saman ei stor og ugløymande oppleving.

Ferieturen

Velferdstenesta skal ha ros for si tilretteleggjing av ferieturar, korte eller lengre, når tida tillet det. I området kring Bloksberg, nær den russiske sona, var det nokre hotell som ofte vart nytta på dei korte turane. Men vi kunne og ta bilturar på ein dag. Det vart helst sundagane. Då for vi gjerne vidt omkring i den britiske sona, eller like godt i den amerikanske. Ein sundag drog fem av oss i ein 3/4 tonns lastebil sørover i den amerikanske sona, der vi fekk ei stor overrasking. Vi hadde parkert utanfor ei kantine og ville inn og få oss mat, då ein amerikansk major gjekk framom. Brått snudde han og kom mot oss att. Han stogga og spurde på norsk: ”Er det nokon nordfjordingar her?” Det var første gongen eg møtte Torstein Rye. Han var frå garden Rye i Gloppen, knapt ei mil frå min eigen heim. Eg hadde høyrt gjete han og kjende godt bror hans og nokre av systrene. Han kjende og godt til mi slekt. No baud han oss på middag i ei offisersmesse. Der måtte eg svare på mange spørsmål om vener og kjende i Nordfjord, og fortelja om ymse hendingar under krigen.
Knut Brynestad og eg fekk løyve til å reisa til Danmark, der vi rekna med å skjøne språket best. Slekt eller kjende ordna vi fort på papiret. Men den pengesummen som vi kunne få veksle inn mot pund, var svært liten. Heldigvis hadde vi bra rikeleg med norske pengar, som vi høyrde kunne nyttast i Danmark. Tidleg om morgonen 20. juni reiste vi frå Höxter med tog til danskegrensa og vidare til ”Copenhagen”. Det var ei oppleving for oss vestlendingar å reisa gjennom det flate og veldrivne slettelandet. Seint om kvelden nådde vi fram, og fekk oss straks rom på eit hotell. Vi fekk då gleda av å oppleve den gode mottakinga som danskane gav oss norske! Fint for oss var det og at vi fekk bruke norske pengar til liks med danske, så slapp vi å vere serleg sparsame.
Vi var på veg gjennom ei av hovudgatene då ein barber kom springande over gata og helste på oss og ville vita kvar i Noreg vi var frå. (Han såg det norske flagget på uniformene.) Vi sa at vi var bergensarar, for vi rekna med at det var den næraste staden han kunne kjenne til på Vestlandet. ”Nei, de kan ikkje vere bergensarar, det høyrer eg.” Og så måtte vi forklare nærare kvar vi kom frå. Då lo han godt, han hadde vore 18 år i Bergen, var trulova med ei jente frå Moane i Gloppen, rett over fjorden frå der eg bur og hadde vore i Gloppen fleire gonger. No skulle kjærasten kome til København om ein månad, og då skulle dei gifte seg. Snakk om å vere heldige! Denne karen tok seg fri i 2 dagar for verkeleg å vise oss mykje av det som var interessant. På desse to dagane var vi innom fleire av slotta, nokre av dei historiske kyrkjene, m.a. Roskilde-domen, der sarkofagen til Peter Wessel Tordenskjold står. Tivoli opplevde vi ein heil ettermiddag og kveld. Siste dagen i København var jonsokaftan, og då fekk vi med oss den vidgjetne landbruksutstillinga på Bellehøy. Der var mykje underleg å sjå for ein gardagut frå Vestlandet. Traktorar og reiskap som få i Noreg hadde høyrt om og endå mindre sett. Her var utstilt fly til å nytte i landbruket. Eine flyet hadde påsett utstyr til sprøyting mot ugras og insekter. Tankane våre gjekk til Vestlandet og jordbruket der. – Vi sprøytte mot ugraset med ei ryggsprøyte som tok 20 liter!
Resten av turen tok vi på andre kantar av landet. Vi var i Silkeborg og på Himmelbjerget, som i våre augo ikkje nett var noko berg. Men høgare enn lendet omkring var no likevel denne haugen. Like før vi reiste frå Danmark brukte vi opp resten av pengane våre til å kjøpe snop og godteri som vi seinare gav til tyske born.
Nokre av oss hadde lenge hatt planar om å få oss ein tur til Rhindalen. Målet var Køln og Kølnerdomen. Høvet baud seg først på sumaren, og 4 mann for i veg tidleg ein morgon. Vi vart storleg imponerte over den mektige katedralen, som diverre var mykje skadd etter bombing, men ikkje verre enn at det kunne vølast. Eit stykke sør for Køln stogga vi ved ein slags restaurant og ville få oss litt øl i heten. Vi forklarte at vi ville betale anten i tyske mark eller med sigarettar. Øl skulle vi få, og dei ville ha sigarettar. Det vart billeg for oss. Dei spurde om vi ville ha noko å ete attåt, og vi fekk nokre småkaker med eit knakande godt fyll. Kakene gjekk fort ned, og vi let vel over serveringa. Tilbodet om to kaker til på kvar tok vi mot med takk. Då vi betalte, spurde vi kva det gode fyllet i kakene var. Jau det, det var steikte sniglar – – ! Eg trur vi hadde takka nei om vi hadde visst det på førehand. Men godt var det. Eg har likevel aldri smakt sniglar seinare, det eg veit om, då!

Eit krigsherja Tyskland

Frå ruinbyen Hannover. (Olav Lundestad, II. bn.)

Dei aller fleste av oss i brigade 471 hadde ikkje vore i utlandet før. Heller ikkje hadde vi sett så mykje av krigsherjingane i Noreg. Det vart difor ei ny røynsle å sjå kva krigens handlingar var, og kva lidingar moderne krig fører med seg, også for dei sivile. Mykje av den norske okkupasjonssona var spard for dei verkeleg store øydeleggjingane. Det førde med seg at mengdevis av flyktningar strøymde til, – og skapte store problem. I nærområdet vårt var det Hannover og Kassel det hadde gått hardast ut over. Byane såg mest ut som steinrøyser, med nokre skorsteinar og deler av murhus-skjelett inn i mellom. Nede i desse steinrøysene fanst det kjellarrom som ikkje var samanrasa, og der budde det fullt med folk som freista å berge livet så godt dei kunne. Lite klede hadde dei, og sunde sko, ofte trebotnar fastbundne med reimar. Det verna lite mot sprengkulden. Steling og slåsting om det som kunne nyttast førde til at dei veikaste ikkje klarde seg. Desse tilstandane var nok årsaka til tyskarhatet i oss kvarv, og vi vart medmenneske. Dei som ferdast litt på og omkring jernbanestasjonen i Hannover på den tida, har sett kva elende er! Det var lite vi kunne gjere med denne tilstanden, men mange brukte mykje av løna si til å kjøpa ymse godteri på kantinene og dele ut til borna. No i ettertid er det rart å minnast ein av våre verste rabbagastar stå i ein barneflokk og passe på at dei minste og veikaste fekk sin del, og at dei fekk ete det utan at dei som var sterkare stal det frå dei.
Sommaren var heit og fin. Såleis vart det mykje betre for tyskarane å klare seg. Mitt inntrykk var at det betra seg med mattilhøva og. I den norske sona var der mykje jordbruksland. Det var teigblanding, og fråstanden mellom landsbyen og åkrane lengst vekke, kunne vere opp til 2 mil. I jordbruksarbeidet såg vi mest kvinner, og ein del krigsinvalidar. Dragkrafta var for det meste oksar, både til pløying og køyring, og alltid i dobbelspann.
Det vart nok ein del bytehandel mellom soldatane og tyskarane. Og vi betalte med sigarettar. Ein handel må eg nemne: Det var ein fabrikk i Höxter der dei laga kunstige tenner. Ein av soldatane ville gjerne få seg nytt gebiss, og var inn på fabrikken og spurde om dei laga ferdige proteser. Det gjorde dei til vanleg ikkje, men dersom han kunne betale med sigarettar skulle dei ordne det. Tre dagar seinare kunne han ta nye tenner i bruk, både oppe og nede. Betalinga var 80 sigarettar, som han hadde gjeve om lag tre øre stykket for.
I Höxter arbeidde nokre hundre tyskarar i leiren, både kvinner og menn. Vi kom såleis meir i kontakt med sivilfolket både i leiren og i byen enn vi hadde gjort tidlegare. Det var dessutan heilt klårt at dei sivile hadde betre tilhøve til dei norske soldatane enn til dei britiske. Etter at 2. bataljon i Höxter (vi altså) ordna opp i flyktningeleiren i Hann-Münden, der det var 2600 nazi-polakkar og om lag 600 kvinner og born, vart det synt merkbart stor vyrdnad og tillit til den norske styrken. Desse flyktningane hadde terrorisert folket vidt i kring i lenger tid. Ein tyskar sa det om lag slik: Den norske soldat har berga oss frå fanden sjølv! Ofte gjekk vi på tyske restaurantar, og når orkesteret såg at det kom norske soldatar, spelte dei med ein gong norsk musikk. Eg snakka og med fleire tyskarar som hadde vore i Noreg under krigen.
Sume av oss var ofte til gudsteneste både i protestantiske og katolske kyrkjer. Serleg var den katolske gudstenesta ei stor oppleving, då det var så uvanleg for oss. Kyrkjene var alltid fullsette dei gongene eg var der. Og den salmesongen vi fekk høyre, var fabelaktig. Dei som var til stades i ei protestantisk kyrkje når lyden song Luther-salmen ”Vår Gud han er så fast ei borg”, vil neppe gløyme det nokon gong.
Tida i brigade 471 var ei opplevingsrik tid både på godt og vondt, og gav meg ein lærdom som eg aldri ville vere forutan.

Ordren utførd, klare til avmarsj heimover til Ulven og Noreg. (Olav Lundestad, II. bn.)