Ruinbyar

Minne frå brigade 471

Egil Seger

Sjur Almeland

Ruinbyar

Lars Jordal, II. bn. Brig. 471

I 1940 stod eg på Hjelle heime på Voss og såg kor den svarte røyken valt opp frå Vangen mot den snøkledde Lønahorgi i bakgrunnen, det var eit syn som festa seg i sinnet. Men det var berre bagatellar mot det vi kom ned til i Tyskland. Vi køyrde gjennom Hamburg med tog, der det var berre ruinar. Det var stor naud mellom folk, som budde i ruinane i bitande kulde. Dei såg ut til å vera trøytte av alt som heitte krig. Før me reiste til Tyskland fekk me høyra at det kunne vera geriljaverksemd der nede, men det såg me ikkje noko til, heldigvis. Folk hadde tydeleg fått nok av det som hadde vore.
Vi fekk litt kontakt med den vanlege tyskaren og. Etter reglementet skulle vi opptre korrekt og høfleg, og ikkje fraternisere med tyskarane. Men det vart nok gjort, vi fekk utdelt sigarettkvotar, og sigarettar og tobakk var svært gangbare varer. Det vart ein del handel med tyskarar og deira kontaktar der, og vi kom no i prat med sume av dei. Den nazistiske og prøysiske anden merka vi ikkje noko til, når dei ikkje hadde uniforma med skaftestøvlane og ridebuksene som vi var vane med å sjå medan dei var okkupasjonssoldatar her i landet.


Ruinar i Hamburg (Lars Jordal, II. bn.)

Det mest dramatiske eg var med på var ein razzia i ein flyktningeleir for såkalla displaced persons, der det mellom anna låg ein del polske nazistar. Vi var kjende med at dei hadde våpen, og at ei britisk avdeling hadde prøvt ein razzia der før, utan å lukkast. Vi var samla i ein stor ridehall før vi skulle gjennomføra dette oppdraget, og eg hugsar godt sluttreplikken til bataljonssjefen vå, oberstløytnant Løvlie:"Husk på det, gutter, jeg vil ikke ha noen unødvendige begravelser her nede." Det var såpass tøft. Vi nærma oss leiren midt på natta, utan lys på bilane. Sume grupper skulle omringe dei ulike kasernene, andre skulle gå inn. Trass i at det skulle vera ei overrasking, verka det som nokre hadde fått eit lite hint om vi kom, for når eg kom inn på eit rom, låg det på bordet ei skive som var halvt påsmurd, men manne som hadde smurt skiva var vekke. Vi tok ein del våpen, razziaen gjekk fint og vi fekk skryt etterpå, for vel utført arbeid. For at vi ikkje skulle verta skulda for noko, vart vi kroppsvisiterte alle mann før vi drog derifrå. Ingen skulle kunna påstå at vi hadde stole noko inne i desse brakkene.

Torbjørn Håtveit

Minne frå brigade 471

Av Torbjørn Håtveit, Kp. C, II. bn.

Eg hugsar godt den måndagsmorgonen, 2. september 1946, då jamaldringane mine og eg reiste med tog til Bergen for å møta på Bergenhus til militærteneste. Festningsområdet låg då i ruinar etter den stygge eksplosjonen ved kaien der i 1944. Me vart så transporterte til Ulven, der me vart gåande i fleire dagar i sivile klede. Etter at me hadde vorte lækjargranska og testa, vart me tildelte dei oppgåvene me skulle ha det komande året. Eg skulle vera ordonnans, og han Anders Johansen, som hadde vore i pølsemakarlære hjå Geitle, han skulle vera bataljonen sin slaktar.
Etter tre veker om lag, då me så vidt hadde lært å kle på oss uniforma nokonlunde, lært å helsa militært og lært å ta på aksel gevær, vart sambandstroppen send til Hærens sambandsskole på Jørstadmoen.

På Jørstadmoen

Faga på skulen der var radioteori, morse, telefon og prosedyre, og ein del koding og dekoding av meldingar. Fyrste tida hadde me ti timar med teori for dagen, men då det leid ut på hausten og det vart kaldare i veret, hadde me ein time slutta orden om morgonen, medan ein av karane la i omnen slik at det vart ein liten lunk i klasseromet til undervisninga skulle ta til. Dette vart lange dagar for meg. Eg hugsar at eg ein dag, i ein av dei siste timane, vakna av ei fæl brøling av den befalingsmannen som sat ved kateteret og las: "Se til og vekk sidekameraten der!" Då han såg at eg vakna, sa han: "Hvis det der gjentar seg, må du få en våt klut å sitte på."
Det var ikkje berre verneplikta me fekk med oss frå Jørstadmoen, for om sundagane hadde me fri etter bataljonsoppstillinga. Det var bataljonsoppstilling kvar sundagsmorgon kl. 9.00, då majoren inspiserte avdelingane og presten heldt andakt. Ein sundag var me til Aulestad og fekk sjå korleis Bjørnstjerne Bjørnson hadde hatt det der, og for å sjå dei Sandvigske samlingane på Maihaugen gjekk det fleire sundagsettermiddagar.
I fyrste delen av desember kom me attende til Ulven. Då heldt me fram med å øva på det me hadde lært på Jørstadmoen, og elles dreiv me ein del slutta og spreidd orden.

Til Tyskland

Ein av dei siste dagane i januar vart me transporterte med jernbane til Porsgrunn, der bataljonen vart forlagd i Kompaniet Frankenleiren og på Vadlamyrane. Kva som gjekk føre seg i Porsgrunn fylgde eg lite med på, for eg var fast kommandert, eg skulle vera ordonnans på adjutanten sitt kontor. Adjutanten, Storås, var reist i førevegen til Tyskland, medan presten, som også var befalingsmann, fungerte som bataljonsadjutant. På adjutanten sitt kontor skulle eg høyra og sjå minst mogeleg, men litt høyrde eg då, likevel. Ein dag kom det ein offiser inn på kontoret, og han heldt då på å seia noko som det ikkje høvde presten å høyra. Presten sa då: "Kan du gjenta det du sa?" "Fanten," svara offiseren. "Ja, jeg kan tenke meg det, for det skal være nokså mye fanter der borte på Åndalsnes," svara presten.
Siste kvelden me var i Frankenleiren skulle kompaniet samlast ute på gangen i brakka, men golvet tolde ikkje så tungt lass, så det brotna ned. Heldigvis var det berre ei natt til me skulle vera der. Neste morgon marsjerte me ned til Hydrokaien, der me gjekk om bord i troppetransportskipet "Svalbard". Det var berre råk ut over Langesundsfjorden, heilt ut i open sjø. Kaldt var det på dekk, så det var best å halda seg innandørs. Der laut no elles eg vera, som framleis skulle vera ordonnans på adjutanten sitt kontor. Då me nærma oss land i Tyskland, var det berre is og atter is i havnebassenget i Cuxhaven. Store isflak skrudde seg mellom skipssida og kaien, så det tok lang tid å manøvrera skipet inn til kaien. Heilt inntil kom me ikkje, så det vart ein lang landgang og gå på.
På land vart me innkvarterte i ein britisk transittleir, eller "camp", som det heiter på engelsk. Det var eit skulehus, utan glasruter, men me fekk utdelte kvar våre to ullteppe til å ha utanpå frakken så me ikkje skulle frysa alt for mykje om natta. Om morgonen fekk me frukost på engelsk manér, det var tre tunne, små kveitebrødskiver med litt smør og kvitost på, og te.
Så var det jernbanetransport sørover. Det var så kaldt at det fraus på glasrutene på vognene, så ville me sjå ut, laut me skrapa vekk isen. Me fekk ikkje mat heile dagen, så alle som ein åt opp reserveprovianten endå om det var straffbart. Fyrst seine kvelden kom me til Gandesheim, der me skulle vera, og tok inn i leiren der, ein tidlegare tysk militærleir som hadde namnet "Hitler Jugend Motorsportkjøreskole". Det var mykje som var i ustand, men sjefen for sambandstroppen hadde god tiltru til karane sine, så me i sambandstroppen fekk i oppdrag å sjekke både telefonen og det elektriske systemet. Det tok vel ei vekes tid, og når det var gjort, vart det mest som ein ferie. Det var bra med snø og fint skiterreng i lia ovanfor leiren, så me gjekk mykje på ski om dagane, og der var velstelt bøkeskog som det var hyggjeleg å sjå.
Men det var maten, det var det lite av. Ein kveld eg var ein tur på byen, var det ein tyskar som baud meg "Brot, zwei und halb Kilo". Kor mange sigarettar eg betalte for det brødet hugsar eg ikkje, men eg var ikkje for vel komen inn på romet før karane tok fram dei store falleknivane sine og skar tjukke skiver av brødet og åt. Brødet var snart oppete, endå det var surare enn det suraste brødet som var i handelen her under krigen. Når me var vakter på proviantbilen til Northeim, var me svært svoltne. Det var ikkje råd å ta eit heilt brød og eta, men me sat med falleknivane og skar skorper av brødet og åt.
Leiren i Gandersheim var for liten, så Kp C vart forlagde i ein by som låg om lag ei mil borte. Men i mars vart heile bataljonen flytta frå Gandersheim til Höxter. Det var midt i teleløysinga, så det var til dels flaum attmed vegen.
Leiren i Höxter var noko romslegare. Der vart det drive med slutta og spreidd orden, og me som var sambandstroppen, hadde mykje arbeid med radioapparata. Den offiseren som underviste oss om dette på Jørstadmoen, sa: "Disse apparatene er meget vanskelige å betjene, og like lunefulle som gamle, ugifte kjerringer." Men me arbeidde med apparata og fekk dei i god stand og til å fungera tolleg bra. No var det ikkje alltid me hadde så mykje å gjera, så det var sume dagar me sat inne og dreiv etter dagsetelen, som me sa. Me spela då whist eller casino, og dei meir kondisjonerte spela bridge. Så dreiv me med friidrett og terrengløp. Dei som var interesserte i det, sparka fotball, bataljonen hadde brigaden sitt beste fotballag.
Dei som har lese boka til IR 10 og boka om dei norske styrkane i Tyskland, har sikkert lese om "Operasjon Nyco", som me var med på. Aksjonen var så godt organisert og me fekk så god instruksjon før me, seine kvelden, reiste frå Höxter, at alle som ein visste kva dei skulle gjera. Eg var med dei som skulle inn på roma og kroppsvisitera dei som var inne, og som hadde vvåpen. Eg var ikkje serleg høg i hatten då eg let opp fyrste døra og sette i eit stygt gaul. Med ein gong spratt 10-12 veldresserte karar ut på golvet med hendene over hovudet. Me kom frå det og, han må ha vore ein flink mann, bataljonssjefen, som hadde organisert det så godt.
No var det sume av karane i stabskompaniet som var noko tunge om morgonen, dei likte å sova frampå. Ei veke sersjant Jacobsen hadde tilsyn var det ikkje alle som var komne fram på golvet straks etter reveljen, og ved oppstillinga til frukost, varskudde han: "Hvis dere gutter ikke er oppe i morgen når jeg kommer inn på rommet, så skal jeg få hornblåseren inn og blåse så dere blir helt skjøre i hodene." Neste morgon då sersjant Jacobsen kom for å sjå etter at alle var oppe, hadde han lånt med seg signalhornet til hornblåsaren. Han letta på teppet til ein av karane som framleis låg og sov, og bles inn i øyra på han med hornet. I neste nummer av leiravisa stod det: "Vet dere at sersjant Jacobsen blåser i basun ved sine vekkelser?"
I juni vart brigaden overførd til eit øvingsfelt, der me låg i telt i tre veker og hadde brigademanøver. Dei fyrste sju dagane var det engelske styrkar som gjekk til åtak, og brigaden skulle forsvara seg. Eg var "gnisten" til kaptein Risnes, Kp. C. Apparatet verka bra, men det var verre med operatøren, han hadde lett for å sovna når han skulle halda seg vaken døgret rundt. Det var sterk varme på denne tida. Etter manøveren vart det sett opp ei plattform der karane som kom frå Noreg for å sjå på manøveren, stod oppstilte. Det var forsvarskomiteen i Stortinget og forsvarsminister Jens Chr. Hauge. Det vart så varmt for dei karane som skulle stå å sjå på at brigaden passerte at Heuge fekk heteslag.

Bunker i leiren Höxter.

Velferdstiltak

Undervisningssersjanten, Olav Maaland, heldt ein gong for veka aviskronikk. Han gjekk då gjennom det viktigaste som hadde stått i avisene frå Noreg, for aviser hadde me lite tilgang til. Det var dårleg med postgangen. Adressa vår var 471 Norwegian Brigade, BAOR. Det er rart å tenkja på at eg, som alle dagar har budd her i det høge nord, ein gong har hatt adressa "British Army on the Rhine".
Det var også noko undervisning, undervisningsoffiseren underviste i språk for dei som var interesserte, og undervisningssersjanten hadde samfunnslære og litt norsk.
Velferdsoffiseren arrangerte tilstellingar for oss, det var noko dei kalla "Soldataften", der det var meininge soldatar som underheldt. Det var fleire musikantar i bataljonen, så det vart eit lite orkester med fleire blåseinstrument, trekkspel, og ein bergensar som dei kalla mannen med gummiansiktet, han spela slagverk.
Dei hadde også noko dei kalla "Norsk aften", då var det fleire kunstnarar frå Oslo som kom og underheldt. Eg kan nemna Wenche Foss, Ernst Diesen, trekkspelaren Ottar Akre og Alfred Maurstad. Det einaste eg hugsar av repertoaret deira, er at Alfred Maurstad spela Fanitullen. Desse som kom for å underhalda, var me til Northeim og henta. Sambandstroppen hadde ein panserbil med setar i bak, og ein gong me hadde slike kunstnarar på vitjing, var eg med til Northeim og henta dei. Dei som kom frå Oslo lurte på kva slags transport dette var, då det kom to karar bak til dei med skarpladde stengun.
!7. mai hadde me fyrst bataljonsoppstilling i leiren, der bataljonssjefen heldt tale og presten andakt. Så var det middag på eit hotell i byen, og der fekk me fin mat, jamvel om det var litt lite. Utover ettermiddagen var det idrettsøvingar i leiren.
I mai var det også høve til å få tidagars permisjon. Eg valde då å reisa til Amsterdam. Den norske brigande hadde eit permisjonssenter der, i ein nederlandsk militærleir som låg midt inne i byen, midt i svartebørsområdet der, der det var råd å få kjøpa alt. Der byrja ein del av karane å skeia ut, så presten Landsem vart send dit som leirkommandant for å passa på oss. I Nederland vart det arrangert turar rundt omkring. Ein dag var me i Arnhem, der ein britisk flyboren divisjon gjekk ned hausten 1944. Ein nederlandsk offiser var med oss som guide. Framføre kyrkjegarden retta han opp troppen og gjorde honnør. Ein dag var me i Rotterdam, i sjømannskyrkja der fekk me lesa norske aviser. Så reiste me med ein liten buss, ein sjubuss, rundt på kanalane i Amsterdam, så me fekk sjå mykje.
Han som melde boka "Dei norske styrkane i Tyskland", seier: "Det er skrive mykje om befal av alle gradar, men kva tenkte den menige Ola soldat?" Til det vil eg svara: "Me gjorde det me vart tilsette og let befalet tenkja." Han spør og kva forhold dei meinige hadde til tyske damer. Før me reiste frå Ulven var brigadesjefen der og inspiserte bataljonen. Han heldt då ein tale, der han frårådde oss å ha med tyske kvinner å gjera. "Vent med damer til de er komne heim att, karar, bruk norsk vara," sa han.

Heimover att

Sundag 3. august, på 75 års dagen til H. M. Kong Haakon, bar det på heimveg. Me reiste då med tog frå Höxter, gjennom Bremen og Bremerhaven til Cuxhaven, og om kvelden gjekk me om bord på troppetransportskipet "Svalbard" att. 4. august låg skipet i open sjø, og me låg på dekk og sola oss i den steikande varmen. Ut på kvelden tok me til å skimta Norskekysten, og 5. august, tidleg om morgonen, var skipet kome inn mellom dei grå holmane utanfor Bergen. Det var rart å reisa gjennom det grå, uproduktive landskapet der, då me hadde fare gjennom det grøderike Tyskland berre eit par dagar før.

Skipet la inn til Dokkeskjærskaien, og me fekk gå i land. Det var ikkje mykje å gjera i Bergen den dagen, for me hadde ikkje pengar. Det einaste me hadde, var nokre få kroner som me hadde fått veksla inn mot det me hadde att av engelsk armemynt. Om natta gjekk skipet til Skoltegrunnskaien, så då me vakna om morgonen 6. august, låg skipet der. Utover føremiddagen pussa me støvlar, og massingspenna på beltet, anklets og havrasekk, til paraden som skulle vera på Torgalmenningen om dagen. Bataljonen som då skulle reisa til Tyskland, møtte me på Torget. Eg kan hugsa at dei gjekk med battleblusen attknappa i halsen i den steikande varmen.


Tilbake