Frå tysk krigsfangenskap i Noreg til norsk okkupasjonssoldat i Tyskland

Mellom soldatane frå våre kantar som gjorde teneste i den fyrste norske brigaden i Tyskland, var det to som hadde ein spesiell bakgrunn. Dei hadde båe vore aktivt med i den norske heimefronten under krigen, båe vart arresterte av tyskarane og sat i tyske fangeleirar og fengsel her i landet. Me vil gjerne nemna litt om dei før me let dei andre soldatane få ordet for å fortelja om sine minne frå tenesta i dei ymse Tysklandsbrigadane. Det gjeld Egil Seger frå Laksevåg og Sjur Almeland frå Voss.



Sjur Almeland

Sjur Almeland

I september 1944 gjennomførde tyskarane ein rassia på Vossetrand. Frå gardane Bidne og Finne søkte dei oppover, mot stølen Svurto, der heimefronten hadde ein radiosendar. Telegrafisten og læreguten greidde nett å koma seg undan, men sendaren vart funnen, og det løyste ut ein storaksjon i bygda og i fjellområda i kring. På stølen Helgaset, i eit sel som høyrde til garden Almeland på Voss, fann tyskarane eit våpenlager. Karane på Almeland hadde vore mykje med i heimefronten, og Sjur, ein av sønene på garden, vart arrestert og torturert.
Han var då 19 år gamal. Då tyskarane henta han, sa dei at det skulle vera ein liten snartur, men han vart sitjande fast i 8 månader, til freden kom. Saman med andre fangar vart han fyrst førd til Vinje på Vossestrand, der dei vart lagde som grisungar i halm på scenegolvet i losjehuset. Derifrå vart dei flytte til Bergen kretsfengsel, deretter til leiren på Espeland, så til Grini, og endeleg til Holmestrand, der dei budde i frontkjemparleiren. Dei var også ei tid i Botne, og i Hof, der dei var innkvarterte i eit ungdomshus.
Fangane vart sette til skogsarbeid, og måtte bera tømmeret på akslene, eit tungt og slitsamt arbeid. I motsetnad til der dei hadde vore før, fekk dei bra med mat då dei kom til Holmestrand. Men klede var det dårleg med, så dei laut hanga i for å halda varmen.
Sjur Almeland kom heim att til Voss etter frigjeringa i mai 1945, og var så heime i nokre månader, før han vart innkalla til militærteneste på Hvalsmoen. Etter rekruttskulen der, reiste han som soldat i ingeniørkompaniet til Tyskland med Brigade 471. I Tyskland øvde dei mykje på å byggje pontongbruer og vegar, og å frakta tyngre våpen og utstyr på ferjer over elvar og vatn.



Matpause i skogen for fangane (Sjur Almeland)




Kvilestund frå tømmerbering (Sjur Almeland)



Eit slags ferje av pontongar.
Her ror dei ferja lasta med ei kanon og ein kanontraktor over Weser.
(Sjur Almeland, Ing. kp.)



Øving i brubyggjing.
(Sjur Almeland, Ing. kp.)



Pontongbru over elva Weser.
(Sjur Almeland, Ing. kp.)