November 1998:

Kjempar vidare


Fullsett: Møtelokalet på Bømoen var fullsett då Gunnar Sønsteby talte til Tysklandsbrigadens Veteranforening på Fredag

Meir enn 43 år etter at andre verdskrigen vart avslutta kjempar motstandsk jempen Gunnar Sønsteby vidare. Fredag var han på Voss og talte då Tysklandsbrigadens Veteranforeining avdeling Voss og Omland hadde førjolsveitle på Bømoen.
- No må budstikka gå vidare til nye generasjonar. Dei må finna si uttrykksform i Kampen for sivilsasjon og demokrati. Ein kamp som aldri tek slutt, sa Sønsteby.

Av ESPEN KRAGH

Gunnar Sønsteby er kjend langt utover Norges grenser etter innsatsen for motstandsbevegelsen under andre verdskrig. Sønsteby var berre 22 år gamal då krigen brøt ut. Han var ein av dei aller fyrste som kom med i motstandskampen. Han var svært aktiv i oppbygginga av kurér- og fyktningeruter i Norge og i meldingstenesta til London. I 1943 var Sønsteby i England kor han vart utdanna i Kompani Linge. Etterpå vart han sjef for Kompani Linge si Oslo-gruppe og deltok aktivt under ei rekkje sabotasjeaksjonar som mellom andre Vemork-aksjonen. Sønsteby vart kjend som utruleg frekk og dristig når det gjaldt å lura tyskarane. No reiser han verda rundt og held føredrag om mostandskampen. Fredag vart altså turen kome til Voss. Til stor glede for dei omlag 90 som hadde fått plass i lokala på Bømoen. Med seg til Voss hadde Sønsteby ei helsing frå Ingvild Bryn som han nyleg hadde treft i Washington då han held føredrag for den norske ambassaden i USA.

Tre pass

Leiaren i Tysklandsbrigaden på Voss, Åge Henning Stavenes, ynskte velkomen og presenterte Sønsteby før han slapp til på talarstolen. Under presentasjonen drog Stavenes fram tre ulike pass som alle hadde tilhøyrt Sønsteby under krigen. På det eine stod det Erling Johannes Bull, på det andre Tor Hansen og på det tredje Gustav Andersen. Sønsteby kunne stadfeste at alle tre hadde vore gode å ha umnder krigen. I sær det kor han hadde tittelen fullmektig ved Statspolitiet. Akkurat det passet hadde hjelpt han ut av mang ein knipe med tyskarane, kunne Sønsteby fortelja.

Spark meg i leggen

Ein halv time fekk Sønsteby på seg til å fortelja om motstandskampen. Dette var sjølvsagt alt for lite for dette oppkome av historiar, men nokre stubbar frå tida fekk likevel tilhøyrarane ta del i.
- Du får gje meg eit spark på skinnleggen når eg pas-serar halvtimen. Ellers vert eg stå-ande her i minst 14 dagar, sa Sønsteby til Stavenes før han star-
ta. I løpet av den halvtimen han hadde til rådvelde la Gunnar Sønsteby vokt på å få fram kor viktig mostandskampen hadde vore. For mange kunne det kan-
skje verka fånyttes å ta kampen opp mot overmakta, men Sønsteby og hans medsamansvorne fekk likevel utretta utruleg mykje med sine enkle midlar.
- Tyskarane var jo så for ferdelig mange. I Sørnorge var det tre tyskarar for kvar nordmann og i Nordnorge var det endå verre. Der var det faktisk heilt opp mot 10 tyskarbr for kvar nordmann. Likevel brukte dei to månader på åt ta oss, medan dei berre brukte 14 dagar på å ta Frankrike. No er me rett nok eit fjell-land og svært langstrakt, men det seier likevel noko om den motstanden tyskarane møtte her i Norge.

Handelsflåten

Sønsteby gav mykje ros til den norske handelsflåten og til krigsseilarane for innsatsen under krigen.
-Dei var sjølve ryggraden i motstandskampen. Av 1.000 norske skip i handelsflåten vart omlag 500 skotne i senk under krigen. Omlag 4.000 mann mista livet på sjøen. Det var også den norske handelsflåten som fekk regjeringa og kongefamilien velberga over til England då krigen braut ut. Me har mykje å takka våre sjøfolk og krigsseilarane for, sa Sønsteby.

Max Manus og Birger Ruud

Gunnar Sønsteby ville ikkje trekkje fram sitt eige namn frå motstandskampen. I staden trakk han fram navn som Max Manus og hoppkongen Birger Ruud.
- Max Manus var sjølve symbolet på motstandsbevegelsen under krigen. Ein gong han kom heim sat det fem karar og venta på han. Dei var frå Gestapo og det norske statspolitiet. Dei hadde fatt nyss om at Max var involvert i illegalt avisarbeide. Då Max innsåg at det var uråd å ta opp kampen med dei fem, tok han i staden fart og kasta seg rett gjennom glasruta i andre etasje. Det enda med at han knakk ryggen nede på gårdplassen. På sjukehuset fekk han imidlertid hjelp av ein sjukepleiar og greide å rømme frå tyskarane, og året etterpå traff eg Max att i London. Birger Ruud vart henta av tyskarane då dei ville ha han til å samle norske idrettsmenn for å konkurrera mot tyskarane. Ruud sa blankt nei til dette og vart fengsla av tyskarane. Då svarte norsk idrettsungdom med å setja i verk ein idrettsstreik. I staden for å konkurrera mot tyskarane arrangerte norsk idrett sine eigne konkurranser i skjul. Eg hugsar det var ei rekkje hopprenn på Kongsberg, og dette irriterte tyskarane noko forferdeleg. I ettertid seier historikarane at idrettsstreiken til norsk ungdom var like viktig for moralen som då Høgsterett gjekk av i 1940, fortalde Sønsteby.

Lærarane under dekk

- Under krigen tvang tyskarane alle lærarane til å melda seg inn i nazistisk lærarsamband og ville innføra uniformer i skulen. Alle lærarane nekta å gå med på dette. Då svarte tyskarane med å ville flytte 500 lærararlir frå austlandet til Trondheim med båt. Lærarane vart plassert under dekk med tyske soldater på delkk slik at det skulle sjå ut som om tyskarane var i ferd med troppeforflytting. Alle rekna med at skipet ville verta bomba i senk av dei allierte styrkane, men av ein eller annan grunn vart ikkje skipet bomba. Eg har aldri fått det stadfesta, men er likevel sikker på at det var folk i motstandsbevegelsen som hadde greid å varsla dei aIlierte styrkane om kva som var i ferd med å skje via radiosamband. Dermed kom alle lærarane velberga til Trondheim, men nokre av dei døde likevel undervegs då dei ikkje tålte den store påkjen-ninga under turen.
- Eg ser der er representanter for Heimevernsungdomen tilstades her i dag, og det gler meg storleg. Me må aldri gløyme det som skjedde under krigen. Kampen må førast vidare, sa Gunnar Sønsteby.

Veterandiplom

Etter talen var det duka for middag, kaffi og sosialt samvære på Bømoen. Leiar i Tysklandsbrigadenes Veteranforeining avdeling Voss og Omland, Åge Henning Stavenes, overrekte Gunnar Sønsteby foreininga sitt veterandiplom. Sønsteby på si side signerte bøker og gav uttrykk for at dette var ei minneverdig kveld.


Diplom: Åge Henning Stavenes i Tysklandsbrigadenes Veteranforening på Voss overrekte Veterandiplomet til motstandkjempen Gunnar Sønsteby