Voss, 22. desember 2006:

JUBILEUM FOR TYSKLANDSBRIGADEN.

Veterantur til Yorkshire.

Det er snart 60 år sidan den første Tysklandsbrigaden drog sørover.

Vestlendingane var sjølvsagt med og i 2.bataljon var mannskapet frå både  IR9 og IR10. Soldatane hadde fått si rekruttopplæring på Ulven. Også i andre einingar som t.d. feltartilleriet var det vestlendingar.

I februar 1947 vart heile Brigaden transportert til Tyskland.

 

I jubileumsåret vil Tysklandsbrigadanes Veteranforening, avdeling Voss og omland, arrangera ein veterantur. Vi vert ikkje sprekare med åra og kanskje vert dette den siste veteranturen utanlands for vår del. Kva passar då betre enn ein tur til England.

 

Vår generasjon fekk ei spesiell tilknyting til dette landet då vi vaks opp under krigen. Mange huskar nok dei norske sendingane  frå BBC som vi lytta til i løynd. Og etter krigen gjorde vi teneste i Tyskland, i engelske battle-dressar, rett nok med det legendariske H7-merket i lua. Det er mykje å sjå i England, og denne gongen har me valt å konsentrere oss om Yorkshire, nord i landet.

 

Det er å vona at veteranane rettar ryggen og at så mange som råd er vert med på dette siste krafttaket.

Dei norske soldatane i dei to førsteTysklandsbrigadane hadde på jakkeermet ein kvit Y på svart botn, som teikn på tilknyting  til  den kjende 5.Yorkshire divisjonen.

 

I Yorkshire skal me m.a. sjå museet for det vidkjende Green Howards-regimentet. I 1940 vart første bataljon i dette regimentet send til Norge som ein del av dei styrkane som skulle freista å stoppe dei tyske invasjonstroppane. Det var for lite og for seint, men britane beit iallfall godt frå seg.

 

Green Howards tok våren 2006 farvel med sin “Colonel-in-Chief”, kong Harald.

Tidlegare var både kong Olav V og Haakon VII æresoberst.

Den 6. juni 2006 vart Green Howards slått saman med to andre regiment frå Yorkshire til eit nytt Yorkshire regiment. Datoen var ikkje tilfeldig, for 6.juni er dagen for invasjonen i Normandie der alle dei tre tidlegare regimenta var med i første line.

Tilbake