Hemmeleg retrettordre for Tysklandsbrigadane



VETERANAR: Generalmajor Olav Breidlid, er medforfattar av boka «De norske styrker i Tyskland 1947-1953». Fredag heldt han foredrag på festmøtet i Tysklandsbrigadanes Veteranforening på Voss. Etterpå vanka det blomar og takk frå leiaren for foreininga, Aage Henning Stavenes. (Foto: Alf-Haakon Harlem)

Dersom den kalde krigen hadde vorte «varm», skulle dei norske soldatane straks evakuerast. Dette var ein ordre få visste om – ikkje ein gong dei allierte.

Av Alf-Haakon Harlem

Tidlegare generalinspektør for Hæren, generalmajor Olav Breidlid, var på Bømoen fredag og heldt foredrag om den norske militære innsatsen i Tyskland etter krigen. Han tok utgangspunkt i den overordna militære og politiske situasjonen og fortalde ting dei meinige soldatane visste lite eller ingen ting om den gongen – og truleg heller ikkje seinare.
Det var i samband med festmøtet i Tyslandsbrigadanes Veteranforening for Voss og omland, Breidlid var på Voss. Saman med Ernst Olav Bjørkevik har han skrive boka «De norske styrker i Tyskland 1947-1953» med undertittelen «Fra okkupasjon til forsvar av tysk jord». I dei åra boka omfattar gjorde ikkje mindre enn 50.000 norske soldatar teneste i Tyskland.
Det vart oppfatta som ei moralsk plikt at Noreg skulle delta i okkupasjonen av Tyskland etter krigen, fortalde Olav Breidlid. Men evna til å delta var heller avgrensa. Det mangla utstyr, mannskap og ikkje minst kvalifiserte offiserar. Det vart likevel vedteke å oppretta ein brigade på inntil 4.200 mann. Styrken var ikkje fullstendig av di viktige ledd mangla, mellom anna avdelingar for samband, sanitet, luft- og panservern.

Hemmeleg ordre

I byrjinga, etter den første kontingenten kom på plass tidleg på året i 1947, var oppgåva å vera okkupasjonsstyrke med ansvar for ro og orden og vakthald i samarbeid med tysk politi. Seinare gjorde dei politiske og militære hendingane i Europa og resten av verda at forsvarsrolla vart meir viktig.
Kuppet i Tsjekkoslovakia og blokaden av Berlin i 1948 gjorde at stoda vart langt meir spent. Den norske brigadesjefen, general Hansteen bad då om fullmakt til å trekkja seg ut av området i tilfelle krig. Han fekk då ordre om å planleggja ein slik retrett. Ordren gjekk ut på at planen måtte lagast i full løyndom. Ikkje en gong dei allierte skulle vite om det, fortalde Breidlid.
Hausten 1948 endra biletet seg for dei norske soldatane. Dei fekk eit nytt område å halde styr på, Schleswig-Holstein, sør for Danmark. Dette var lenger borte frå det som ville verta fronten ved innleiinga av ein krig mot Sovjet-styrkane. Til gjengjeld var terrenget flatare og dermed også vanskelegare å forsvara. Difor stod ordren om evakuering i tilfelle kamp framleis ved lag.
I 1949 vart NATO oppretta noko som, saman med større løyvingar til Forsvaret, gjorde at ressurstilgangen vart noko betre. Spenninga vart likevel ikkje mindre, mellom anna av di Sovjet sprengde den første atombomba si det året.
Trass i dette vart det vedteke, i 1950, at den norske styrken skulle reduserast til 3.000 mann.

Opphaldande strid

Men så kom Koreakrigen. Reduksjonen vart dermed lagt på is. Det vart då også bestemt at den norske brigaden ikkje lenger automatisk skulle trekkje seg ut i tilfelle kamp. I staden skulle soldatane driva opphaldande strid og trekkje seg tilbake til nordsida av Kiel-kanalen. Det vart også førebudd sprenging av alle bruer og ferjesamband over kanalen, noko som ville ført til store øydeleggingar.
I Noreg vart det etterkvart erkjent at det ville vera uråd å halde oppe Tysklandsbrigadane og samstundes byggja opp det norske forsvaret. Det vart vedteke å sjå på styrkane i Tyskland som ein treningsbrigade, sjølv om ordren om opphaldande strid ikkje vart gjort om.

Viktigast for Noreg

Kva hadde så det norske forsvaret eitt engasjement i Tyskland å seia, spurde Breidlid.
Ikkje så mykje i internasjonal samanheng, bortsett for at britane fekk ei vesentleg avlasting. men for den norske hæren var Tysklandsbrigadane svært viktige. Utdanninga av hæren føregjekk i Tyskland. Standarden vart høgare på grunn av treninga og røynslene. Dette var svært viktig for den norske mobiliseringshæren.
Det var ein interessert og lydhøyr forsamling som lytta til Olav Breidlids foredrag. Leiaren for veteranforeininga, Aage Henning Stavenes, takka Breidlid med å gje han eit diplom og bok frå foreininga og ein handlaga tredåse.
— Den kan du ha medaljane dine i, sa han.

Tilbake