Willoch: Trygt, trass alt

I sum er me mykje tryggare enn før, men det betyr ikkje at me skal la vera å sikra oss mot dei farane som finst, sa Kåre Willoch då han gjesta Tysklandsbrigaden fredag.

Av Knut Markhus

Veteranpolitikaren leia i fjor det regjeringsoppnemnde Sårbarhetsutvalget, og konklusjonane frå dette arbeidet var kjernen i føredraget i kantina på Bømoen.
— Det er sannsynleg at noko usannsynleg vil skje, herma Kåre Willoch etter Aristoteles, og refsa Noreg for å ikkje vera føre var i ei tid med nye trugsmål.
— Det ligg i politikken sitt vesen å helst reagera på ting som har skjedd. Dette må endrast. Me må reagera på førehand, sa Kåre Willoch.

Ettertrakta kveld

Kåre Willoch og fru Anne Marie toppa den gilde gjestelista på samlinga til Tysklandsbrigaden si veteranforeining, avdeling Voss og omland. Håkon Randal, president i Norges forsvarsforening, var også til stades, til liks med Tormod Sleppen som er generalsekretær i same foreining. Regimentssjef, oberstløytnant Oddmund Nygård, var sjølvsagt på plass, saman med ordførar Bjørn Christensen.
Det var Kåre Willoch alle var komne for å høyra. Så stor var påmeldinga, at mange ikkje kom lenger enn til ventelista, opplyste Aage Henning Stavenes i Tysklandsbrigaden.

Sårbar IT

Tittelen på føredraget var «Nye truslar mot eit sårbart samfunn», eit tema som vart aktualisert med terrorangrepa i USA i september. Men valden mot World Trade Center og Pentagon er for så vidt ikkje typisk for dei nye truslane Willoch snakka om.
— Angrepet i New York var eigentleg ganske konvensjonelt, påpeika han. — Kapringa og drapa om bord på flya vart gjort med våpen me har kjent sidan steinalderen.
Willoch brukte mykje tid på å mala ut det nye trusselbiletet. Terroristgrupper og aggressive statar disponerer langt kraftigare øydeleggingsmiddel enn nokon gong. Dei har inngåande datateknologisk kompetanse, og store økonomiske ressursar.

Noreg har fiendar

Kåre Willoch retta særleg søkelyset mot datasystema i samfunnet, og meinte at det ikkje er blitt lagt vekt på å sikra desse mot angrep utanfrå, i all fall ikkje før heilt i det siste. Fylgjeskadane som vil oppstå om desse systema vert sette ut av spel kan verta enorme.
— Så kan ein spørja seg om dette er nokon trussel for vesle Noreg. Eg er redd for at svaret er ja, sa Willoch, og peika på at Noreg sitt engasjement i konfliktar rundt i verda gjev oss fiendar. Dessutan eksporterer Noreg energi til viktige land, slik at det kan finnast krefter som ynskjer å ramma energiproduksjonen vår. Dette kan like gjerne skje ved at angrepet vert retta mot andre felt, slik at energiproduksjonen vert indirekte ramma.
Jau, det er nok av potensielle farar, om ein ikkje passar på, forsikra Kåre Willoch.

Lurt å hamstra

Sårbarhetsutvalget føreslo i rapporten sin å oppretta eit eige departement der mest mogleg av den sivile beredskapen vert samla.
— I dag er dette eit rot, og ansvaret er fordelt mellom fleire departement, sa Willoch. – Og me vert sløve når det har gått ei stund etter førre katastrofe.
Den erfarne statsmannen kom med fleire framlegg til korleis land og folk betre kan verna seg mot nye farar. Og han synest det kan vera fornuftig om folk har eit lite lager med matvarer i heimen, i tilfelle noko skulle skje. Både daglegvarebutikkane og kornlagra har langt mindre på lager no enn tidlegare. Dette er også eit sårbart punkt ved samfunnet i dag.

Trygt, trass alt

— Alt dette høyrest jo farleg ut. Eigentleg er det ikkje farleg. Risikoen for terror er større enn før, men det er så kolossalt mykje som er mindre farleg, smilte Kåre Willoch forsonande i slutten av foredraget sitt. Dermed la han grunnlag for at møtelyden kunne sleppa fram festhumøret.
Den forsvarsinteresserte flokken rusla opp til offisersmessa, der aperitiffane venta og det var dekka til gallamåltid. Stramme karar og pene fruer konverserte kvarandre i baren ei tid, før festleiar Nils Hesjedal slo på glaset. Og så vart det fest!



ORAKEL: Det er lurt å vera føre var, meiner Kåre Willoch, og mana til styrking av den sivile beredskapen då han tala på Bømoen fredag.

Foto: Knut Markhus





FEST: Etter at Kåre Willoch hadde gjeve næring til tanken, var det magen sin tur. Her er regimentssjef Oddmund Nygård i ivrig prat med den tidlegare statsministeren ved festbordet.

Foto: Knut Markhus



Tilbake