2. juni 1996:

Tysklands-veteranar på mimretur



Husum-gjengen utanfor den gamle hovudinngangen til "Fliegerhorst"-leiren i Husum på den tyske vestkysten

Sundag 2. juni kl 07.30 starta me turen vår, frå Voss Jernbanestasjon. Veret var ikkje det aller beste, men det vart betre di lengre austover vi kom. Det var stans på Gol og Sokna, både for å røra på seg og med høve til å få mat og drikke. Kl 17.00 la DFDS «Queen of Scandinavia» frå kai i Oslo. Nokre tal fortel litt om dimensjonane på båten. Han er 166 m lang, 28 m brei og har 9 dekk. Det er plass til 350 bilar. Båten har 607 lugarar og 1624 køyer. Nokre av oss gjekk opp på øvre dekk under utseglinga fra Oslo. Men det bles så kraftig at vi tenkte oss redde rned tanke på natta. Men det gjekk heilt fint, for det stilna etterkvart. Middagen i restauranten «Seven Seas» kl 20.30 smaka difor svært godt. Vi kom til København kl 09.15. Det var visse problem med å koma seg ut av byen, f'or det var mykje graving i gatene, då dei er i ferd med å byggja undergrunnsbane i byen. Men sjåføren greidde brasene. Vi køyrde f'orbi fleire kjende byar, men aldri gjennom byane, t.d. Roskilde, Ringsted, Slagelse, Korsør. Derifrå var det ferje over Storebælt til Knudshoved på Fyn, ein tur på 1 time.

På turen f'ekk vi høve til å sjå den nye brua over Storebælt, der HMV på Voss er i arbeid med det store bruspennet på midten. Den nye Storebæltbrua var eit imponerande byggverk som skulle ha plass til både veg og jernbane. Avstanden er 30 km. Vegbrua skal vera ferdig i 1996-97, jernbanen i 1998. Så bar det i veg att "mil etter mil", gjennom det flate landskapet, der det var tett med frodige, skarpgule sennepsåkarar. Vi køyrde over Lillebæltbrua, som også er imponerande og var dermed på Jylland. Vi passerte grensa til Tyskland ved Padborg. Ved bygrensa til Flensburg vart vi møtte av den hyggelege dansktalande tyske guide-dama vår. I Flensburg vart det tid til ein rusletur i gamleby-en, der guiden fortalde mykje om det vi såg. Sa bar det til Glücks-burg til innsjekking på Intermar Ostsee Hotel, som ligg svært vakkert til ved Flensburgfjorden. Etter middag i resturanten "Zum Dampfer" tok dei fleste ein spasertur i det milde og fine veret på den flotte strandpromenaden nedanfor hotellet. Deretter fekk vi vår første natt på Intermar.

Tysdag 4. juni skulle verta ein lang og hendingsrik dag. Vi skulle på tur til dei ulike stadene der norske soldatar var i Tysklandstida. Vi kom først til Schleswig. Dei som hadde vore der, var sjølvsagt mest interesserte. Det er frå 43 til 49 år sidan vi gjorde teneste i Tysklandsbrigaden, så det var ei viss spaning knytt til å sjå att leiren, kaserna, ja, kanskje rommet vi budde på. Minne frå den gongen dukka opp frå undermedvitet og vart levande. Ikkje rart at den avmålte tida vart for knapp, slik at vi kom i tidsnaud.
- Turen gjekk til Rendsburg som andre av gruppa hadde kjære minne frå. Var kasernene framleis i bruk? Dei fleste var det, men nokre var nedlagde. I Itzehoe var vi særskilt inviterte, sjølv om ingen av gruppa hadde gjort teneste der. Vi vart mottekne med full militær honnør. Det norske flagget vaia saman med det tyske ved inngangen til leiren, der i dag tysk sanitetspersonell held til. Pipla ei lita tåre i augnekroken? Pressa var også tilstades, og det skulle koma eit stykke i avisa saman med fotografi av heile gruppa. To høge tyske offiserar tok seg av oss. Oberstløytnant Jochen Frantzen snakka godt norsk. Han hadde vore i Noreg 45 gonger på 20 år, og 20. juni i år skulle han køyra Stalheimskleiva. Ein solid Noregsven.

Vi vart inviterte inn i offisersmessa, der vi fekk servert ein velsmakande lunsj. Oberstløytnant Frantzen hadde arbeidt ut eit historisk oversyn over den norske Tysklandsbrigaden, og det las han opp, på norsk! Ledaren i veteranforeininga, Aage Stavenes, gav oberstløytnanten ei bordfane med inskripsjon. Ei ugløymande stund var over, eit av høgdepunkta på heile turen, og vi sette kursen mot Husum på vestkysten.
Vi vart vel mottekne og fekk først ein rundtur med bussen vår rundt i leirområdet som er svært utvida sidan vi var der. Vi fekk sjå toppmoderne forsvarsverk og ein heilt ny flyplass. Etterpå vart vi bedne inn i underoffisersmessa. Tida flaug, slik at middagen på hotellet i Glücksburg vart 1,5 time for sein. Etterpå var sengene gode å finna.

Onsdag 5. juni bar det over grensa til Danmark der vi skulle sjå Frøslevlejren som vart bygd som tysk politifangeleir i 1944. Flerie tusen menn og kvinner var tyskarane sine fangar. Sjølv om leiren vart bygd for å unngå deportasjonar av danske fangar, vart omlag 1600 Frøslevfangar sende vidare til redslene i tyske KZ-leirar. Gjennom tingingar med gestaposjef Heinrich Himmler oppnådde den svenske grev Folke Bernadotte i februar 1945 at danske og norske fangar skulle førast tilbake til Danmark og Sverige. Vel 4000 fangar vart i april 1945 overførde til Frøslevlejren og Møgelkærlejren ved Horsens med «dei kvite bussane". Då steig folketalet i Frøslevlejren til omlag 5500. Alt i alt passerte vel 12000 fangar Frøslevlejren i dei ni månadene han eksisterte.
På 20-årsdagen for frigjeringa av Danmark, 5. mai 1965, vedtok tidlegare fangar på eit stemne i den gamle fangeleiren å skipa eit museum for Frøslevlejren. Det lukkast å sikra hovodvakttårnel og ei fangebrakke til museet. Ein del av museet er som i 1945. I dag er Frøslevlejren den tyske fangeleiren i Vest-Europa som er best teken vare på. I H6, den tidlegare sjukebrakka i Frøslevlejren, er det i dag museum for den danske Raudekrossen. -

Leiaren vår, Aage Stavenes, og nokre andre vart inviterte inn til sjefen som orienterte om Frøslevlejren og spanderte drikkevarer. Stavenes gav sjefen ei bordfane frå veteranforeininga på Voss. Ho skulle plasserast i eit stort glasmonter der vi
m.a. såg bordfaner frå Steinkjer kommune, Kautokeino, Stiklestad m.m. Det var gripande og tankevekkjande å rusla rundt i Frøslevlejren-. På turen vidare køyrde vi forbi Graasten slott, sommarresidensen til den danske kongefamilien. Vi rusla i parken rundt slottet. Det var nok for tidleg å sjå alle blomane i full fargeprakt. Men det vi fekk sjå var vakkert. Så bar det til Aabenrå, der vi gjekk ombord i "Dania", som tok oss utover Aabenråbukta, gjennom Alssundet, forbi Sønderborg og innover til Flensburg, der bussen venta. Den tre timar lange turen med "Dania" var ei oppleving i det strålande, fine veret. Vi fekk også servert ein velsmakande lunsj ombord i "Dania". -

Heimreisedagen vart vi vekte kl 06.30. Vi skulle starta tidleg. Første stopp var utanfor "Marinevernmeldeschule" i Flensburg, der to av gruppa gjorde teneste i brigadetida. Dei måtte sjølvsagt få høve til å fotografera. Så gjekk turen gjennom Kiel og forbi Oldenburg. «Putlos 3 km» stod det på eit vegskilt. Då var det mange som nikka attkjennande «Ja, på Putlos var vi på skyteøvingar». - Ferja skulle gå frå Puttgarden kl 12, men ho vart noko sein. Overfarten til Rødbyhavn tok 1 time. Det smaka godt med noko å eta og drikka ombord. Etterpå var vi innom den taxfrie butikken, men nokon storhandel vart det vel ikkje. Kanskje for dei som ville sikra seg «kvotane».Vi var no på Lolland og tok fatt på siste etappe til København. Det var bygt nye vegar sidan sist vi for her, men det flate landskapet var det same. Det var også ny bru over frå Falster til Sjælland. Bussen åt opp mil etter mil, og vi kom til København kl 15.30. Dei fleste gjekk då ombord i "Crown of Scandinavia", som er nyaste båten til DFDS. Men nokre av oss tok turen bort til Nyhavn like ved. Der var det eit yrande liv i det fine og varme veret. -
Det tok si tid å finna fram til lugar nr 5309. Men det lukkast til slutt. 5-talet tyder at vi skulle bu på dekk nr 5, lugar 309. I alt var det 11 dekk på båten. - Vi kom til Oslo kl 09.00 på sjølvaste 7. juni, så det var ikkje rart at flagget var heist mange stader. Bussen stansa også no på Sokna og Gol. Me kva? Bussen køyrde over elva og bort til Gol stasjon. Jau, reiseleiaren skulle forlata oss for å ta eit seinare tog til Finse. Arvid Iversen fekk velfortent takk både for framifrå planlegging av turen og som svært dugande reiseleiar. Aage Stavenes gav Iversen ei bordfane med oppmoding om å plassera ho på ein synleg plass på kontoret. Samstundes fekk sjåføren like velfortent takk for sin innsats.

Så bar det vidare oppover Hallingdal til Hagafoss i Hol, der vegen tek av til Aurland. Snart var vi oppe i fjellheimen. Du kor nedtappa vatna var! Vi forlet Buskerud og kom inn i Sogn og Fjordane. «Det kan merknast på vegkvaliteten», sa ein spøkefugl. Det bar for alvor nedover. Snart passerte vi vakre Østerbø på andre sida av vatnet og Stunndalen fjellstove rett før ein tunnel og før den store nedstiginga tok til og bussen måtte over i krabbegir. Det er eit majestetisk utsyn ned mot vatnet som ligg der som eit ope auga i dalbotnen. Ned kom vi, og bussen åla seg fram på smale vegen, der vi passerte inntaket til den fantastisk lange Lærdalstunnelen. Siste stans på vegen heim var Flåm, der det atter vart høve til å gå på toalett for dei som hadde trong for det. K1 17.30 var bussen på Voss stasjon. Ringen var slutta. Mange hjartelege handtrykk vart skifte. Ein svært vellukka og hendingsrik tur var slutt. «Dette må vi gjera omatt!» var det mange som sa.

Arnfinn Brekke



Oberstløytnant Jochen Frantsen -her til venstre saman med kona Ingrid tok seg vel av vossingane i Itzehoe.
Her har dei fått veteranforeininga sin vimpel som takk for innsatsen.