16. april 1999:

Glitrande om Churchill




Tysklandsbrigadenes Veteranforening avdeling Voss og omland hadde fått den tidlegare London-korrespondenten til NRK, Richard Herrmann, til Bømoen for å halda foredrag om Winston Churchill fredag kveld. Og Herrmann heldt eit glitrande foredrag som verkeleg fengje det nær 100-tal store publikumet.

Av ESPEN KRAGH

Leiaren i Tysklandsbrigadenes Veteranforening, Aage Henning Stavenes, sa i velkomsttalen sin at dette var ein stor dag for foreininga. Og det skulle vise seg at han fekk heilt rett. Richard Herrnann er truleg den fremste eksperten på Storbritania i Noreg, i alle fall er han heilt klart den fremste eksperten på Winston Churchill. Herrmann har tidlegare gjeve ut eit storslått bokverk om heile Churchill-slekten. Herrmann har ein utruleg kjennskap til britisk historie, i sær i etterkrigstida, og på Bømoen pa fredag fekk medlemmer i Tysklandsbrigadenes Veteranforening og dei inviterte gjestane frå Forsvarsforeningen eit lite innblikk i denne kunnskapen. På glimrande forteljarvis, og ved å hyppig sitera Churchill, fekk Hernrlarm latterdørene på vid gap ved ei rekkje høve.

Berga Europa

- Andre verdskrigen ville fått eit heilt anna forløp og ein heilt anna utgang om det ikkje var for Winston Churchill. Det var britane, med Churchill ved roret, som berga Europa si framtid. Europa og heile verda har utruleg mykje å takka Churchill for. På minneplaten hans i Westminster Abbey, ved sida av platen til den ukjente soldat, står det berre "Remember Churchill", og me har all mogleg grunn til å hugsa Churchill. Andre verdskrig kunne faktisk vore unngått om nokon hadde høyrd på Churchill tidlegare. Han åtvara mot Hitler medan det enno var god tid til å gjera noko, men vart avvist som krigshissar, kunne Herrmann fortelja.

- Ein bok om Winston Churchill fram til 1940 heiter faktisk "Ein studie i nederlag". Det er fælt å måtte sei det, men det måtte altså ein Hitler og ein verdskrig til for å gjera Churchill til den redningsmannen han vart for oss alle. Det har vorte hevda at han elska krig, men det var slett ikkje tilfelle. Likevel var det nettopp i krig at han fekk vist kva for ein eminent leiar han var. Han samla folket på ein måte som ingen andre har greid.

Skarp tunge

At Winston Churchill hadde talegåvene i orden er det inga tvil om. Richard Herrmann kom med fleire sitat som fekk latterdørene på vid gap fredag kveld.

Churchill og Georg Bernard Shaw var alltid i tottane på kvarandre. Då Shaw skulle setja opp eit nytt teaterstykke i London, sendte han to fribillettar til Churchill. Med billettane la han visittkortet sitt kor det stod at Churchill var velkomen på premieren, og at han gjerne måtte ta med seg ein ven - om han hadde nokon. Churchill svarte med å senda visittkortet sitt tilbake med påskriften; Forhindra frå å koma på premieren, men kjem på neste forestilling - om det vert nokon.
Etter at den politiske karrieren til Churchill var over, i 1955, gjekk det raskt nedover med den store statsleiaren. Humøret hadde han likevel i behald. Ved eit besøk hjå Roosevelt i USA, kom Churchill ut frå badet utan ein tråd på kroppen. Han spankulerte rett ut i ein gang full av prominente gjester som ikkje visste kor dei skulle gjera av seg. Churchill tok det heile med stor ro og sa; Never mind, England har ikkje noko å skjule.

Bordsete

Etter det fengjande foredraget var det duka for bordsete i offisersmessa på Bømoen. Tidlegare Ulvik-ordførar Ragnvald Fleten var festleiar, og det vart servert god mat og drikke til alle dei frammøtte. Gartnar Arne Rykkje hadde gjeve vakre blomar som pynta bordene, og Voss Handelslag hadde gjeve ei storstilt fruktkorg som vart lodda ut. Då gjesten hadde fått mat og drikke fann Richard Herrmann tida inne for å avsløra endå eit morosamt sitat frå Winston Churchill.
Det skal ha seg slik at Churchill ein gong stod inne på herretoalenet i det britiske underhuset ved sida av representant for Arbeiderpartiet. Han stod der og venta utan at det kom noko og snudde seg for å gå. Då spurde den andre karen spurde Churchill om han var sjenert. Nei, svarte Churchill, det er berre det at kvar gong de sosialistar ser noko stort, så skal staten ha det.