Årsmelding 1999

 

Styre 1999.

I styret har desse vore: Leiar: Aage Henning Stavenes, nestleiar: Olav T. Bryn, kasserar Lars E. Fjose, sekretær: Arnfinn Brekke. Andre styremedlemer: Bils P. Brekke, Johannes Kløve, Bernt Veka. Varamenn; Arne Spilde, Victor Steinsland , Ivar Gjelland.

I arbeidsutvalet har desse vore: Aage Henning Stavenes, Olav T. Bryn. Lars E. Fjose, Arnfinn Brekke.

Pr. 31.12.99 var medlemstalet 131.

Årsmøte vart halde på Avhaldskafeen 23. februar 1999. Frammøte var 35.

1.konsulent Vidar Simmenes frå fylkeskommunen i Hordaland held foredrag om ”Kommunale kriseberedskap i krig og fred” Han tok for seg krisetiltak som måtte gjennomførast ved eventuelle katastrofer, ulykker og krig.

Arbeidsutvalet har hatt 2 møte. Det har vore 6 styremøte.

26. januar hadde 33 veteranar med fylgje  funne vegen til medlemsmøte på Avhaldskafeen. Kåre J. Kyte kåserte om ”Alternativ medisin”. Elles var tur - planane for 1999 drøfta på dette møtet. Victor Steinsland synte ein interessant videofilm som han sjølv hadde teke opp frå Paris og Normandie.

16. april  var det festmøte på Bømoen med c. 90 deltakarar. Foredragshaldar var Richard Herrmann, mangeårig NRK – korrespondent i London og forfattar av ei rekkje bøker. Han heldt eit glitrande foredrag om Winston Churchill, krydre med mange Churchill – sitat.

22. oktober var det nhytt festmøte på Bømoen med ny deltakarrekord.

Inviterte gjester kom frå Forsvaret, reserveoffiserane (NROF), FN / Nato – veteranane, Voss og omland Forsvarsforeining og HV 10. Festtalar var general Fredrik Bull Hansen. Han heldt eit svært interessant foredrag med tittellen: ”Hvor går Europas grenser ?” Som tidlegare forsvarssjef og tenestegjerande mange stader i utlandet hadde Bull Hansen mykje på hjarta.

  

Andre aktivitetar.

- Det er inngått avtale med reserveoffiserane (NROF), Voss og omland Forsvarsforeining  og Voss og omland FN / Nato – veteranar om samarbeid om større tilskipingar.

- Det skal også vera samarbeid med FRM ( Forsvarets Rekrutterings- og Mediateneste).

-  I samarbeid med utgjeving av veteranboka vart det, med god hjelp av Leif Bratland i Bergen (HV 10), skipa til ein utstilling i eit av Voss Bibliotek sine utstillingsvindaugo, som presentasjon av TBF, avd. Voss  og omland  M.A. var det utstilt ei uniformert dokka i full storleik saman med mange bilete og militære effektar som vart brukte av soldatane i Tysklandsbrigaden.

- 22. april sette 15 veteranar med fylgje kursen om Wien og Budapest, denne gongen med fly og Buss. 29. april kom flokken heimatt etter ein vellukka tur.

- Veterandagen 8. mai vart markert med felles utstilling i Skulegata. Det vart lagt krans på Regimentsbautaen på Bømoen ved Voss og omland Forsvarsforeining og på minnestøtta i Predstegardsmoen ved TBF, avd. Voss og omland.

-  Tysklandsbrigadeveteranar  frå Voss sette også i 1999 sitt merke på folketoget 17. mai.

-  4.- 6. juni var det landstreff i Ålesund.

Utsendingar til landsmøtet i Veteranforbundet i Steinkjer 9.-11. september var
Aage H. Stavenes og Olav T. Bryn.                                                      

-  14. oktober var det konkurranseskyting . Vinnar av Voss Sparebank sin vandrepokal
vart i 1999 Birger Berge

-  9. november var det ein vellukka tul til kystmuseet i Ovågen i Øygarden, gassterminalen på Kollsnes Nordsjøfartmuseet i Telavåg.

Bokprosjektet.

Torsdag 15. april var ein stor dag for TBV, avd. Voss og omland. Då var boka ”Vestlendingar i Tysklandsbrigaden 1947 – 1953” ferdig. 1000 eks. vart køyrt heim til Aage H. Stavenes for førebils lagring. Men alt dagen etter, 16. april, møttest Lars E. Fjose, Rolf Helgesen, Olav T. Bryn og Arnfinn Brekke hjå Spilde A/s i Malahaugen 72 for å pakka og få ekspedert bøker som var tinga.

Boka har fått god omtale, Nils Kvamsdal skreiv i ”Hordaland” m.a. : ”og akkurat dette med attkjenning er ei av dei sterkaste sidene ved boka. Gjennom eit rikhaldig, og til dels både spennande og historisk interessant biletmateriale, kan lesaren- og ikkje minst vossingane – finna den eine kjenningen etter den andre.”

Tidl. redaktør i Bergens Tidende , Kjartan Rødland, avsluttar sin omtale slik: ”Det er rett og slett ei bok som er verd å lesa.”

Rekneskapen for bokprosjektet vart avslutta pr. 30.11.99 og revidert av revisor Arild Petersen 17.12.99. Rekneskapen er gjort opp med eit overskot på kr. 20.003,79. Av eit opplag på 1000 bøker var restopplaget pr. 30.11.99 145 bøker.

Bokprosjektet er dermed fullført og boknemnda oppløyst

Styret vil retta ei varm takk til boknemnda for vel utført arbeid !

Sluttord.

1999 var på mange måtar eit arbeidskrevjande år, ikkje minst for boknemnda og medhjelparar.

Elles veit vi at det arbeidet som TBV, avd. Voss og omland gjer vert lagt merke til , t.d. av Folk og Forsvar som i brev til Veteranforbundet m.a. skriv: ”Vi har fra før meget god kontakt med Deres avdelinger Voss og omland og Agder som begge driver svært aktivt opplysningsarbeid overfor ungdom i sitt nærmiljø.

 

Aage Henning Stavenes
leiar  
Arnfinn Brekke
sekretrær

                                                                                                             


Tilbake