Årsmelding 1998

 

Styret 1998.

I styret har desse vore: Leiar: Aage Henning Stavenes, nestleiar: Kåre J. Kyte, kasserar; Lars E. Fjose: Sekretær: Arnfinn Brekke. Andre styremedlemer: Nils P. Brekke, Johannes Kløve, Knut S. Dagestad. Varamenn: Gisle Bruland, Birger Lydvo, Karl Riple.

I arbeidsutvalet har desse vore: Aage Henning Stavenes, Kåre J. Kyte, Lars E. Fjose, Arnfinn Brekke.

Pr. 31.12.98 var medlemstalet 131.

Årsmøte vart halde på Avhaldskafeen Margrethe 24. februar 1998. Frammøtet var 33. Admiral og tidlegare forsvarssjef Torolf  Rein heldt eit fengjande foredrag over temaet ”Forsvar utan trugsmål”.

Arbeidsutvalet har hatt 8 møter. Det har vore 3 styremøte.

27. januar  hadde 32 veteranar med fylgje funne vegen til medlemsmøte på Avhaldskafeen. Hovudsak på dette møte var turplanane for 1998. Det låg føre 2 alternativ, frå Panorama Tours og frå Haga Reiser.

13. oktober  var 38 deltakarar tilstades på medlemsmøte på Avhaldskafeen, Ole Johan Jacobsen frå Color Line orienterte om Color Line sine turopplegg for 1999.    

27. november vart det førjolsveitle på Bømoen. Heile 83 veteranar med fylgje var til stades, mellom dei 6 HV-ungdomar. Det høge deltakartalet gjorde at foredraget måtte haldast i kantina i leiren. Den kjende motstandsmannen frå krigen, Gunnar Sønsteby,  var foredragshaldar. Han var sprudlande opplagt og fekk stor applaus for foredraget.

Så gjekk turen opp i offisersmessa, der deltakarane vart sessa ved velduka bord, med Lars K. Fenne som vert. Lars Jordal las ein velskriven prolog. Så bar det inn i salongen, der Lars Opkvitne sto for Premieutdelinga etter skytekonkurransen utover hausten.

Vestlandstreff.

Den store hendinga i 1998 var Vestlandstreffet 21. – 23. august. Tanken om eit slikt treff vart kasta fram av Magne Nordeide på medlemsmøte 27.1. Han kom med framlegg om å ta kontakt med veteranforeiningane  i Bergen og Sogn og Fjordane for å få til eit årleg Vestlandstreff.

På styremøte 3. mars vart Magne Nordeide si skisse for program drøfta, og fylgjande hovudnemnd var vald: Magne Nordeide, Torbjørn Seim og Lars Opkvitne. Etterkvart kom arbeidsutvalet, og aktivitetsnemnda og fleire med i arbeidet. Desse hadde tilsaman  8 møte for å førebu Vestlandstreffet.

Styret vil takka alle som var med og gav Vestlandstreffet så godt innhald. Men oppslutnaden burde vore betre, slik at vi hadde unngått i gå med underskot.

Vestlandstreffet baud på ein serie med høgdepunkt. Nokre skal nemnast:

  • Kransing av regimentsbautaen på Bømoen (50 år i 1998) v/oberst Nils Hesjedal.
  • Kyrkjeparade med veterankorpset i Voss Musikklag og flaggborg i spissen, med påfylgjande gudsteneste i Vangskyrkja v/stabsprest Løwenholdt frå Haakonsvern.
  • Busstur sundag med major Eirik S. Finne si interessante utgreiieng om kampane i Skjervet i 1940 og Rangvald Fleten si levande skildring av hendingane i 1940-
  • Kransing av minnestøtta over falne i Prestegardsmoen v/ oberstltn.Lars Opkvitne.
  • Men toppen av høgdepunkta var brigadefesten i ”Fraktgodsen” med 120 deltakarar og med Torbjørn Seim som solid festleiar. Lars Jordal las ein velskriven prolog. Politimeister Rolf B. Wegner frå Bergen held ein fengjande festtale med tema: ”Frå politi til kvardag”.

Oberst Hesjedal sto for medaljeutdeling. Ein velsmakande middag vart servert. I det heile hadde ”Kulturhuset Fraktgodsen” all ære av denne tilskipinga.

Andre aktivitetar.

  • 6 mai starta turen 1998 med 45 spente og forventningsfulle deltakarar.
  • Reisemålet var Paris og Normandie. Det vart på alle måtar ein strålande tur med Haavard Næss som dugande turleiar.
  • Tradisjonen tru sette Tysklandsveteranane frå Voss og omland også i 1998 sitt merke på folketoget 17. mai.
  • 19. – 21. juni var det landstreff på Granvollen, Gran på Hadeland.
  • Utsendingar til landsmøtet i Veteranforbundet i Loen 10. – 12. september var Aage H.
  • Stavenes og Lars Fjose.
  • I høve skytekonkurransen utover hausten 1998 sette Voss Sparebank opp ein vandrepokal som det skal tevlast om i 3 år. Vinnar av pokalen i 1998 vart Oskar Stalheim.

Sluttord.

1998 var eit arbeidskrevjande år, særleg med tanke på Vestlandstreffet. Talet på møte i styre og arbeidsutval fortel ikkje alt. Dugnadsøkter  med kopiering og pakking av materiell og ei mengd telefonsamtalar utgjer stor tidsbruk. Men løn for strevet er å vita at det som er gjort har gleda mange.

Aage Henning Stavenes
leiar  
Arnfinn Brekke
sekretrær

                                                                                                             


Tilbake