Tysklandsbrigaden marsjerte igjen

45 år etter at dei kom heim frå teneste i Tyskland, marsjerte dei igjen denne helga. Veteraner frå Tysklandsbrigaden i Hordaland og Sogn og Fjordane var samla til stemne på Voss frå fredag til søndag. Kransenedleggingar, turar til krigshistoriske stader og kyrkjeparade var berre noko av det som stod på programmet.

Kyrkjeparade: Med Voss musikklag i fronten var det eit stilfullt fylgje som gjekk parade frå Prestegardsmoen til Vangskyrkja laurdag ettermiddag.

120 personer: Inkludert fylgje talde stemne til Tysklandsbrigaden i Hordaland og Sogn og Fjordane omlag 120 deltakarar. Her er dei samla til bordsete i Fraktgodsen laurdag kveld. Festtalar for kvelden var ingen ringare enn politimeistar Rolf Benjamin Wegner.

Bygda Tidende, mandag 24. august 1998