Redaktør Kjartan Rødland sitt foredrag på årsmøtet til Tysklandsbrigadanes Veteranforening avd. Voss 19. februar 2002.

I Frelsesarmeen har dei noko som heiter selvfornektelsesveka, altså ei veke om året då dei i Frelsesarmeen ikkje skal tenkja på seg sjølve, berre på alle andre og sikkert også på Gud. Det skulle vera noko av det same med journalistane også – når ein god journalist arbeider, skal du ikkje merka at han eller ho er der i det heile teke, det er folka eller hendingane eller stadane som du skal merka, ikkje mannen med blokka, blyanten, mikrofonen eller fjernsynskameraet. Men det er med dette som med alle andre ideal, i røynda er det ofte annleis. No er journalistar vortne så store at du har inntrykk av at dei andre knapt nok får vera til stades når journalisten skildrar seg sjølv – i alle fall om han er programleiar i fjernsynet.

Men i mine over 40 år som journalist har eg alltid likt best der den svenske Wallenberg-familien har som motto: Å vera der, men ikkje synast. Det gode er omtrent å vera fluga på veggen, den skapningen som får med seg det meste, utan at andre merkar insektet. Og akkurat ei slik fluge på veggen skulle eg likt å vera, om eg fekk saman to heilt vanlege norske karar, no på veg mot å verta 70 år gamle. Den eine skulle vera ein av soldatane i Tysklandsbrigade 471, gjerne i 2. bataljon, Vestlandsbataljonen, og ein frå Tysklandsbrigade 522, den siste som drog heim etter teneste i Tyskland.

Mellom dei to ville det liggja 6 år med brigadeteneste i Tyskland, det ville vera 50 000 vernepliktige i mellom dei, og 4000 vestlendingar. Seks år er ei passe lang tid, dei som tok til i folkeskulen hausten 1947, var på god veg til å verta konfirmantar i 1953. Og dei som var knfirmantar i 1947, var no gjerne gifte med minst eitt born, for det var gjerne slik at når presten fekk gjort sitt, var første ungen nokre månader på veg alt.

Likevel var det mykje meir. Soldaten i bataljonen til oberst Løvlie i 1947 kom til eit eventyrland i Harz, som okkupasjonssoldat og halvvegs engelskmann i Yorkshire division. Han frå 1953 var alliert med den gamle fienden det var ein Nato-soldat som hadde gjort teneste på det farlegaste frontavsnittet i Europa – for vi skal hugsa på at då dei siste soldatane pakka saman for å reisa heim, var Stalin så vidt død, og den kalde krigen kunne verta brennheit kva dag som helst.

Eg ristar litt på hovudet når eg høyrer og ser alle som er sjokkert over at vi ikkje har soldatar att her i landet, fordi vi sender så mange til Bosnia, Kosovo og Afghanistan. Den gongen, mellom 1947 og 1953, sende vi ut omtrent heile hæren til Tyskland. Den gongen var det ikkje å stua soldatane saman i Herculesfly og få dei heim att på nokre timar, det tok vekesvis med lastebilar og gamle "Svalbard". Det var i den tida den sovjetiske dominansen i Europa var så stor at det var slik gamle admiral Skule Storheill gjerne sa det, at russarane kunne marsjera vestover så langt skosålane heldt. Likevel gjorde vi det, og det var ikkje mykje bråk og mas den gongen. Det kongen og forsvarsminister Jens Chr. Hauge meinte var best for Noreg, det godtok alle, for dei to visste best. I dag ser det ut til at vi har eit par millionar forsvarssjefar her i landet, og kvar av dei veit best korleis tinga skulle vera.


General Dwight D. Eisenhower inspiserer den norske sykkel/skieskadronen/Brig 511 ved ankomsten til Schleswig Land 21. mai 1951. Eisenhower uttalte om de norske dragoner at "soldatene så bra ut" Foto: FMU

No er det snart 50 år sidan den siste Tysklandssoldaten kom heim att, og dei fleste som bur her i landet er fødde sidan den tid. Dei veit mykje, desse unge, for dei har gått på skule nesten til dei var 30 år gamle. Men om dei veit mykje, så forstår dei lite, og dei har ikkje ide om kva etterkrigsåra eigentleg var for noko.

For nokre år sidan traff eg ein amerikansk pensjonist på heimtur til bygdene der forfedrane hans kom ifrå. Det var ikkje første gong han var i Noreg, fortalde han. Han hadde meldt seg frivillig til infanteriteneste i den amerikanske hæren under krigen, og hadde så å seia sprunge Europa på tvers frå Normandie til Praha. Så vart han verande i Europateneste til i 1946, og då innførde den amerikanske hæren ein ny regel: Alle soldatar som hadde familie i land som tidligare var okkupert av tyskarane, fekk permisjon for å besøka gamlelandet. Slik hadde det seg at denne soldaten steig av Vossatoget på Hjørnevik haldeplass, for der kom hans foreldre frå. Og då eg møtte han, fortalde han om inntrykket i ein kort setning: Alle gjekk i tresko, ingen av husa var malte, og alle var glade og fornøgde. Det gjorde inntrykk, for heime hadde dei fine sko og malte hus og bilar – og alle var misfornøgde.

Eg er fødd i 1938, og var dermed fersk skulegut den gongen. Eg hugsar regnsommaren i 1946, den iskalde vinteren 1947 og tørkesommaren og straumutkoplingane sommaren og hausten 1947. Det er sant at det stod ille til, folk mangla omtrent alt. Likevel var dei glade og fornøgde, og ikkje berre for at krigsåra var over og vi var herre i eige hus, men fordi det gjekk litt etter litt betre, litt meir å få på rasjoneringskorta, dei første og mest dristige stod med feisel og bor og tung trillebor og heldt på å laga seg tomt til nytt hus, som dei fekk lån til i Husbanken. Men elles var det meste forferdeleg. Voss og Ulvik var brent ned, skeive og utette brakker var det einaste som stod, Bergen var meir krigsøydelagt enn noko del av landet bortsett frå dei nedbrende bygdene i Finnmark og Nord-Troms.

Det var likevel mykje verre, for åra mellom dei to krigane var langt på veg bortkasta år, arbeidsløyse og fattigdom gjorde at svært lite var nybygd, og det som ikkje var øydelagt, var nedslite utover alt det vi kan forestilla oss i dag. I krigstida var endå mykje meir vorte borte, og kva i all verda skulle folk leva av når alle maskinar i jordbruket var ubrukande, alle fiskebåtar ferdige til å søkkja og all industri utan maskinar? På Bergensbana greidde dei å skrapa saman til eit dagtog i kvar retning annankvar dag, på Vossebana pusta og pesa det så det så vidt heldt til eit morgontog og eit ettermiddagstog, som gjerne tok tre-fire timar frå Bergen til Voss? Vegane var så vidt køyrande, og bussar kunne ein ikkje tenkja på, for dei var ikkje å få tak i, i beste fall kunne ein setja trebenkar på lastebilane og han ein presenning over – og der sat folk og spydde når dei rista i svingane.

Dersom vi den gongen hadde hatt dyre og kloke konsulentar, som vi har i dag, hadde vi fått vita at det ikkje kunne nytta å atterreisa dette landet. Det var rett og slett umogeleg. Trøysta var at vi ikkje hadde dyre og kloke konsulentar den gongen, så vi sette i gang med det som altså ikkje kunne gjerast.

Det einaste vi hadde nok av den gongen, var hatet mot tyskarane. Eg seier tyskarane, og ikkje nazistane, for den gongen skilde ein ikkje mellom gode og dårlege tyskarane, alle var feite og bråkande og umogelege, i alle fall alle dei som hadde bore uniform, og på slutten av krigen var det omtrent alle tyskarar. Nazistane var ikkje til å tenkja på, folk meinte at dei hadde skjemt seg ut for livet, anten dei var norske eller tyske. Dess mindre ein såg til dei, dess betre. Eg har hatt høve til å kikka ein del på avisreferata frå rettssakene mot krigsforbrytarar og nazistar, og har også gjennomgått ein del av mappene på Riksarkivet frå landssviksaker. Der var det ikkje tvil: Alt som var skeivt og gale, var det desse menneska som personleg hadde skulda for. Personleg og heilt og fullt – og det var ingen som brydde seg om innvikla rettssaker med store flokkar av juristar for å forsvara dei som var klaga. Eg tenkjer litt på det, når saka mot Quisling i 1945 tok 14 dagar, mens ei sak om ein rådmann i Bergen tok eit halvt år i to rettsinstansar – og enda med frifinning. Denne svart-kvitt haldninga fann du på heile skalaen politisk, frå høgre til det ytterste Venstre – det var faktisk vår gode Troll-teiknar Arne Taraldsen som i sine teikningar i kommunistbladet "Friheten" klarast fortalde kva kjeltringar alle tyskarar og alle nazistar var – og litt seinare også amerikanarar og britar og heile NATO.

Men så kjem eg til eit anna poeng: I 1946 og 1947 heldt vi ungane basar og sende kronene inn til Ønskekonserten i radioen. Det var ikkje Radiogavefondet som først skulle ha pengane, det var Europahjelpen, altså naudhjelp til dei millionane som levde på grensa mellom liv og død i ruinbyane på kontinentet. Og dei fleste av desse var i Tyskland og var tyskarar. Opp til 11 millionar flyktningar rak rundt i Tyskland på den tida, og ein stor del av dei var barn. Det var til og med eigne songar som appellerte til hjelp, og det kom inn millionar på millionar – altså til dei gamle fiendane. Det hadde altså teke berre eit drygt år før hatet var dempa så mykje at det var råd å samla inn til hjelp. Ikkje så mykje seinare kom dei første tyske sommarborna rundt på bygdene, utmagra og sjuke ungar som fekk eit par gode månader i det fredelege Noreg før dei drog heim att til ruinane sine.

Og så kom den første Tysklandsbrigaden. Forsvarsminister Jens Chr. Hauge hadde rett nok skrive i det vesle heftet som alle soldatar fekk med seg, at dei skulle ikkje reisa til Tyskland for å tukta fienden, deira oppgåve var å skapa orden i kaos og leggja grunnen for ein fred som kunne vara. Likevel var det knapt nokon som ikkje visste at dei skulle okkupera, dei skulle ikkje ha noko med tyskarane å gjera – fraternisering heitte det og var forbode på kryss og tvers – dei skulle gje ordre og tyskarane skulle lyda. Eg trur ikkje det var mange soldatar på Ulven som var usamde i det, dei hadde krigen i friskt minne og visste litt om ordre og lydnad den gongen tyskarane marsjerte i gatene og på vegane.

Det er no eg gjerne ville høyrt på soldaten i Brigade 471. På veg sørover mot Harz i iskulde køyrer dei gjennom Hannover, truleg den verst øydelagte av alle tyske byar. Dei ser dei trøysteslause toga av heimlause flyktningar, dei har ungane omkring seg heile tida, tiggande, utmagra, tuberkuelosesjuke – stelande. Og kanskje tenkjer dei sitt, når dei får skikk på dei store kasernane i Northeim og Høxter og Goslar og Gøttingen, mens flyktningane prøver å finna ly for den iskalde vinden utanfor. Det eg er sikker på, er at desse unggutane ikkje lenge greier å sjå desse forhutla menneska som fiendar som ein skal kjempa mot. Det er rett og slett for trist og ynkeleg til å føra krig mot.

Det er ein og annan som alt i den første brigaden synest det er meiningslaust at nordmennene skal isolera seg i ein engelsk divisjon. Det er Ragnar Ulstein, Lingeoffiseren som er velferdsoffiser i den første brigaden. Han skriv til sin ven Hauge at tvert om bør nordmenn hjelpa der dei kan, ikkje minst gje støtte til dei få antinazistane som no sit som ordførarar rundt om, forakta av dei allierte og hata av tyskarane som meiner dei er feite lakeiar for endå feitare amerikanarar. Men dei er demokratar, dei få som finst i dette landet.

Tida i Harz var ikkje så lenge, det er kanskje folk her som var i Brigade 482, då Vestlandsbataljonen var kommandert av den gamle Lingemannen Reidar Kvinge, som nett har fylt 90 år, brigaden som flytte nordover til Schleswig-Holstein. For alt no var verda ei anna. Det var no Stalin hadde stengt Berlin inne, etter at Polen, Ungarn, Romania, Bulgaria og sist Tsjekkoslovakia var underkua og gjort til russiske koloniar. Eg veit sjølvsagt kvifor den norske brigaden vart sendt nordover, det var for å sleppa danskane som var mest opptekne av å vinna tilbake tapt land, men realiteten vart likevel ein annan: Saman med britane i Hannover var nordmennene omtrent alt som fantest av vestlege militærstyrkar tett opp til sonegrensa der russarane stod med millionarmeane sine.

Dei som er unge eller mellomgamle i dag, kan sikkert ikkje skjøna kor kritisk det var i denne tida. Det var eitt år før Nato vart skipa, amerikanarane var mest opptekne av å koma seg heim att til velstanden sin, og dei store vestlege maktene var i eitt og alt makteslause, utarma av krigen og rivne sunde av indre strid. Og mens russarane tvinga Finland under kontroll, var vi altså praktisk talt utan landforsvar i heimlandet. Det er rett og slett utruleg at vi likevel heldt ut i det tyske flatlandet. Eg trur vi har lov til å vera stolte av det, og kanskje minna om det i den debatten som vert ført i dag. Det kan nemleg henda at det var rett i 1948, at den beste måten å forsvara heimlandet på, var å møta faren der han var størst. Sjølvsagt er det ikkje umogeleg at ein del i brigaden søkte seg heimover, fordi dei forstod kor farleg det var i Tyskland, men mange kan det ikkje vore.

Vi har snakka om brigaden i Tyskland. Men så kjem den viktigaste brigadeinnsatsen, slik eg ser det: Det som hende når soldatane kom heim att, dei første sommaren 1947, så 3000 mann kvart einaste halvår utover. Desse gutane hadde ting å fortelja, og det var mange som ville høyra på dei, for enno var bygdene våre så innestengte at folk gjerne møtte opp på stasjonen når nokon heimanfrå hadde vore i Bergen, eller endå meir, når folk som hadde vore til sjøs kom heim att på ferie. Eg er temmeleg sikker på at Tysklandsgutane fortalde om det dei hadde sett, og at dei ikkje hadde opplevd tyske generalar eller stornazistar, men desto fleire forhutla gamlingar, born og kvinner, og eg trur at det var mykje av forklaringa på kvifor tyskarhatet så raskt vart borte at Oswald Kristiansen på ungdomsherberget på Mjølfjell aldri hadde problem med dei unge tyskarane som kom dit og møtte ungdom frå andre land. Eg seier ikkje at folk kom til å lika tyskarane, for det skal mykje til, men dei slutta i alle fall å vera redde for dei, og det er ikkje så lite.

Vi nemnde dei tyske kvinnene. I dag er det moro å lesa om all den norske heimemoralismen som tysklandssoldatane fekk merka. Ein ven av meg, seinare ordførar Eilert Eilertsen, var lege i den første Tysklandsbrigaden, og det var han som skreiv til forsvarsministeren og bad han senda nedover tusenvis av kondomar. Eilertsen visste at ikkje noko fraterniseringsforbod kunne hindra friske norske gutar i å finna seg venninner i Tyskland, naturen er sterkare enn reglementet, som kjent. Endå meir morosamt var dette med at ein ikkje ville risikera sedløyse ved at unge norske kvinnesoldatar fekk gjera teneste i Brigaden, det var då vi fekk dette med Modne Kvinner, eller MK-ar, som dei vart kalla. Soldatane var ikkje i tvil: La oss få unge tyske gjenter i kantinane, vi treng ikkje modne norske –kantinedamer! sa dei. I dag er det moro å lesa om underskriftsaksjonane og debattane i Stortinget, men den gongen var det masse alvor i det. Omsorga for unggutane var så stor at Stortinget vedtok at seksuallivet ikkje fantest i Tysklandsbrigaden, og då var det vel slik. Men no som alle snakkar om krigsborna her i landet, kan eg ikkje la vera å fundera litt over kor mange små nordmenn der vart i Tyskland etter dei 50 000 kjekke karane som drog nedover. I alle fall kjenner eg trivelege nordmenn som i dag stolt fortel om barnebarnet sitt i Tyskland, og har eit godt tilhøve til dei. Tida gjer så mykje.

Militært var sjølvsagt tida med Tysklandsbrigadane sjølve førsetnaden for at vi har hatt eit effektivt landforsvar i alle år seinare. Ikkje berre fekk denne brigaden høve til å øva seg i store forband, divisjon eller kanskje armekorps saman med engelskmennene, dei fekk godt utstyr og rikeleg med britisk ammunisjon å øva seg med, mykje meir enn vi kunne hatt råd til heime. Men vi hadde noko som var endå viktigare: Vi kunne kombinera unge vernepliktige med befal som hadde full krigsrøynsle, men som ikkje isolerte seg i offisersmessene. Når ein ser på namnelistene for det befalet som kommanderte brigaden og bataljonane, er det norsk krigshistorie på sitt beste. Eg sjølv hadde førstegongstenesta i Marinen nokre år etter at den siste Tysklandsbrigaden var heimkomen, og eg hugsar godt kor vi beundra dei gamle Englandsoffiserane og kvartermeistrane, som nok hadde låg grad og gjerne var i teneste på korte kontraktar – og vi hadde høyrt kva dei hadde vore med på under krigen. Eg trur ikkje at alle offiserar og sersjantar i brigaden var noko å hengja på juletreet, men det var alltid ein del som dei unge kunne sjå opp til og ha respekt for. Eg trur rett og slett at dei vernepliktige i brigadane fekk den beste militærutdanninga som nokon vernepliktige har hatt i vårt forsvar, både før og etter.

Eg har vel snakka mest om soldaten frå dei tidlege brigadane. Men hovudpeoenget mitt ligg vel like mykje i det siste; den siste tysklandssoldat. For desse åra var mirakelåra, både heime og ute. Då eg var konfirmasjonsgamal i 1952, fekk vi framleis ekstrakort for sukker og kaffi, men snart var den siste rasjoneringa borte, folk bygde hus i kvar grend, drabantbyane kom i alle delar av landet, industrien har aldri vore så stor og allsidig, handelsflåten dominerte alle hav, og alle som ville, kunne få seg arbeid. Tyskland var sjølve mirakellandet: Ludwig Erhardt gjennomførte den store saneringa som sette alle hjul i gang, og dei ruinbyane som vi høyrde aldri kunne atterreisast rett og slett fordi ein ikkje ville greia å rydda opp i dei himmelhøge haugane av samanraste bygningar, var i stor grad bygde opp att, tysk industri kom så på fote at dei gjekk forbi både engelskmenn og franskmenn, og det vestlege Tyskland var nokså udramatisk vorte eit vestleg demokrati, på ingen måte perfekt, men likevel slik at det fungerte like godt som i andre europeiske land. Og vi såg konturane av det som nokre få år seinare vart til Fellesmarknaden og litt etter litt til den europeiske union som om nokre få år vil strekkja seg frå Atlanterhavet til den russiske grensa, frå Finland til dei siste greske øyane i Middelhavet. Til og med Amerika fekk problem med å konkurrera med det nye Europa.

I 1953 var mykje av dette ein realitet, og så kom den hendinga som meir enn noko skapte om Europa: Stalin døydde, og etterfylgjarane hans greidde aldri å halda saman imperiet slik Stalin hadde gjort. Det kom sjølvsagt mykje vondt i åra som fylgde, det som hende i Polen, Ungarn og Tsjekkoslovakia, og i Hellas då oberstane der skapte sitt bandittstyre, men likevel gjekk utviklinga i all hovudsak i rett retning.

Det er dette miraklet dei to soldatane kunne fortalt meg om, berre ved å fortelja om korleis dei opplevde brigadetida si, med seks små år i mellom. Og då kan vi kanskje koma fram til spørsmålet: Korleis hadde det vore dersom vi IKKJE hadde hatt Tysklandsbrigaden, om vi i 1946 og 1947 hadde sendt brev til engelskmennene der vi sa oss leie for at vi korkje økonomisk, mannskapsmessig eller militært var i stand til å hjelpa til med okkupasjonen av Tyskland, at vi måtte konsentrera oss om eigne avdelingar og eigne leirar, slik vi gjorde i tida fram til krigen kom til oss i 1940, og vi stort sett ikkje visste kva vi skulle gjera med det.

Det er slikt ein berre kan gjetta på. Men eit Noreg utan Tysklandsbrigaden ville vore eit isolert Noreg, der vi nok ville minnast krig og okkupasjon, men der vi ikkje ville vita noko om kva som eigentleg hende i det gamle fiendelandet. Vi hadde mange modige krigarar her i landet som heldt fram med krigen mot Tyskland i ti eller tjue år etter krigen, endå dei visste betre. Men utan Tysklandsbrigadane hadde desse krigarane vore i fleirtal. Det er ei god gamal sanning at det å vinna krigen berre er halve jobben, å vinna freden etterpå er langt viktigare. Så kanskje tysklandssoldatane vart våre beste fredskjemparar?