Prolog til haustfest av Lars Jordal
Tilegna Tysklandsbrigadanes haustfest på Bømoen
Voss 10.oktober 2003.


Me atter er samla til feststemt lag,
med humør og finstas av beste slag.
Ein slik fest tradisjon er, no ved haustarbel
det samhaldet styrkjer, for kropp og sjel.

Spesielt ho Marit eg her vil nemna gjera,
som reiste over fjellet, med oss saman ville vera.
Få damebesøk, kviknar opp veteranar,
interesant er å høyra om forsvarsplanar.

Me som opplevde krigen, ei stor oppgåve har,
fortelja yngre slektar, korleis det i Norge var.
Då landet vart sundknust, av vold og terrorisme,
fem lange år med diktatur og nasisme.

Kjempa for våre kjære, styra undan krigens fårar,
det motto må me ha, så lenge det renn blod i våre årar.
Det ynskje me har, at det for Norge må gå vel,
at landet aldri meir blir nedtrakka, av jerskodd hel.

At dei som kjem etter oss, over landegrenser knytar band.
for Demokrati og venskap, arbeider hand i hand.
Ver på vakt, hugs at nyansismen enno gror,
som mot ugras det må kjempast, ryddast vekk frå moder jord.

Men i kveld vil me hyggja oss, som det seg sømer,
om naturi ute bleiknar, vesle blomen ikkje blømer.
Leva saman for det gode, bruka sundt folkevet,
summen og løna blir då Solidaritet.

Tilbake