Gjengitt etter løyve frå avisa "Hordaland" 9. mai 2006:

8. mai utan trugande skyer

Sjeldan har vel 8. mai vorte markert på ein varmare dag enn i 2006 – der det symbolsk nok var blå himmel og ingen trugande skyer i horisonten.

— Me lever i eit land der me har fred og fridom, og i dag er det ingen trugande skyer på horisonten, bokstavleg tala. Men fridomen er ikkje nokon sjølvsagd ting, åtvara sorenskrivar Lidvard Faaberg då han la ned krans ved minnemarkeringa på Bømoen tidleg måndag føremiddag.
Også ved minnesmerket i Prestegardsmoen var det kransnedlegging. Der var det Einar Rekve som mintest dei som miste livet under krigshandlingane.

Gav livet

8. mai er ein dag med spesiell klang, iallfall for dei eldre i samfunnet. Til markeringa på Bømoen hadde ein god del av den eldre generasjonen møtt fram, medan noko færre var til stades i Prestegardsmoen.
8. mai er ein dag for både sorg og glede, og sorenskrivar Faaberg poengterte at mange av dei beste ungdommane i landet gav livet sitt i kampen for fridomen.

Tynnest ut i rekkjene

I sin tale var sorenskrivar Lidvard Faaberg oppteken av at det byrjar å tynnast ut i rekkjene mellom dei som deltok i krigen. Det er færre og færre som minnest noko frå krigstida.
— Ein stadig større del av det norske folket har berre opplevd fred og fridom. Det er me sjølvsagt glade for. Men det er også lett for å ta freden for noko sjølvsagt, og å gløyma at me må arbeida for å halda på desse grunnleggjande menneskerettane, sa Faaberg.
Ved bautaen i Prestegardsmoen tok Einar Rekve dei frammøtte med på ein interessant historisk gjennomgang av hendingar frå krigs- og fredstida.

«Ei ukontrollert glede»

Om 8. mai er ein dag for å minnast dei falne, er det også ein dag for å minnast den laussluppne gleda som «ramma» nasjonen den gongen for 61 år sidan. Hendingar frå fredsdagane i 1945 sit som spikra i minnet til dei som opplevde den glade tida.
— Det starta alt om kvelden 7. mai. Det var det reinaste ville vesten. Folk oppførte seg heilt vilt, fortel Kjell Skjerven, ein av dei som fylgde markeringa på Bømoen.
Han var 12 år den gongen, men bileta sit i minnet som var det i går.
– Du må nesten ha opplevd det for å skjøna det. Det var ei ukontrollert glede, og folk oppførte seg usivilisert – i ei positiv tyding, minnest Skjerven.
Felles for dei to markeringane 61 år etterpå, var at det stort sett var folk frå den eldre generasjonen som deltok. Av yngre folk som rusla forbi under markeringa i Prestegardsmoen, var det ingen som stogga, på ein dag der det varme vårveret pressa kvikksølvet i gradestokken over 20-talet.



I DJUP RESPEKT: — Det tynnest ut i rekkjene mellom dei som minnest krigen, sa Lidvard Faaberg som ærbødig la ned krans for dei som gav livet under andre verdskrigen.

GEIR GEITLE | tekst SJUR HERRE | foto


Kransepålegging ved minnesmerke over dei falne
1940-1945

Voss, 8.mai 2006 ved Einar Rekve

 

Dei som var unge i 1940 og som enno lever, har sterke minner om krigen, bombinga og okkupasjonen.

I dagane etter den 9. april vart Vestlandsbrigaden mobilisert på Voss. Soldatane vart innkvarterte i forsamlingshus og på mange gardar i bygda, før dei drog til fronten. Me hadde slekt og kjenningar mellom dei. Det var vemodig å sjå dei  fara.Tyske bombefly la Vangen i grus, og bomba også ute i bygda. Liv gjekk tapt, m.  a. ein heil huslyd på garden Rykkje

17.mai var det inga feiring. Eg arbeidde ute på åkeren. Mange tyske bombefly for nordover. Eg undrast kva som no skulle øyast.

Nord-Noreg var enno fritt, og derifrå vart opplese i radioen Nordahl Grieg sitt dikt: 17.mai 1940:

 

” I dag står flaggstangen naken blant Eidsvolls grønnende trær -

 

 Nordahl Grieg skriv vidare i dette diktet:

 

” Langsomt ble landet vårt eget med grøde av hav og jord,

 og slitet skapte en ømhet, og svakhet for liv som gror.

 Vi fulgte ikke med tiden, vi bygde på fred, som i tross, ”

 

Me hadde hatt fred i landet sidan fyrst på 1800-talet, og deler av landet var hersette over natta.

Dei norske styrkane laut trekkja seg attende for den tyske krigsmakta som herja fram med støtte frå flya sine. Men Konge og regjering og nordmenn på sjø og land heldt fram kampen frå utlandet, saman med allierte.

Nordahl Grieg seier det slik:                                                             

 

”Nå slåss vi for rett til å puste, vi vet det må demre en dag

 da nordmenn forenes i samme befriede åndedrag.”

 

Me fekk att den etterlengta fridomen  8.mai 1945. Heimefronten stod fram og overtok vakthaldet, og sende ut denne meldinga:                      

 

”Vår kamp er kronet med seier. Våre sinn er fylt av glede. Fienden har kapitulert. La oss bevare ro, verdighet og disiplin. Krigens oppgaver er løst. Fredens oppgaver venter. Gud signe vårt dyre fedreland!”           
På Voss var det då 7000 tyske soldatar og personell frå Gestapo. 17.mai vart feira som aldri før! Heimefrontstryrkane, festkledde born, unge og eldre, gjekk i toget saman med frigjevne russiske krigsfangar frå fangeleiren på Tvildemoen. Desse krigsfangane hadde lide vondt. Kanskje var nokon av dei berga grunna mat som serleg borna hadde smite til dei. Men sume av dei låg att under jorda ved fangeleiren.

Dei fekk seinare grav og minnestein på kyrkjegarden her.

Noko ufrivillig var ein væpna tysk soldat midt inne i folkevrimmelen. Han var nok på veg til vaktskifte til det tyske matvarelageret. Tyskarane hadde rett til kontroll over eigen matforsyning. Vossingane bevarte ro og disiplin slik heimefronten hadde sagt. Men den tyske soldaten var ille til mote, og han fekk nok noko å fortelja då han kom heimatt.

Dei norske politistyrkane som var oppsette i Sverige, og engelske troppar kom og slutta seg til heimefrontstyrkane. Tyskarane vart avvepna og sende heim framover sommaren 1945.

 

Tysklandsbrigaden vart etablert. Norske ungdomar med norsk leiding var i fleire år stasjonerte i Tyskland i lag med allierte for å tryggja freden i spenninga mellom aust og vest.

Den freden som var så dyrekjøpt:

Millionar av liv som vart øydde.

Materielle verdiar som vart øydelagde.

Landet vårt og bygda vår vart heller ikkje spara.

 

Dette minnesmerket er reist til minne om dei som miste livet i desse tunge krigsåra,
Med takk og vyrdnad skal eg få leggja ned blomar.

Me vil heidra deira minne!

Tilbake