Fred og framgang i 60 år.

- I 60 år har me hatt fred og framgang. At me nokon gong skulle få det slik her i landet, som me har det i dag, var heilt utenkjeleg under krigen.

Det fastslo Torbjørn Seim, då han på frigjeringsdagen 8. mai heldt tale i Prestegardsmoen - ved minnesmerket for vossingar som fall i striden mot okkupasjonsmakta 1940-45.

Prest og motstandsmann

- Me kan vera usamde om mykje her i landet. Men at me har fått det mykje betre med åra, det trur eg alle lyt vera samde om. Så me har mykje å vera takksam for, på ein dag som denne.

Seim stogga elles særleg med kyrkja sitt engasjement i okkupasjonsåra, og fortalde om den uredde vossapresten Peter Madland, som gjennom heile krigen tala herrefolket mitt imot. - Eit standpunktet som nær hadde kosta han livet. Og då krigen var slutt, og heimefronten sine menn steig fram, var Madland med i spissen for desse. I feltprestuniform!

Heidra kyrkja

Det var Tysklandsbrigaden si veteranforeining som hadde ansvaret for markeringa ved minnesmerket i Prestegardsmoen.

Leiaren her, Aage Henning Stavenes, var også spesielt oppteken av kyrkja sin motstandkamp. - Madland hadde visstnok sin eigen radio gøymt ein stad i kyrkja. Med den mottok han både nytt frå London og hemmelege meldingar frå heimefronten. Stavenes nemnde også presten Olav Fjose sin innsats som motstandsmann.

Til sist under seremonien overrekte Stavenes også ein diplom til kyrkja på Voss, ved kyrkjetenar Arne Mosefinn, som ein synleg takk for innsatsen i fem tunge år.

Markeringa i Prestegardsmoen vart elles vakkert krydra av musikk - både frå Gutemusikken anno 1947 og frå ungdomskoret Refleks.

Kransing på Bømoen

Også på Bømoen vart 60-års dagen for krigsslutt markert med tale og kransing. Trass i tidleg sundagsmorgon hadde imponerande mange funne vegen dit - minst hundre - for å høyra varaordførar Kjellaug Ekse Brekkhus sin tale for dagen.

Framfor minnesmerket over dei falne frå Fjordane Regiment, slo ho fast at dei fleste bygder hadde ytt sine offer i kampen mot dei tyske okkupantane. - Unge menn som gav det dyraste dei hadde, slo ho nøkternt fast.

- Bautaen her vart avduka 15. august 1948, etter omfattande kronerulling og opprop i lokalpressa. Totalt kom det inn 35.000 kroner.

Ho nemnde også Røde Kors sin innsats under krigshandlingar spesielt, og rett ein takk til alle dei som under vanskelege tilhøve tek hand om ofra krigen skaper.

ROLF TEPSTAD, avisa "Hordaland" | tekst og foto


Kransepålegging på minnesmerket  i Prestegardsmoen 8. mai 2005

v/Torbjørn Seim.

Gode vener! 
Me er samla for å minnast. Året 2005 er eit einaste stort minneår – 100 år for unionsoppløysinga  og 50 år for frigjeringa. Her og no er det frigjeringa for 60 år sidan og dei som fall i fridomskampen me vil minnast. Me som hugsar og opplevde 1945 vert stadig færre – og nye slekter har ikkje det same nære tilhøvet til desse hendingane som me. Difor trengst ei påminning. Folket vårt sto samla i fridomskampen. På ein konfirmasjonssundag som i dag er det naturleg å minna kyrkja sin kamp mot framandvelde – og nemner serskild Peter Madland som ein frittalande og uredd prest. Det haldt på å kosta han dyrt. Men då heimestyrkane kom fram i ljoset i maidagane hadde Madland feltprestuniform.

Me har opplevd krigstid og motgang, men også all vokster og framgang i åra seinare. I dag har me mykje å gleda oss over og mykje å vera takksame for. Lat oss hugsa på det ein slik dag. 

I takksam og vyrdnad legg eg desse blomane ved minnesteinen.



Tilbake