Markering av 8. mai 2002 på Voss.

Kransing av minnesmerke i Prestegardsmoen over dei falne i krigen 1940 - 1945

8. mai for 57 år sidan var ein jubeldag av dei sjeldne, både her på Voss og i landet elles. Etter 5 lange år med tysk okkupasjon var landet endeleg fritt. Dei som er gamle nok hugsar bombedagane på Vangen og i bygda i april 1940. På Vangen vart 82 hus bomba. Vi hugsar og andre grufulle hendingar. Kvar har sine dystre minne.

8. mai 1945 var det som vi atter kunne puste fritt. Alt om kvelden 7. mai då det var klart at dei tyske styrkane hadde kapitulert, var Vangsgata tettpakka av jublande menneske som let gleda få fritt spelerom. På Vangen var det mange brakker. I yr glede kleiv mange opp på taket og jubla. Du for ei oppleving!!

8. mai vart frigjeringsdag og offisiell flaggdag ! Men ikkje alle fekk oppleva gleda og jubelen. Minnesmerket her fortel om vossingar som let livet i krigen 1940-45. Dei gav det dyraste dei hadde! Diktaren seier det slik: "De kjempet, de falt, de gav oss alt". Sume fall i kamp. 2 vossingar fall i Valdres. Andre vart arrestert for illegalt arbeid og fekk ei ublid framtid. Sume kom ikkje att frå konsentrasjonsleirar i Tyskland. Andre let livet på sjøen. Fleire vart drepne av tyske bomber.

Dei gav alt! Kvifor? Nordahl Grieg seier det slik: "I dag står flaggstangen naken blant Eidsvolls grønnende trær. Men nettopp i denne timen vet vi hvad frihet er! "Dei ofra alt på fridomen sitt altar. Det må vi aldri gløyma!

Dei kreftene som dei falne gav livet for å kjempa mot lever diverre framleis, også i vårt land. De som veks opp i dag: Lån ikkje øyra til dei!

Det er ei stor ære for Tysklandsbrigadanes si veteranforeining å ha fått ansvaret for kransing av dette minnesmerket. I djup vyrdnad legg eg ned denne kransen!

Arnfinn Brekke

Tilbake