Vi skulle ikkje gløyma redslene i nazi-leirane

15.april 2005 var det 60 år sidan britiske tropper kom til Bergen-Belsen – den illgjetne konsentrasjonsleiren  på Lűneburger heden.

Det var to og ein halv månad etter at russiske soldatar var komne til Auschwitz og hadde avdekka redslene i denne dødsmaskinen.

Me skulle ikkje gløyma dei nazistiske utryddingsleirane – det var mange slike konsentrasjonsleirar, utanom Auschwitz og Bergen-Belsen.

Bodskapen er at det må ikkje gløymast kva  nazisme og herrefolkmentalitet kan føra til.

Britane sytte for ein grundig dokumentasjon av kva dei fann i Bergen-Belsen – det er ein gruvekkjande dokumentasjon med film og bilete om tilhøva i denne eine konsentrasjonsleiren. Det er sterk kost.

Bergen-Belsen var opphaveleg ein øvingsplass for die Wehrmacht , bygd i 1936 som ein lekk i den tyske opprustinga. Frå 1941 vart leiren nytta til russiske krigsfangar og dette året kom det 21.000 fangne russarar dit. Det oppstod alvorlege sjukdomar og våren 1942 var ikkje mindre enn 13.500 krigsfangar døde. Og talet berre steig.

I 1943 tok SS over ein stor del av området til konsentrasjonsleir for jødar og andre ”untermenschen”. Dei kalte det  ”Aufenhaltslager” (opphaldsleir) for å omgå  reglane i Genferkonvensjonen om at  sivilinterneringsleirar skulle inspiserast av Raudekrossen.

Ein av de meir enn 15.000 fangane i leiren i desember 1944 var hollandske 15-årige Anne Frank. Ho døde av tyfus i mars 1945, berre nokre veker før britane kom til leiren.

På slutten av 1944 vart fleire titusen fangar frå frontnære område ”evakuert” vestover, og mange av dei gjekk til grunne under hard marsj til fots – dei som ikkje makta å følgja med vart skotne. Etterkvart som amerikanarar og britar rykte fram frå vest, vart endå fleire fangar flytta på – dels til fots og dels med jernbane.  Målet for mange av transportane var Bergen-Belsen . Tilhøva i leiren vart katastrofale  - ”das Inferno von Bergen-Belsen”. I april 1945 øydela SS  alle registreringar av fangar, men det er på det reine at tala var store. Då britane overtok leiren var det kring 45.000 menneske i hovudleiren og 15.000 i det tidlegare kaserneområdet – mange var døde.

Tilhøva i konsentrasjonsleiren var så ille at også Wehrmacht-offiserar reagerte og det vart inngått ein lokal våpenstillstand slik at britane kunne koma til med hjelp. Samstundes rasa kampane fortsatt i området rundt leiren.

I eit intervju i i 1995 i den engelsk avisa  Darlington & Stockton Times fortel  Frank Chapman  frå Royal Engineers om kva som hende då han kom til Bergen-Belsen den 15. april 1945.  Han  var på vakttjeneste i Nordvesttyskland då han fekk ordre om å melda seg i Bergen-Belsen som var like i nærleiken, for å vera med på opprydningsarbeid.  Frank Chapman, som fylte 21 år medan han var i Belsen, fekk i oppdrag å føra ein bulldozar.

Han fortel at tusenvis i leiren var døde eller døyande. Mange leid av tyfus, tuberkulose og magesjukdomar, og fåren for kolerautbrot var overhengjande. Forsyninga av vatn og straum hadde svikta, og der var lite og inkje av mat.

Dødstala var  enorme og  det vart nødvendig å nytta ein bulldozer  for å  få dei mange døde i massegraver så snøgt som råd var. Frank Chapman  fortel korleis  han nytta bulldozaren for å få tusenvis av ofra i massegraver – med frå 800 til 8.000 i kvar massegrav.

I same avisa fortel  John West  som var sersjant om sine inntrykk då kompaniet hans kom til Bergen-Belsen om morgonen 15.april 1945. Eitt av oppdraga hans var å  dokumentera  tilhøva i leiren med foto. I dei neste 16 vekene var han med på arbeidet med å samla  dei døde og å transportera dei levande til betre tilhøve i sjukehus eller transittleirar.

Jamvel om britane gjorde alt dei kunne for å hjelpa, var det ytterlegare 14.000 fangar som døydde  dei neste par månadane.

Det er viktig for nye generasjonar å halda vedlike kunnskapen om  dei vanskelege åra i europeisk historie – som eit vern mot  ekstreme grupper  av meir eller mindre nazistisk opphav. Redslene i Bergen Belsen og andre liknande leirar må ikkje gløymast.

 

NTS  6.2.05


krigen er teke mai 1945 av E. Hagen. Ein av mennene ovanfor er Styrkår H

Slik gjorde dei i 1945.

Nazi-effektar og emblem av ulike slag vart samla på jonsokbål på Voss i 1945. Jubelen var stor då flammane tok tak. Vi trudde at vi var kvitt nazi-sjukdomen for godt. Eller ?