Artikkel frå avisa Hordaland 2. juni 2005:

Til Orknøyane med helsing frå Voss

Til helga reiser ein delegasjon veteranar frå Tysklandsbrigaden til Orknøyane - for å møta lokale veteranar frå same oppdrag.

GÅVA FRÅ VOSS: Tysklands-veteranane Aage Henning Stavenes (t.v.) og Rolf J. Helgesen får her overrekt Voss kommune si gåve av ordførar Bjørn Christensen.

Alt i alt reiser ein delegasjon på 35 personar frå veteranforeininga på Voss over Nordsjøen. Måndag var to av dei på ordføraren sitt kontor. Der fekk dei overrekt ein løpar dei skal ha med seg, som offisiell gåve frå Voss kommune.

Gåva skal overrekkjast av Nils T. Selvik, tidlegare fylkesrådmann i Hordaland, som er leiar for delegasjonen. Hordaland og Orknøyane har elles vore venskapsfylke like sidan sommaren 1983.

- 7. juni skal det vera ei større markering i hovudstaden Kirkwall, med feiring i St. Magnus-katedralen. Etterpå vert det «garden party» i nokre slottsruinar like ved, opplyser Aage Henning Stavenes. Fleire hundre personar skal vera med der.

Turen til Orknøyane byr elles på eit tett program, der delegasjonen frå Noreg skal rundt og kikka på mykje ulikt av det øyriket har å tilby. Alt frå «standing stones» til whisky‑destilleri. Orknøyane si militærhistorie vil likevel ha ein særleg plass i programmet.

- Sjølve overrekkinga av gåva frå Voss skal finna stad onsdag 8. juni, opplyser Stavenes. Også då vert det hageselskap!

Stavenes understrekar at det var i den britiske sona dei norske styrkane tenestegjorde som okkupasjonssoldatar i åra frå 1947 til 1953. - Me hjelpte dei britiske styrkane. Det er såleis nære band mellom oss og det britiske forsvaret.

Med løparen frå Voss vil det også fylgja eit personleg brev frå ordførar Bjørn Christensen. I dette peikar også han på dei historiske ban­da, og opplyser dessutan at gåva er eit stykke lokalt handverk - utført i eit tradisjonelt mønster.

Tekst : ROLF TEPSTAD, avisa “Hordaland. Foto: SJUR HERRE.